Oppsøkande genetikk - eit framskritt?

Hernes og Øyangen sitt lovforslag om rett til å driva oppsøkande genetisk virksomhet bygger på eit forenkla og utdatert teknologisyn. Sjølkritikken blant bioteknologar ser ut til å vera meir utvikla enn store delar av den politiske kritikken.

I debattane om moderne bioteknologi finst det ein del konsekvente teknologioptimistar blant sosialdemokratane. Dei deltar framleis i eit gammalt drama, kor teknologien skal frigjøra mennesket fra den naturlege skjebnen sin, som er sult, lidelsar og sjukdom. Den ville og utøyla naturen blir problemet, og teknologien løsninga. Nye hendingar blir plassert i det gamle dramaet, og dermed får me bekrefta at nye teknologiar er prinsipielt lik dei gamle når det gjelder innhold, funksjon og forutsetningar.

Dette gjelder også genetisk testing. Det havnar i same kategori som vaksinasjonar mot koppar og tuberkulose, og skal berga folk fra grusomme smerter og tidleg død. I hernesianske auger er derfor medisinen i ferd med å gjenta suksessen fra første halvdelen av dette hundreåret, og legar som kanskje skal driva oppsøkande genetisk virksomhet, kan samenliknast med omreisande hygienikarar og helsesøstre. Dei skal fordriva den mørke og skjebnesvangre uvitenheten, slik at farleg smitte eller genetisk risikabel livsførsel kan stoppast. Slik blir oppsøkande genetisk virksomhet ikkje noko anna enn klassisk folkeopplysning.

Den tyske sosiologen Ulrich Beck meiner at me har teke skrittet over i ein ny fase, fra den tradisjonelle moderniteten til risikosamfunnet. Me står ikkje lenger overfor nokon rein eller vill natur, men tvert imot ein gjennomsosialisert natur. Dei nye risikoane vokser ut av noko som er ei uklar blanding av natur, teknologiske konsekvensar og menneskelege inngrep. Dette gjør fundamentalt sett teknologien til eit problem, og langt fra berre ei løsning. Derfor blir også den nye fasen refleksiv. Me blir tvinga til å stilla oss utanfor og tenka gjennom både teknologien og den kulturelle fortellinga om framskrittet som har legitimert han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tradisjonelt har medisinen skilt mellom sjuke og friske, og sett på det som oppgava si å helbreda sjukdom. Genetikken kan bidra med sikrare diagnosar, og dermed meir effektiv behandling i enkelte tilfeller. Men dei genetiske testane skaper samtidig ein heilt ny kategori, nemleg genetisk sjuk. Folk som havnar her, kan godt vera friske i tradisjonell forstand. Derfor er det ofte ingenting å helbreda. Ironisk nok kan me seia at genetikken ikkje berre bidrar til å fjerna sjukdommar, men kommer og gir ein ny type patologisk tilstand til folk. Kva han eigentlig innebærer, er usikkert, men folk blir i alle fall nødt til å beholda han for resten av livet. I motsetning til tradisjonelle sjukdommar og smittekilder, finst det ingen botemidler mot sjukdomsgena våre. I staden for å vera frigjørande, vil den nye genetikken binda oss til livsvarige, patologiske skjebner. Fordi me alle bærer på såkalte defekte gen, har denne skjebnen potensiale til å ramma heile befolkninga. Samtidig som den nye vitskapen og teknologien løser helseproblem, skaper han heilt nye, og disse kan vera vel så fundamentale som dei gamle.

Det er naturen som skjenker oss den genetiske strukturen. Derfor kan me seia at genetikken ikkje skaper, men berre avdekker problem. Dette er likevel ikkje så enkelt. For det handlar om tilstandar hos folk som både er fysiske, psykologiske og sosiale. Me veit at helsetilstanden for ein stor del henger samen med om folk kjenner seg sjuke eller friske. Profetiar om at folk vil bli sjuke, kan derfor bli sjølvoppfyllande. Det finst eit stort psykosomatisk felt dei genetiske testane og rettleiingane vil virka på. Korleis vil det slå ut å gå og tenka på at ein har gen som disponerer for hjerteinfarkt eller kreft? Vil me få ein ny type hypokondri som baserer seg på medisinske resultat? Vil gentestane auka den utbreidte frykta for sjukdommar, noko som i seg sjølv kan føra til dårlegare helse? Dette viser at det finst indre forbindelsar mellom kropp og sjel, som den nye genetikken ikkje har noko begrep om, men likevel aktiviserer. Genetikken sitt perspektiv er for snevert og einsidig til å oppdaga risikoen han sjølv produserer. Denne systematiske blindheten meiner Beck kjenneteiknar moderne vitskap og teknologi, og er hovedårsaka til at me har fått eit risikosamfunn.

Dei genetiske testane kan føra til at sjukdommane ikkje lenger vil komma når dei kommer, men vera mentalt til stades lang tid i forvegen. Først skal ein leva med trusselen, og så kanskje etter fleire tiår med den konkrete sjukdommen. Det kan bli som å måtte betala rekningane sine mange gangar. I staden for friske periodar av livet, kan me få ventesalar med dørar inn til ulike sjukdommar.

Men ein skal vokta seg for korleis dette kan slå ut i ressursbruken i helsevesenet. Når folk venter på ein varsla sjukdom, kan du vera sikker på at dei både vil ha apparat til konstante undersøkingar for å stilla tidlege diagnosar, praktisk oppfølging og ein behandlingsplass ståande klar dersom utbrotet skulle komma. Tradisjonelt friske kan dermed bli ei ny pressgruppe, og kreva ressursar til seg sjølv. Dette vil i alle fall ikkje gjøra fordelingskonfliktane i velferdsstaten mindre betente.

Det er berre i svært få tilfeller at eit gen alltid vil slå ut i ein sjukdom. Ellers dreier det seg om større eller mindre sannsynlegheter. Då kan både miljø og livsstil spilla inn, og virka samen med det genetiske. Dette gjelder t.d. for dei store folkesjukdommane. Gentesting kan dermed føra til at sjukdomsavverging blir eit dominerande livsprinsipp. Me legger opp livsstilen som eit slalåmløp mellom sjukdommane me har størst sjanse for å få. Gentestane kan derfor føra til ei medikalisering av kvardagen. Sjølv om det ikkje alltid ser slik ut, så er ikkje den einaste hensikta med livet å unngå sjukdommar. Dessutan er ofte helse noko som ikkje kan nåast direkte, men kommer som ein konsekvens av levemåtar forankra i heilt andre dimensjonar, eller verdiar. Den rasjonelle sunnheten kan dermed bli både snever og kontraproduktiv.

I mediebildet av bioteknologien blir det leita etter gen til kriminalitet, galskap, fattigdom og seksuell legning. Alt som er negativt, eller avvikande, får ei genetisk forklaring. Sjølv om det finst tendensar i denne retninga, pregar ikkje slike forsøk genteknologien. Det ville kreva både overmot og mange feilslutningar å trekka kausale linjer fra gener til diffuse, kulturelt bestemte tilstandar. Ein måtte m.a. ta eit formidabelt sprang over det gamle vestlege skillet mellom kropp og sjel, eller det fysiske og psykiske, som også ligger til grunn for den moderne bioteknologien. Men mediebildet er eit teikn på at det skjer ei genetifisering av samfunns- og menneskeforståelsen vår. Dette kan også gjelda folk sitt sjølvbilde. Med eit genkart i hånda kan dei umerkeleg begynna å sjå på seg sjølv som meir determinerte. Ironisk nok kan dette føra til ein helsefatalisme, eller ei kjensle av at det ikkje nyttar å kjempa mot sjukdomsgena likevel.

I saka om oppsøkande genetisk virksomhet står retten til å vita mot retten til ikkje å vita, blir det hevda. Problemet er at ordet «vita» forenklar heile saka. Det dreier seg like mykje om kva for eksistensiell tilstand folk skal vera i, kva for forhold dei skal ha til framtida og kva for kriterier dei skal føra liva sine etter. Dette er altfor store spørsmål til å overlatast til den medisinske vitskapen. Han har overhodet ikkje begrep som fangar inn disse dimensjonane. I motsetning til ein god del stortingspolitikarar har største delen av dei bioteknologiske miljøa skjønt dette, og går imot oppsøkande genetisk virksomhet. Den vitskaplege sjølvkritikken har derfor kome lenger enn den hernesianske rasjonalismen.

Lovforslaget ønsker å snu opp ned på ein gammal relasjon: Når folk kjenner seg sjuke, går dei til lege. Nå skal i staden genetikken oppsøka folk og fortella at dei bør kjenna seg sjuke. Det kan bety ein tvang til å bli psykologisk påvirka og styrt av genetikken. Slik kan medisinen forlata tjenarrolla si, og få autoritære trekk. Dei fleste fagfolka ønsker ikkje å få ein slik sosial funksjon, kanskje fordi det strider mot eit meir grunnleggande yrkesethos. Dette reiser også prinsipielle spørsmål om grensene for statens makt over borgarane, noko ikkje minst Framskrittspartiet burde vera oppteke av.