FOR ABSTRAKT: «Kanskje Montgomery kan gi oss ei liste over ord som er abstrakte nok til at den støtande realiteten forsvinner, og vi omsider blir i stand til å føre ein reint teknisk debatt om surrogati utan at dei forstyrrande menneskelege dimensjonane er til stade?», spør artikkelforfatteren. Illustrasjonsfoto: Berit Roald/Scanpix
FOR ABSTRAKT: «Kanskje Montgomery kan gi oss ei liste over ord som er abstrakte nok til at den støtande realiteten forsvinner, og vi omsider blir i stand til å føre ein reint teknisk debatt om surrogati utan at dei forstyrrande menneskelege dimensjonane er til stade?», spør artikkelforfatteren. Illustrasjonsfoto: Berit Roald/ScanpixVis mer

Opptrer som språkpoliti

Vi skal ikke få lov å bruke konkrete, vanlige ord på det som skjer.

I Dagbladet 20. september åtvarer Hedvig Montgomery mot å bruka ordet menneskehandel om surrogati. Men er ikkje barnet eit menneske når det blir solgt? Eller får det først menneskeverd når det er på plass hos den nye eigaren, og surrogatmora er ute av bildet? Og er ikkje handel eit vanleg ord på at ein betaler for å få noko?

Montgomery vil opptrå som språkpoliti. Ho vil ikkje at vi skal få lov til å bruke konkrete, vanlege og meiningsfulle ord på det som skjer. Kanskje Montgomery kan gi oss ei liste over ord som er abstrakte nok til at den støtande realiteten forsvinner, og vi omsider blir i stand til å føre ein reint teknisk debatt om surrogati utan at dei forstyrrande menneskelege dimensjonane er til stade? Kanskje ho kan hjelpe oss med å tømma språket så mykje at vi ikkje lengre lar oss affisera av heile surrogatisaka?

Montgomery går veldig langt i å brette ut den emosjonelle situasjonen til ein familie som møter byråkratiet. Men surrogatmødrene blir langt fra gjenstand for same omsorg. Dei blir avspist med eit skjønnmalande begrep, som ironisk nok er moralsk: Altruisme.

Surrogatmødrene er ikkje verdt noko beskriving av den totale bruken av kropp og sjel under svangerskapet, den vaksande tilknytninga til ungen og det psykologiske savnet og tomrommet etterpå, som ingen veit om blir borte. Her forsvinner heile den psykologiske interessen hos psykologen Montgomery.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Korfor skal samfunnet overprøve kvinner som vil bli surrogatmødre? Kan det vere galt når dei sjølv velger det? Det er mange individuelle valg samfunnet ikkje aksepterer. Den viktigste årsaka er at dei skader andre.

Men samfunnet aksepterer heller ikkje frivillige ofre som er for belastande, nedverdigande eller øydeleggjande for individet som ofrer. Vi har mange eksempler på dette, som slavekontraktar og prostitusjon. Det hjelper korkje å vise til frivillige prostituerte eller frivillige slaver.

Dei sosiale rørslene våre - inkludert kvinnerørsla - har ikkje berre fokusert på direkte tvang. Like viktig har sosial disiplinering vore, kor folk blir pressa til å overskride dei psykologiske grensene sine, sjølv om det skjer under dekket av individuelle valg. Antropologar har skrevet om destruktive offerkulturar, som ofte råkar kvinner. Nærliggjande eksempel er familier kor ei søster kan føle intense forventningar om å ofre seg som surrogatmor, eller menighetar kor ein gjør det for trosfeller og Gud. Oppgava til samfunnet er å demme opp for slike mekanismar. Det har særleg kvinnerørsla gått inn for.

Når barnlause drar til USA og India for å få surrogati, så er det ikkje for leve der. Hensikta er å bringe alle relasjonane og problema bygd på surrogati tilbake til Norge, kor handlinga er forbudt. Korleis kan ein tro at den norske lova overhodet ikkje er relevant for konsekvensane av surrogati? Det viktigste ved ei lov er at ho regulerer sosiale realitetar. Ved å få surrogati i utlandet, prøver barnlause å isolera den norske lova frå samfunnet. Dei har visst heile tida at det er problematisk.