Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Ordblind poet fødd med granatsjokk

Stor poet med sterk erindringsbok.

BOK: Av og til kjem informasjon om eit historisk tidspunkt eller om ein geografisk stad innover ein frå fleire ulike kjelder samstundes. Nyleg sto ein stor artikkel i Stavanger Aftenblad om ein krigshelt frå Stavanger som omkom bare 24 år gammal, fordi han vart skoten ned i eit engelsk bombefly over København. Datoen fekk meg til å stussa. Den 21. mars 1945?

Flystyrt

Då eg las kva oppdrag flygarhelten var ute i, forsto eg samanhengen. Mosquito-jagarbombeflyet skulle nemleg bomba Gestapo-hovudkvarteret i København. Der fanst det eit arkiv over motstandsrørsla sine medlemmar i Danmark. Det eg nyleg hadde lese, var at nett denne dagen, nett i denne timen, vart Henrik Nordbrandt, den store danske poeten, fødd på Diakonissestiftelsen.

Og eksplosjonane frå bombinga kunne merkast under fødselen. Seinare har eg funne ut at eit av flya styrta i Den Franske Skolen, og flammane som slo opp då bombene i lasta gjekk av, fekk andre fly til å tru at det var dette som var målet, og skulen vart bomba med lærarar, elevar og det heile. Resultatet var at 100 sivile vart drepne, 82 var barn.

Med fryd!

Ein finn ikkje mange idylliserande eller sentimentale tilsløringar i Henrik Norbrandts tilbakeblikk på barndommens Danmark. Følgjande avsnittet er meir karakteristisk for innhaldet:

«Om vinteren stod man op i mørke, vejene var dårligt oplyste, det hele var ubeskrivelig trist. Så ankom man til skolen med dens grimme bygninger og dens ubarmhjertige elektriske lys og blev stillet op på rad og række og tvunget til at skråle: Den signede dag med fryd vi ser.»

Også når han skildrar sjølve fødselen, skjer det med sterke ord, i og med at faren ikkje ville ha barn på dåverande tidspunkt. Fødselen skjedde som nemnt medan engelske fly bomba Shellhuset i København, og forløysinga skjedde med keisarsnitt. Nordbrandt oppsummerar:

«(...) født uønsket, ved keisersnitt og med granatchok. I betragtning af det, er der måske ikke meget at sige til, at jeg har sovet dårligt det meste af mit liv.»

Med to slike sitat er mykje av tonen i boka vist. Det er nemleg den underfundige satirikar, den sjølvironiske og lune observatøren som pregar denne underhaldande boka, meir enn den suggererande poeten som Nordbrandt jo òg kan vera.

Sjølv om han ser med stor forundring på det vanvittige som foreldra gjorde, ikkje minst mot barna, så er det ingen hagiografi. Han undrar seg over at dei kunne vera så dumme, og han har lite til overs for dei. Men han ser rimeleg stort på det meste. Bortsett frå fotball og steikte ribbein.

Hugsar godt

Ekstatiske opplevingar er det ikkje mange av, sjølv om me får høyra om innleiande opplevingar både med omsyn til vodka og poesi. Men Nordbrandt oppnår tidlegare ekstase gjennom å smørja seg inn med si eiga avføring.

Denne opplevinga hadde han heldigvis medan han var eit spedbarn. Så liten at farmora vaska han i ein handvask etterpå. Korleis det er mogleg å hugsa slikt, er ei gåte, men Nordbrandt skildrar scenen levande:

«Vinduet stod åbent, og bag et hvidt gardin kunne man skimte nogle mørkegrønne trækroner. Der lød fuglekvidren og summen af bier.Jeg havde skidt i sengen og lå og smurte meg inn i min egen lort. Jeg var nærmere på noget guddomelig, end jeg nogensinde har været i en kirke. Lorten forbandt mig med sommeren udenfor, jorden ...» Han avslørte tidleg sitt forteljartalent.

Etter at han på sengekanten til si yngre søster hadde mana fram spøkjelse i ulike variantar, måtte søstera følgje han tilbake til guterommet, for han var vettskræmd av sine eigne forteljingar!

Skulen opplevde han som ein forferdeleg, rå og fordummande stad der han måtte eta saman med elevar som var så fråstøytande at han sprang heim. Og på trass av, eller på grunn av, si nyfikne, sine store evner og følsame observasjonsevne, ender han opp i «dummeskolen». Det hadde nok samanheng med at han hadde brukt alle dei første åra han gjekk på skulen på å læra ein einaste ting: å lesa. Det var alt han kunne.Me følgjer Nordbrandt på konfirmasjonsreise til lyset i Nord-Italia. Dette middelhavslyset som kom til å bety så mykje for den seinare poeten at han har budd mestedelen av livet sitt i det. Om lyset i Danmark skriv han at «man ofte hadde fornemmelsen af, at lyset kom fra en halvbeskidt lommelygte». Han kom seinare til både Aust- og Vest-Berlin, og konkluderte med at det «kunne være ret likegyldig, om man valgte det ene eller det andre helvede».

Gåtefulle hint

Eit helvete som han ikkje klarte å velja seg vekk frå, og som i desse erindringane kjem krypande innpå lesaren bakfrå, gjennom små gåtefulle hint og medvitne litterære forteljargrep, er noko som kan setja hans eiga diktlinje «håbløst forelsket i sit eget skelett» i eit nytt lys. Skjelett er elles noko som stadig opptrer i fantasifulle visjonar for den unge Nordbrandt, og ein dag står han på kontoret til dr. Welner på den «åbne tosseavdeling» på Rigshospitalet. Den piperøykande psykiateren seier:

«De er næsten 1,90 m høj. Men de vejer ikkje engang 40 kg ... De lider af en sygdom, der hedder anorexia nevrosa ... beslutningen om at begå selvmord, det er en eksistensiell beslutning. Den verken kan eller vil jeg blande mig i. Men i den tilstand, hvor De befinder Dem nu, har De mistet enhver dømmekraft. Derfor bliver jeg nødt til at hjælpe dem.»

Det var denne tilstanden og denne utsjånad som fekk ein medpasient til å kalla Henrik Nordbrandt det som har gjeve tittelen til boka: «Døden fra Lübeck.»

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media