Ørnen - ein veteran blant poetane på Diktkammeret

Helge Torvund skriver om Ørnen.

Ein del av dei diktarrøystene me har vorte kjende med på Diktkammeret, har stige tydelegare og tydelegare fram etter kvart og skapt sin eigen tone, sitt eige diktunivers og på eitt vis sin eigen forfattarskap der inne på kammeret vårt. Nokre av desse vert borte for å dukka opp i bokform ei stund etterpå, andre blir verande og er med på å gjera

Diktkammeret til ein stad med fleire slike markante røyster som set sitt preg på nettstaden, og som gjer at mange klikkar eg inn på dikta når dette spesielle nicket dukkar opp. Ørnen er i ei særstilling, ettersom han allereie hadde gitt ut ei bok før han dukka opp på Diktkammeret. Ei bok med dikt og dialogar kalla «Ingela, ditt smertefylte ansikt» kom ut på oktober i 1982.

Fekk ny datamaskin

Ørnen, eller Øystein Stryken som er døypenamnet, fortel at han fekk seg ny datamaskin i 2002 og at det må ha vore året etter at han først kom inn på Diktkammeret. Han var eigentleg ute etter å finna dikt av kjente lyrikarar på nettet, då han kom over Diktkammeret.

Han hadde ikkje høyrt om dette før. Han tenkte at det kunne vel ikkje skade nokon om han la ut eit av sine dikt der. Han trur det første heitte «Plutselig sol», og dette at ein kunne få respons med ein gong, og at han faktisk også fekk respons frå diktlæraren på dikta, var ting som gjorde at han straks vart skikkeleg tent på dette. Og han har halde fram med å leggja ut ei mengd dikt jamt og trutt frå den dagen av.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jeg og flua

i betongverden

oppslukt av myk

LYTTAR TIL EIGNE DIKT: Ørnen - Øystein Stryken - lyttar til Diktlæraren som les opp dikta hans. Foto: Siw Anja Hansen
LYTTAR TIL EIGNE DIKT: Ørnen - Øystein Stryken - lyttar til Diktlæraren som les opp dikta hans. Foto: Siw Anja Hansen Vis mer

sommerkveld

Brå stillhet

av folk etter dager

da sekunder

var på sporet

i tidsmaskinens

tannhjul

Vert det for lange pausar, er det alltid andre av deltakarane som tek til å lura og spørja etter kvar Ørnepoeten nå har vorte av. Då kan det henda han har teke seg ein tur til Syden, eller har trøbbel med datamaskinen, men han har alltid kome attende. Ørnen har i likskap med mange andre store poetar som til dømes Charles Bukowski, eit sett av tema som han varierer dikta kring.

Det er sjølvsagt heilt andre tema enn Bukowski, men like fullt ser ein det likskapstrekket at dei har utvikla skrivinga så langt at dei kan laga poesi av dei minste ting. Ørnen gjer dette stort sett i ein lett gjenkjenneleg stil. Noko av tematikken spring ut av hans livssituasjon, han er avhengig av rullestol, og skriv om korleis han nyttar den elektriske permobilen for, som han seier, å bryte ned ei funksjonshemma verd.

Skreiv om fluga

Han kan skrive om at han sit på verandaen i blokka på Hovseter og ser og høyrer korleis arbeidsfolka legg ny asfalt på gatene nedanfor. Då vert hola tetta og det vert greiare å køyra for han. Det går vel an å seia at han «slo igjennom» for fullt på Diktkammeret då han byrja å skriva om fluga si. I dikt etter dikt skildra han kva han og ei fluge som surra i bustaden hans gjorde, kvar for seg, og saman. Det kunne lyda som dette:

Flua har flydd

inn i leiligheten

min igjen

fra sommerbortreist varme

Hun virvler

rundt min

ensomhet

Hun er fortvila

over at solnedganger og hete

asfaltgater ikke

damper

opp i henne

Ofte opplever me at dikta skapar ein veldig spesiell form for fellesskap. Det er som om Ørnen skriv seg inn i den store poetiske tradisjonen der diktarar har bokført sitt samliv med alle former for liv på denne planeten.

HOVSETERFLUA

Hovseter har drukna

stemmene sine

i regnstillheten

Gudene setter ikke i gang regnet

men regnet ligger

i lufta

og trykker

sommerkvelds

flua

til total

ro

Kroppen rører seg

langsomt

mot natten

Etterkvart har det kome inn andre tema i diktinga, og som Ørnepoeten på sitt karakteristiske vis skriv i eit brev til Diktlæraren: «Snart er det vinter rundt blokkene da kommer Iskvinnen. Hun froststilner alt og bremser opp mine sommerdager. Da forsvinner sjela mi inn i mørke, da er det fint og ha Diktkammeret som låser opp ismørket og netter.»

Stillhet igjennom blokka, stillhet

gjennom meg, stillhet mellom

mørket mellom natten

mellom meg

Roen, roen

i regnet i betongen

i rommet

i leiligheten

over gulvet

over sofaen. bordet

ansiktet

hender

over meg

Inni kroppen

inni sjela inni hjernen

inni meg

og sommeren

har gått sin vei og jeg

seiler mot isvinteren med iskvinnen

som ler

iskvinnen som

kysser

ensomheten

min

Og han skriv vidare: «Når det blir varmere i været forsvinner Iskvinnen over horisonten og flua har snurret seg ut fra dvalen i vinduskarmen. Sommeren hopper på verandaen.\'

Hva vil iskvinnen

ha en ekte skinnende

ISKVINNENS DIAMANT

til mange tusen kroner

når hun

rører ved min

kropp

Eller et dikt

fra en muresønn

mykt som sommer-

netter

ved klippenes

taushet

Ørnen har stort sett arbeidd i den stilen som dikta ovanfor viser, men har gjennom Diktkammeret også vorte stimulert og inspirert til å prøve ut andre former som kortdikt.

Sommeren

blåser

i nyvaska

klær

Turar med permobilen til Aker brygge kjem opp i dikta, og utsikta han har til ICA-taket og kråkene der. Øystein Stryken skriv og ope og direkte om korleis kroppen og hjernen fungerer, og korleis han opplever det å vera annleis enn fleirtalet. Han må ha eit spesielt tastatur og i tillegg er det ikkje bare det å fysisk treffe tastane som er vanskeleg, men han er også dyslektikar som fører til at det kan verta ein del skrivefeil, og ein eigen syntaks. Av og til fører dette til at diktet opnar seg på måtar som ikkje var tiltenkt.

Dyslektikar inspirerte han

Då er det interessant for Diktlæraren å tenkja på at det var ein dyslektikar som først gjorde han interessert i å driva skrivekurs. I ein periode då eg arbeidde ved eit pedagogisk psykologisk kontor på Sørlandet, kom ein dag ein lærar til meg med eit ark med nokre ubegripelege ord på. Då læraren «omsette» teksten viste det seg å vera eit fint dikt om bilar som stod parkerte langs haustgata med lauv på taket.

Denne nærast skjulte evna til å uttrykkja seg, fekk eg lyst å finna ut meir om. Ikkje lenge etter kom eg over boka «Før var jeg en fisk» av Paal Brekke. Den utruleg engasjerte og engasjerande boka vart startskotet til ei lang rekkje skrivekurs i skuleklassar kringom i landet. Og eg må innrømma, ofte med eit særleg blikk for den eller dei som sleit med skrivevanskar i klassen.

Eg bruka gå rundt og få med meg kven som slit med skriving av ulike årsaker, og få dei til å hjelpa meg til å forstå kva dei skreiv, for å kunna lesa det opp då eg hadde den faste diktopplesinga av produkta i klassen til slutt.

Ein del av Diktkammerdeltakarane som bur i Osloområdet har fleire gonger sett kvarandre stemne på Herregårdskroa. Då har dei hatt ein skikkeleg «helaften» med diktopplesing, god mat, og mykje godt drikke. Då har Ørnen alltid vore med, og Diktlæraren har fått høve til å lesa opp dikta hans. Rett nok bare i form av innspeling på ein CD som eg har sendt over til komiteen, men det har like fullt vore ei glede å kunna framføra desse ved slike høve.

Påverka andre

Øystein Stryken har også påverka andre til å fatte interesse for dette med bruken av lyrikk som uttrykksmiddel. Ida Berntsen som er høgskulelektor ved høgskulen Diakonora, og har vore redaktør for boka «Albatross i stua» og som har studert og skrive om korleis lyrikk kan fremja empati i sjukepleieutdanninga, vart inspirert nettopp av Ørnen. I eit intervju der ho fortel om sitt år på Lundheim folkehøgskule seier ho:

«(Jeg) fikk en del faglig på sosiallinja, noe som sikkert hadde betydning når jeg begynte i sykepleien. Sosiallinja var en faglig plattform for oppstarting i sykepleien. På skolen møtte jeg en annen elev, Øystein Stryken, som skrev dikt. Han hadde vanskelig for å framføre dikta p.g.a. sitt handikap. Derfor kom jeg til å lese hans dikt i flere sammenhenger, og dette ble nok en link til mitt engasjement for dikt og formidling. Dette hadde også betydning som innfallsvinkel i sykepleierutdanningen. Da jeg utdannet meg som lektor, skrev jeg hovedoppgave om hvordan bruken av

lyrikk i sykepleieutdanningen kan fremme utvikling av empati.»

Som med alle andre, skriv Ørnen både sterke og svakare dikt. Har han for mykje han vil ha sagt, meining som skal uttrykkjast, glir av og til poesien til side og smuldrar opp. Ein velkjent problematikk for poetar.

Ofte er dei beste Ørnendikta der han både er veldig personleg og samstundes svært direkte og konkret, og skriv i veg utan å ha anna mål enn å formidla ei stemning, ei poetisk oppleving av sjølve livskjensla. Då kan han skapa dirrande sterke dikt med ei merkeleg blanding av ro og uro, av intensitet og kjølig observasjon, som er imponerande.


Søndag stille Hovseter

betongen

sommeren

visner og dør

på asfalten

En enslig due

spankulerer

bortover

forbi meg

Klokken

på veggen

i en øde

skolegård