Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Ordmyriadar

Dikt med driv, men ofte for utflytande.

BOK: Bjarne Rønning er representant for ein type poesi som dempar ned det personlege, men som nå for tida også rir oss med eit mangfald av openheit som gjer at mange dikt og samlingar får noko så paradoksalt som eit einsretta språkleg mangfald.

Ein plukkar språkfragment frå mange områder og set dei saman, spelar på klang og rytme, som i rap, og så gjev ein seg det strøymande uttrykket i vald, utan for mykje styring, og resultatet vert eit vidtfemnande innhald og ei noko slapp form, der sjølve tydinga vert uklar.

Det er flyt, men det er også utflytande, der er klang, men også romling frå tome tønner, fordi ord kan dukka opp så umotivert.Det er fengjande rytmar og ei vinkling mot den kvardagslege situasjonen som skapar poesien, rytmen og det musikalske drivet her. Ei annleis oppleving av det me alle har vore med på. Rønning flettar saman det eine med det andre i ein lang straum av skiftande fokus.

Dette er ein poet som skriv slik at ein tenkjer på opplesing. Ikkje at ikkje nokre av dei kan fungera som dikt i bok, men det er noko suggererande over mange av tekstane, og noko munnleg humoristisk over andre, som gjer at dette vil kunna ha publikumstekke. Som dette utdraget av diktet «Den dumme tingen»:

jeg gjemmer den dumme tingen

i lomma

jeg gjemmer den dumme tingen

i skapet

jeg kaster den dumme tingen

i elva

men den dumme tingen

kommer tilbake

og sier at jeg var her først

jeg er din mor og din far,

husets fire vegger

krana som står og drypper

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media