Første talepunkt på huskelappen til nye Frp-ministrar må vere: «Det eg har sagt før eg vart statsråd er heilt uviktig». Ikkje døm oss for det vi har sagt, døm oss for det vi gjer, har vore melodien frå fleirtalet av Frp-statsrådane dei siste dagane. Men bør det verkeleg vere så enkelt?
I førre veke måtte enkeltstatsrådar frå Frp gjennom ein serie operasjonar med å forklåre ting dei hadde sagt før. Landbruksminister Sylvi Listhaug måtte svare for ting ho sa om landbruket før ho kom i regjering. Likestillingsministeren måtte svare på rare utsegner om homofile ho kom med på Stortinget. Justisministeren blir kritisert for å ha sagt at fartsgrenser berre er rettleiande. Gamle utsegn betyr ingen ting, var gjennomgangstonen. For kva er vel gamle ord, mot nye handlingar? Det spelar vel inga rolle kva eg sa om homofile i går, dersom eg gir dei pengar i morgon?
Alle seier dumme ting. Alle parti har gjort feil. Ein anbefalt praksis når ein vert konfrontert med dei i ettertid, er å ta avstand frå dei og komme seg vidare. Det er ærleg og får ofte respekt. Arbeidarpartiet har offentleg teke sjølvkritikk for overvakinga som Luns-kommisjonen avslørte. I SV har vi kritisert kontakt med regime i Aust-Europa vårt parti hadde på 70-talet. Fleire raudgrøne statsrådar har blitt konfrontert med tidlegare meiningar og forklart at dei tok feil tidlegare, og har endra syn.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger