OVERBEVIST: Administrerende direktør i Opel, Thomas Neumann i Opel, under Zero konferansen som går i Oslo i disse dager. Neumann sier at utviklingen for elbiler i Norge har overbevis Opel om å satse elektrisk. Foto: Øystein Runde 
OVERBEVIST: Administrerende direktør i Opel, Thomas Neumann i Opel, under Zero konferansen som går i Oslo i disse dager. Neumann sier at utviklingen for elbiler i Norge har overbevis Opel om å satse elektrisk. Foto: Øystein Runde Vis mer

Opel-topp om ny elbilsatsing: - Norge overbeviste oss

Som elbil-støttende oljenasjon er Norge i den paradoksale situasjon at vi fasiliterer teknologien som vil bli brukt til å gjøre selve nasjonalproduktet vårt, olja, overflødig. 

Meninger

Når dr. Karl-Thomas Neumann, CEO i Opel, seier at Norge «overbeviste» Opel om at det gjekk an å satse på ein elektrisk bil, forstår vi då at vi har grunn til å vere stolte over landet vårt?

Det seier Erik Lorentzen, fagrådgivar i norsk elbilforening. Framfor ein full sal i Folketeateret har Neumann vist korleis Opel sin Ampea-E skal pulverisere elbilar i si klasse når den kjem neste år. Nissan Leaf har ei rekkevidde på 250 kilometer på ei lading - Ampera-E skal doble dette, 500 kilometer mellom kvar lading, Og det til ein pris på 300 000 kroner.

Lorentzen meiner det ikkje er hype når Neumann nevner Noreg som ein inspirasjon. «Då eg slutta i Veivesenet for å jobbe i Norsk Elbilforening, tenkte eg det skulle bli, om ikkje lett, så i alle fall roligare. I staden har vi konstant pågang av folk frå heile verda som vil snakke med oss. Tyske bilfabrikantar flyr over med privatfly for å snakke i to dagar. Elon Musk går i privatmøte med sjefen min. Sørkoreanarane er heilt ville. Dei har besøkt oss sju gongar. Dei ser at elbil går an.»

Colin McKerracher, analytikar i Bloomberg New Energy Finance, har i sitt foredrag peikt på kvifor Noreg er så viktig. I mange fattigare land er elbil-andelen av bilparken i praksis null. Men når eit land først når ei elbilmetning på 3-4 %, aukar talet raskt etter det. Og Opel vil inn og ha ein del av den kaka.

«Det er ikkje berre globalt klima», seier McKerracher. «Det lokale klimaaspektet har større umiddelbar effekt. Byane vil ha det for reinare luft.» Og McKerracher seier at om ein vil sjå elbilrevolusjonen, skal ein ikkje berre sjå på dei rådyre Tesla-bilane på to tonn. Små, billige elektriske bilar med maxhastighet på 60 km/t nyt godt av den same utviklinga i batteriteknologi. Salget av slike i Kina har nådd sjusifra tal. McKerracher advarer mot at oljeforbruket på jorda vil synke drastisk.

Ein ung tallknusar frå Ernst & Young meiner at Noreg må passe seg for å kaste pengar inn i meir prøveboring. Det er omtrent berre oljefeltet Johan Sverdrup som er vits i å jobbe med. Lofoten og Vesterålen-boring kjem til å bli trenert av Greenpeace og dermed koste for mykje, og å bore i Barentshavet er usannsynleg dyrt og upraktisk, grunna is og brutalt klima. Ei eventuell investering der vil vere enorm, og berre lønne seg ved ein oljepris høgare enn i dag. Risikoen er å ende opp med det ein annan talar, Anthony Hobley, kallar «stranded assets», enorme, verdifulle strukturar som ikkje kan brukast til noko nyttig.

Som elbil-støttande oljenasjon er Noreg i den paradoksale situasjon at vi fasiliterer teknologien som vil bli brukt til å gjere sjølve vårt nasjonalprodukt, olja, overflødig. Dette er på eit nivå å skyte oss sjølve i foten. Men det å insistere på at olja vår er så viktig, nyttig og verdifull for verda at vi bør måke milliardar inn i å prøvebore etter ny, olje som i BESTE fall ikkje er i produksjon før om ti år, det er å stikke foten i saltsyre og halde den der.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.