KONTROLL: - «En lett berøring var alt som skulle til for å få kontroll på Carl I Hagen», har Kristin Halvorsen siden sagt om sin bruk av hersketeknikker mot Carl I. Hagen. Her fra en debatt i 2003. Foto: Tor Erik H. Mathiesen
KONTROLL: - «En lett berøring var alt som skulle til for å få kontroll på Carl I Hagen», har Kristin Halvorsen siden sagt om sin bruk av hersketeknikker mot Carl I. Hagen. Her fra en debatt i 2003. Foto: Tor Erik H. MathiesenVis mer

Ordbok i hersketeknikk

Bruken av begreper som «politisk korrekt», «fake news» og «elite» er hersketeknikker.

Meninger

«Du er så PK,» seiest det. «Politisk korrekt,» for dei ikkjeinnvidde. Og eg lover; det er ikkje positivt meint. Politisk korrekte er middelhavsfararar. Dei som ikkje tør å meine noko anna enn det som er opplest og vedtatt av etablerte, men akk så konvensjonelle meiningsbærarar .

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

I fylgje Wikipedia er PK «eit nedsetjande namn på forsøk på å endre uttrykksformer eller sensurere ytringar». Så det så! Eller sagt på ein forståeleg måte: eit uttrykk brukt for å stoppe kjeften på motdebattantar.

Kvar gong eg ser nokon kalle andre PK, spør eg: «Kan du vere så snill å fortelje kva som er PK akkurat no? Det kan vere greit å vite om ein er inne i korrektvarmen eller fullstendig på vidotta. Det viser seg komplett umuleg å få svar. Eit slikt spørsmål er enda meir effektivt enn å rope «PK» for å få overtaket i ein diskusjon. Den ukorrekte blir brått stillare enn snø.

Det ser ut som om PK oftast blir brukt mot folk som forfektar bestemte meiningar. Antirasistar, til dømes. Og gudhjelpe meg kor PK dei er dei som ikkje tykkjer det er for mange flyktningar her i landet. Eller dei som nektar å hoppe på alle-muslimar-er-potensielle-terroristar-bølgja.

Politisk korrekte media har vi òg fått. I motsetnad til ukorrekte, går eg ut i frå. PK-media er dei etablerte. Dei store. Eller «gammal-media», som enkelte kallar dei. Ukorrekte er slike som den høgreradikale nettavisa Resett der folk kan boltre seg i kommentarfelta og i tilnærma usensurert, fri flyt skjelle ut og idiotforklare alt og alle dei meiner har gått i PK-fella.

Ei slik haldning til media er inspirert av Donald Trump som har erklært krig mot dei store mediehusa i USA. Han påstår at dei konspirerer for å knuse han og at dei leverer «Fake News» raskare enn ein pepperkakebakar masseproduserer memnte godsaker. Uttrykket har forresten òg glidd rett inn i det norske språket. Alle nyheiter og meiningar der terrenget ikkje stemmer med eige kart over verkelegheita, blir prompte avfeia som «fake news».

Utan at eg har forska på det, tør eg påstå at «politisk korrekt» oftast blir brukt av ytre høgre for å vinne over og «mute» venstresida i debattar. Rett og slett eit hersketeknisk virkemiddel.

Hersketeknikk er eit fenomen som fyrst blei lansert av filosof og psykolog Ingjald Nissen. Han opererte med ei liste med ni hersketeknikkar. Men det blei ikkje allmenneige før professor og politikar Berit Ås si popularisering i 1979. Ho reduserte lista til fem effektive teknikkar: Usynleggjering, latterleggjering, tilbakehalding av informasjon, fordømming og påføring av skuld og skam. Alle saman flittig brukt i arbeidsliv, politikk og offentlege debattar, så vel som privat. Formålet er sjølvsagt å få overtaket på andre.

Feministar meinte at hersketeknikk først og fremst blei brukt av menn for å halde kvinner som ville opp og fram, på plass der dei eigentleg «høyrde heime». På kjøkenet. Difor var det viktig at kvinner avslørte desse teknikkane og lærte seg å herske tilbake.

Tidlegare SV-politikar, Kristin Halvorsen, vedgår at ho tok seg dette ad notam. Ho utvikla seg etter kvart til ein dyktig debattant. Ofte i møte med ein som både var dreven og retorikar av rang; Carl I Hagen. «En lett berøring var alt som skulle til for å få kontroll på Carl I Hagen,» avslørte ho i eit intervju. Erna Solberg tok teknikken til nye høgder då ho friskusfiserte Heikki Holmås og meinte han burde passe munnen sin.

Det var eitt viktig element både Ingjald Nissen og Berit Ås gløymde å inkludere på lista si. Nemleg at å skulde nokon for å bruke hersketeknikk, kan vere den ultimate hersketeknikkteknikken. Om ein hamnar i heftig diskusjon med ein motstandar og skuldar hen for å bruke hersketeknikk, ja, då er vedkommande rimeleg kontant parkert.

«Elite» er eit anna flittig brukt omgrep i den offentlege debatten. Då Trump overraska verda ved å vinne presidentvalet i USA, hevda mange analytikarar at dette var dei undertrykte og hundsa sin endelege siger over eliten.

«Elitenes selvmord» var nyleg tittelen på ein kommentar i Dagbladet av John Egeland. Der omtaler han på ypperleg vis korleis «folk på gølvet» blir hersa med, utnytta og oversett på arrogant vis av elitene. Problemet med kommentaren, er at Egeland ikkje definerer kven elitene er. Han nemner at det er forståeleg at sosialdemokratar taper terreng i Europa. Det har blitt for stor avstand mellom partiapparat og veljarar. Betyr det at det er sosialdemokratiske politikarar som er eliten? I så fall; i motsetnad til kven? Kva med Trump? Steinrik og verdas mektigaste mann. Er han ikkje elite? Er Erna Solberg og Siv Jensen elite? Jonas Gahr Støre og Audun Lysbakken? Ingen av dei? Alle fire?

Det blir operert med ein akademisk og ein intellektuell elite? Kven er innanfor? Kven ikkje?

Problemet er at ingen som slenger om seg med eliteomgrepet, klarer å gje ein presis definisjon på kven som naturleg høyrer til i dette segmentet. På same måten som ingen klarer å definere kva som til eikvar tid er politisk korrekt.

Det einaste området der det er enkelt å definere ein elite, er innan idretten. For der er det heilt klare, målbare resultat. Som i «elitefotball». All annan plassering av folk i elitebåsar, kokar ned til enda eit punkt på hersketeknikklista.