Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Ord om ord om anna

Eit konsept tømt for innhald.

Les ukas bokanmeldelser

BOK: Etter Marcel Duchamps revolusjonerande readymades, har det vorte peika på at den kunstnariske aktiviteten er flytta frå hand til hovud. Men den vellykka konseptkunsten har i mine auge alltid hatt element av formsans, eller av meir tradisjonelle poetiske innslag, og dette har vore med på å løfta han over det reint analytiske eller idémessige og inn i det vakre, det humoristiske og sjokkerande. Det er nok å nemna instruksjonane til Yoko Ono, som kunne gå som dette:

Reseptstykke

Skriv ut ein resept på

å gå gjennom veggen

slik at bare håret kjem attende.

(Våren 1964)

Eller ein kan sjå på dei nyare smykka til Stockholmskunstnaren Dan Wolgers. Når han nyttar readymades (delar frå termometer og vater t.d.), skapar desse ei underleggjering og ei spenning mellom det tinga har vore brukt til og det nye som har oppstått. Kunnskapen me har vert aktivisert og noko nytt stig fram.

Men dersom eg skriv at denne bokmeldinga er sett saman av ord som alle finst på side 127 i boka «Insititutio oratoria» (Opplæring av talaren) av Quintilian, frå det kapittelet som heiter «Om talekunstens forfall», ville det knapt gje denne meldinga større tyngde eller verd hjålesaren.Når Morten Øen leverer ei ny samling dikt, skriv han faktisk til slutt i boka at avdelinga 546 «er 24 tekster som baserer seg på tekstene i 24b. Titlene på tekstene er alle hentet fra side 546 i den norske utgaven av James Joyces {lsquo}Ulysses\' (...) 546 er for øvrig antall verselinjer i 24. og siste sang i Homers {lsquo}Odysseen\'.» Men då vert samanhengane bare ein påstand basert på ulike referansar. Det finst ikkje noko som eg, sjølv om eg stiller meg open og leitar, kan sjå eller forstå i teksten eller produktet til Øen som skapar ei livgjevande spenning i relasjonen til desse referansane. Å skulle nytte seriøsitetspeikarar for å tilføra nærast substanslause dikt ei ekstra tyngd, verkar heller mot sitt formål. Me opplever større avstand og mister interessa. Dikta i denne samlinga er så sparsame på informasjon om kva dei dreier seg om, at denne meldaren opplever denne type visning til høgt påakta storleikar som verk av fotografar som Bernd og Hilla Becher meir som forsøk på å gjera seg interessant, enn som det å ha noko å formidla. Om dikta viser til monumentale fotografi som «Industrial landscapes», der desse bygg vidare på målaren Charles Sheelers «Classic Landscape» frå 1930-talet, eller sjølvportretta av Lee Friedlander, burde dikta likevel kunna lesast slik dei står.

Nå gjev dei ikkje frå seg noko meining og skapar hjå denne meldaren ikkje anna enn ei vag undring over kvifor Øen gjer det så lettvint for seg, eller kvifor han bruker energien på å skapa så store hol i skrifta og flytta fokus over på kompositoriske grep som verker innhaldslause.

Og sjølv om han har målsetningar som eg ikkje fangar inn og premissar eg ikkje får tak i, så er det dette som er denne lesaren si oppleving.