Orda fell over lyset

Ruvande nederlandsk forfattar i ei vakker bok med dikt på norsk.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: I løpet av dei første sidene i denne boka har eg lese to linjer som eg aldri vil gløyma. Dei står i den serien dikt som heiter Basho, bygd over den japanske diktaren, og er stilt ut permanent på det filologiske fakultet ved universitetet i Amsterdam saman med ein serie raderingar og akvarellar kring Basho sitt liv og dikting av Sjoerd Bakker. Linjene til Nooteboom går slik: «Alltid øyets kyss oversatt til ordenes tvang.» Og: «Dikteren er en kvern som maler landskapet til ord.» Dette er ikkje bare vakre linjer i seg sjølv, men dei fangar opp nokre kjernepunkt i diktinga til Cees Nooteboom, slik det også vert presentert på nokre få, men innhaldsrike sider i etterordet av Paal-Helge Haugen. Spenninga mellom auga som ser og den naturlege kategoriseringa eller trongen til nærast tvangsmessig systematisering og kontroll gjennom omgrep og katalogisering, gjennom alle dei filter og rastar som inntrykka går gjennom. «Den synlige verden sluser bildet/gjennom det åpnede øyet. Det indre øyet//folder det ut, fornyer det/i nytt lys. Bare gi dem navn.» Ei anna vakker linje eg har merka meg, som ikkje er med i dette utvalet, er «Eg faldar meg inn i eit dikt og ventar». Ikkje like karakteristisk ved første augekast fordi Nooteboom ikkje ofte skriv sentrallyriske ting, men det ligg noko her som opnar seg litt etter litt. Cees Nooteboom skreiv sin første roman etter at han som ung mann hadde gjort ein lengre haiketur rundt i Europa. Etter det har han publisert mange romanar og reiseskildrande essay. Dei siste er samla i boka «Omvei til Santiago» (norsk utgåve i 2000), og i New York Times vart denne boka kalla ein «Michelin for sjela»! Det føreliggjande utvalet krinsar kring auga og blikket på mange og varierte vis. Korte og lange dikt, ofte med merkelege sprang og overraskande vendingar, reflekterande og insisterande. Metapoetiske og inderlege svingar dei utanom mang ein bås. Eg har ingen føresetnadar for å vurdera overføringa frå hollandsk til norsk, men dei norske versjonane har ofte ei lysande kraft og ein famnande presisjon som fornyar og opnar, som her i slutten på diktet «Andre»:Stormens øye, malerens øye,øyet til van Gogh i øyet til Gauguin,de driver, mens de tankefullt seiler,over vannets øyeinn i solens og månens øye.Verden er deres sjaman.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer