STØY: Intellektuelle yrke er mest skadelidande av sånne romløysingar, medan kreative yrke klarar seg noko betre. Støy skaper negativt stress og setter hjernen i kronisk alarmtilstand.
STØY: Intellektuelle yrke er mest skadelidande av sånne romløysingar, medan kreative yrke klarar seg noko betre. Støy skaper negativt stress og setter hjernen i kronisk alarmtilstand.Vis mer

Debatt: Åpent kontorlandskap

Opne landskap påfører oss helseskader og uro

Likevel blir det sett på som ein god idé.

Meninger

Dei siste åra har det velta ein arkitektonisk trend inn over oss i yrkeslivet, basert på at «dess fleire vi er saman, til meir produktive vi blir.»

Roar Ulvestad, lektor og tillitsvalgt
Roar Ulvestad, lektor og tillitsvalgt Vis mer

I utforminga av offentlege og private bygg der fleire skal arbeide saman under same tak, er det no i skotet med «opne løysingar». Løysingar som gjer oss sjuke og mindre produktive, men som likevel blir sett på som ein god ide.

Ved nybygg av offentlege og private bygg, kontor og skular ser vi ein stadig meir utbreidd bruk av opne landskap: store areal utan skiljeveggar, der ein har oversikt og visuell kontakt med alle dei andre. På mange kontor er det og kombinert med frie sitjeplassar og «clean desk»-politikk. Ved dagens byrjing og slutt er det ingen «personlege» avtrykk på dei ulike arbeidsplassane.

Intensjonen med slik organisering er at det skal spegle dei krava som er til dagens arbeidstakarar og skape betre kvalitet på arbeidet. Vi har ein kvardag prega av høgt tempo, krav til fleksibilitet, raske avgjerder, oversikt/innsyn (transparency) og god kunnskapsflyt. Det skal stimulere til god kunnskapsutvikling og handlekraft.

Løysingane er heftig promotert av dei som utformar dei ved skissebordet, medan forskinga er meir reservert. I tillegg har det teke til å hope seg opp med anekdotar om at dette slett ikkje er ein gunstig måte å arbeide på, og at det er sviktande dekning for å hevde at denne arbeidsforma verkar etter intensjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Likevel er det i retning av opne landskap det går, og vi let oss lure av kreative arkitektar til å tru at dette er ein arbeidsmåte «for framtida». Motstand blir litt for lett føysa vekk som konservatisme, manglande forståing og ei ortodoks dyrking av status quo.

I møte med forsking om konsekvensane av opne landskap var det fleire ting som skremte meg (se nederst i artikkelen for referanser). Særlig er støy-momentet undervurdert. Undersøkingar viser mellom anna at i vanlege cellekontor er det om lag 6 prosent som ser på støy som eit problem, medan i opne landskap er talet nærmare 60 prosent. Sjukemeldingstal har faktisk vist at på kontor over seks personar aukar sjukefråveret bort mot 60 prosent.

Materialet viser og at bakgrunnsstøyen i eit ope landskap gjer noko med produktiviteten. Om ein skil mellom arbeid som er rutineprega og arbeid som er kunnskapsintensivt, er det ganske urovekkande tal som viser seg. Rutinearbeid minkar i effektivitet med 2-10 prosent i ope landskap, medan kunnskapsintensivt arbeid minkar med 30-60 prosent.

Intellektuelle yrke er derfor mest skadelidande av sånne romløysingar, medan kreative yrke klarar seg noko betre. Støy skaper negativt stress og setter hjernen i kronisk alarmtilstand. Psykologien fortel oss at stresshormonet kortisol hindrar evna vår til planlegging, resonnement og impulskontroll. Dette er ferdigheiter vi treng heile tida.

Å arbeide i opne fellesskap gjer noko med den personlege kommunikasjonen og banda mellom arbeidarane. Det viser seg at samtaler vert meir overflatiske, og ein mistar det som ein i fagspråket kaller «psychological privacy». Jobbtrivsel daler og folk blir meir utrygge på kvarandre. Det opne rommet viser seg å skape meir lukka menneske.

Eit ope landskap skapar ikkje eit ope sinn, men kan gje sjuke menneske med lågare produktivitet og trivsel. Vi bør ikkje la arkitektane sin eufori over eigne skaparevne vege tyngre enn godt miljø og god produktivitet.

I teikneserien «Lunch», som stadig tek kontorlivet på kornet, sto det i ei av stripene: «Vær vennlig å ikke jobbe mens jeg forstyrrer». Det å ikkje få holde seg i den ettertrakta flytsonen over tid gjer noko med djupna og kvaliteten på arbeidet.

Systematiske kartleggingar viser at ein i opne landskap kan rekne med å bli uroa minst kvart 11. minutt. Når det då i intensivt kunnskapsarbeid kan ta opp til 20 minutt å komme inn i denne flytsona, ser vi at vi kan få heile dagar då vi ikkje får vere på vårt mest produktive.

Dette gjeld både for vaksne, barn og unge.

Å vere elev er eit krevande kunnskapsarbeid, med store krav til fordjuping og kontinuitet for å gje god læring. Det å rasere eit trygt arbeidsmiljø med høve til ro og konsentrasjon vert av arkitektane kalla utvikling. I slike miljø er det ein dagleg kamp om kven som får «stillerommet», slik at ein kan få tatt den viktige samtalen eller få jobbe i fred.

Opne skuleløysningar har og vist seg å gje mindre lysflate for naturleg lys. Dette veit vi frå forskinga er hemmande for opptaket av serotonin, noko som kan gje depressive og anemiske tilstandar over tid. Både døgnrytme, appetitt og humør er avhengig av rett serotoninbalanse

Trenden i skulen er å auke gruppestørrelsen og til og med slå ned veggar for å gjere elevgruppene enda større. Gevinsten er på areal og vikarbehov. Pedagogen blir med nye løysingar dermed endra til tilsynsførar, og vi får ein ny og meir sjølvstendig men og meir utrygg elevrolle. Ei elevrolle som snart vert umogleg for den stadig veksande gruppa av elevar med konsentrasjonsvansker.

Det er ingen ting i læreplanane som tilseier spesielle romløysingar. Har vi høve til å samle ei elevgruppe i ein plenumssituasjon og tilgang til rom med Ikt-løysingar og relevant litteratur og/eller høve til fokusert arbeid i mindre grupper har vi det vi treng. Opne landskap påfører oss helseskader og uro. Det er ikkje eit landskap for framtida.

Mykje av litteraturen har eg blitt gjort merksam på av hovedtillitsvalt i Norsk psykologforening, Bjørn Arne Øverbø. Takk Bjørn! Mellom anna:

  • Andrews, M.A.W. (2010): How does background noise affect our concentration ? I Scientific American, volume 20, issue 7.
  • Clausen, G. et al. (2013): Støj og stress i storrumskontorer. Slutrapport til Arbejdsmiljøfonden. Danmark: NFA & Center for Indeklima og Energi, DTU
  • Danielsson, C.D. et al. (2014): Office design`s impact on sick leave rates. London: Taylor & Francis.
  • Eggermont, J.J. (2014): Noise and the brain. Experience Dependent Development and Adult Plasticity. London: Elsevier.
  • Feiring, E. (2014): Åpne kontorlandskap stresser hjernen. Tidsskrift for Den Norske legeforening, nr. 11, 2014;134, 1171
  • Karlsen, J.K. (2015): Åpent kontorlandskap eller cellekontor? I Tid til arbeid – tid til overs. Tidstyver, teknologi og åpne kontorlandskap. Oslo: Cappelen Damm
Lik Dagbladet Meninger på Facebook