I MÅL: Tidlegare prosjektdirektør i Norsk Ordbok, språkdirektør Åse Wetås. Den 9. mars lanserte ho det siste bandet i verket. Foto: Hallvard Østrem / NPK / NRK Scanpix
I MÅL: Tidlegare prosjektdirektør i Norsk Ordbok, språkdirektør Åse Wetås. Den 9. mars lanserte ho det siste bandet i verket. Foto: Hallvard Østrem / NPK / NRK ScanpixVis mer

Ord er ikkje evige

Statsbyråkratar med Siv Jensens fingeravtrykk.

Kommentar

DENNE VEKA starta tariffoppgjeret om arbeidstid, lønn, pensjon og arbeidsvilkår. Same veke blei tolvte og siste bind av Norsk Ordbok presentert for ålmenta. Arbeidet begynte i 1930, og det første heftet med ord på A, kom ut i 1950. Der trengs det mange ord for å beskriva det norske folks begrep om arbeid. Dei fleste viser til at det er hardt og tungt, sakte, slitsamt og seigt, og at det gjev lite framgang. Likevel skal ein halda ut, i pietistisk og arbeidsmoralistisk ånd.

ARBEIDSLINJA har vore ein kulturell grunnverdi i dette landet, men sjølve ordet var ikkje oppfunne då det første fule bindet av Norsk Ordbok blei utgitt i 1966. Arbeidslinja blei skapt av Arbeiderpartiet på 1990-talet og er sidan blitt ein fellespolitisk merkelapp på arbeids- og velferdspolitikken i det lutheranske og post-sosialdemokratiske Norge. Dog med det språklige unntak at Torbjørn Røe Isaksen og Høgre kallar det «arbeidslinjen».

I BEGYNNELSEN var ordet, men ord er ikkje æve. Dei er i endring så lenge noen har bruk for dei. Så når Norsk Ordbok også blir hylla med eit festskrift som har lånt tittelen «Livet er æve, og evig er ordet» av årets 100 års jubilant Tor Jonsson, er det dessverre på sin plass å minna om det som står like før i diktet «Ordet»: Dei gløymest dei gjæve, og alt det dei gjorde.

Artikkelen fortsetter under annonsen

ÅVÆRIG er siste ord i Norsk Ordbok. I Nordfjord betyr adjektivet blyg og tilbakehalden. I Førde betyr det «kvidefullt», å vera «uhuga på å gjera noko». Ingen av tolkingane passar for Thorbjørn Jagland (ifølge Wikipedia fødd 5. november 1950 i Lier som Thorbjørn Johansen). Den noble og profetiske godhetstyrannen som blei misforstått i sitt heimland, vende denne veka tilbake frå sitt europeiske asyl i Strasbourg. Han stilte hos Ole Torp og heldt domstale over Asylvi Listhaug og det politiske Norge som handla i Storskog-panikk og melde seg på i kappløpet mot den strammaste botnen. Sjøl angrar han ingenting. Nå tar han mål av seg til å gå i Fridtjof Nansens fotefar og gje namn til Jaglandpasset.

GRATULERER til Siv Jensen som i sin kamp med mørke motkrefter har klart å skaffa Riket 1000 nye og overflødige statsbyråkratar. Det bekreftar at Fremskrittspartiet er eit etatistisk sentraliseringsparti med eit liberalistisk fikenblad som forkledning. Den vanlige leksa er: Om verdig trengande pasientar og folk flest har problem med å få sine rettar i strid med kommunar og profesjonar, så skal Staten overta. Og betala.

DENNE SPALTA, som ikkje bruker avlyttingsutstyr, takkar for ymse tilbakemeldingar og innspel frå lesarkrinsen - med eller utan utredning og risørtsj. Men eg garanterer at ho er utan fingeravtrykk frå Geir Selvik Malthe-Sørenssen. Det brotne tillitsforholdet mellom han og Harald Stabell begynner elles å likna mistenkelig på det som var mellom Arne Treholt og Jens Evensen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook