Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Oslo by 1000 år?

«Vil vi tidfeste grunnlegginga av Oslo by, kan det ikkje vere grunnlag for anna tidspunkt enn under Harald Hardråde, ca. år 1050.»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Kong Harald let anlegge ( reisa ) ein kjøpstad ( kaupstad ) aust i Oslo og sat der ofte; for det var lett å få tilførsler, og stor landsstyrke ( landsmegin mikit ) omkring.» Slik skreiv Snorre i Heimskringla ca. år 1230. Det gjeld Harald Hardråde, einekonge 1047- 66.

Snorre er ikkje den eldste skriftlege kjelda som nemner Oslo by. Men det er han som fortel at kjøpstaden vart anlagd av Harald Hardråde. Dersom vi vil ha ei meining om kor gammal vi skal seie byen er, er det først rimeleg å spørje kva Snorre meinte å seie, dinest om det han sa var sant.

No vert det hevda at det skal vere eit definisjonsspørsmål kor gammal Oslo by er. Men det var ein mellomalderby som vart anlagd, og det er ingen rimeleg tvil om kva ein mellomalderby var. Det var ein handelsplass som var rettsleg skild ut frå omlandet, ved plassering under særskild byrett (gammal bjarkøyrett). I samtida kunne det ikkje vere tvil om kva som var by eller land, for skilnaden førde med seg ulike plikter for innbyggarane, og ulike rettar for kongemakta. Frostatingslova VII, II og andre lover har detaljerte føresegner om skattebetaling som er uråd å praktisere utan heilt skarpe territorielle grenser mellom by ( kaupstadr , kaupangr ) og landsbygd ( herad ). Ein hovudgrunn til at kongane skilde ut byar, var utan tvil at det der var heimel for særskilde inntekter for kongemakta. Dette gjer det rimeleg nok, det som sagatradisjonen fortel, at det var slike offensive kongar som Olav Tryggvason, Olav den heilage og Harald Hardråde som spelte ei særleg rolle som bygrunnarar. Her kan vi nok også ta med Olav Kyrre, som skal ha grunnlagt Bergen som by. Om han var «roleg» utover, så var han då, som faren Harald Hardråde, offensiv nok innover. Såleis skal han ha dobla den tradisjonelle kongshirda, med tilsvarande auke av kongemakta og av utgiftene for folket.

Endå om byretten ikkje ser ut til å vere nedskriven før på 1100-talet, så var der då før ein munnleg slik rett, som er nemnd i ei semje mellom Olav den heilage og islendingane, teken vare på i den islandske lovboka Grågås. Når Olav Tryggvason grunnla byen Nidaros i 997, innebar dette at byterritoriet vart lagt under særskild rett (Wessén).

Snorre seier at kong Harald let reisa by i Oslo. Det ordet hadde ikkje berre ei reint byggeteknisk meining. Det tydde også «istandbringe, anlægge» meir allment (Fritzner).

Snorre seier at det var lett å få tilførsler ( atfengi ) til Oslo, og stor «landsstyrke» der, begge delar før eller idet byen vart skipa. Det tyder rimelegvis at byen vart grunna i eit knutepunkt mellom viktige ferdslevegar, over sjø og land, i eit rikt oppland, nært og fjernare.

Meininga til Snorre må då vere at kong Harald let rettslig skilje ut ein by, kjøpstad, på ein stad som alt då hadde eit slikt preg, rimelegvis også i samband med visse byggearbeid. Og i den tid måtte forsvarsanlegg vere grunnleggjande.

Slik tenkte Snorre. Men er det han seier også sant? Éi kjelde er inga kjelde, lyder det strenge prinsippet. Kva for kontroll har vi på Snorre?

Dei eldste skriftlege kjeldene - langt eldre enn Snorre - er den såkalla Firenzelista frå ca. 1120 og Orderic Vitalis frå 1135. Begge kallar Oslo ein civitas . Det var primært eit bispesæte. Men frå gammalt låg desse normalt i byar, så ordet tyder også ofte by. Snorre vert rimelegvis stadfest så langt, at Oslo seinast var ein by ca. 1120- 30, om ikkje tidlegare.

Skriftlege kjelder kan då korkje stadfeste eller falsifisere at Oslo vart by under Harald Hardråde. Når det gjeld dei ikkjespråklege, arkeologiske kjeldene, så kan dei ikkje gje oss noko byomgrep, eller fortelje oss kva vi skal forstå med ein by. Slike kjelder kan då i prinsippet ikkje gje oss noko visst årstal å jubilere for. Likevel kan dei gje ein kontroll på Snorre, i den meining at dei kan gje kunnskap om kva anlegg og aktivitetar der kan vore i Oslo på Harald Hardrådes tid.

Argumenta for at Oslo er eldre som by enn Snorre seier, har vore bygde på utgravingane av Klemenskyrkjegarden. Under kyrkja, påbyrja reist ca. 1100- 1120, er registrert 143 kristne graver. Dei eldste kan gå attende til sist på 900-talet. Dei eldste gravene er orientert annleis enn dei yngre. Arkeologane meinar dei eldste kan vere orienterte etter to eldre, kryssande ferdslevegar, seinare kjende som Øystre strete og Klemensallmenningen.

Særleg viktig er at 60- 70 år etter dei eldste gravleggingane, ca. 1050, er det plassert eit tjukt sandlag over dei då eksisterande gravene, i samband med bygging av ny kyrkje. Ole Egil Eide, som leia utgravingane, set sandlaget i samband med store anleggsarbeid i Harald Hardrådes tid. Der er fylt opp med fleire tusen kubikkmeter sand, også under kongsgarden og kongens særlege kyrkje, Mariakyrkja. Anlegga er tidfeste ved Harald Hardrådes mynt. Eide meiner at så store arbeid då berre kunne gjerast av kongen (Aftenposten 25.5.).

Dette er det vi har å halde oss til, og situasjonen er: Den einaste kjelda som fortel når Oslo vart by, Snorre, seier at grunnlegginga var under Harald Hardråde.

Dei arkeologiske kjeldene, som omfattar også mynt, stadfestar det Snorre fortel, så godt som det kan vere tenkjeleg: Byen vart skipa i eit knutepunkt for gammal samferdsle, der det også fanst ein busetnad som var såpass at der over 100 år vart gravlagt minst 143 lik i alt, og der det truleg - men ikkje sikkert - alt fanst ei trekyrkje. Viktigast er at arkeologien stadfestar at der nettopp i kong Haralds tid føregikk slike større byggearbeid som Snorre må sikte til som den bygningsmessige sida ved byreisinga.

Vil vi tidfeste grunnlegginga av Oslo by, kan det ikkje vere grunnlag for anna tidspunkt enn under Harald Hardråde, ca. år 1050. Og når vi held saman dei skriftlege og arkeologiske kjelder vi har, er dette tidspunktet heller ikkje så dårleg fundert, etter den tids mål.

Men vi treng ikkje bruke same byomgrep som i mellomalderen, det som set skiljelinja ved det rettslege, vert det innvendt. Nei, det kunne det ha vore eit poeng å hevde, dersom det hadde vore grunn til å meine at det i Oslo i år 1000 hadde funnest noko som gjev grunnlag for å tale om ein by, etter noka tids omgrep. Men nå talar vi om byar der det ikkje finst anna enn eit vegkryss, ein gravplass der det vert gravlagt 1,4 lik for året, og kanskje ei lita trekyrkje? Kor mange byar skulle vi ha i Noreg, for ikkje å tale om andre land, på 1000-talet eller seinare, dersom slikt skulle oppfylle krava til ein by? At busetnaden er kontinuerleg, ikkje berre til år 1000, men til steinalderen, er då nokså universelt. Dessutan var då det rettslige skiljet det avgjerande i den tid det er tale om.

Motiva til granskarane skal vi ikkje tale om, som kjent. Når Oslo by vert datert til år 1000, utan rimeleg fagleg grunnlag, er det likevel freistande å gjette på at dateringa er svært gunstig for eit jubileum som kan grunngje restaurerings- og vedlikehaldsarbeid. Det føremålet er maksimalt prisverdig. Og likevel. Den overordna oppgåva til historikarar og arkeologar er å «keep the human record straight», å halde nokolunde greie på kva som har hendt og ikkje hendt. Kor prisverdig føremålet kan vere, går det då på kjernen til oppgåva for historisk verksemd, å seie at Oslo by er 1000 år, når det fagleg grunngjevne er ca. 950. Difor kan ikkje - alle - historikarar teie til denne pia fraus (fromme bedrageri), som dei sa på Harald Hardrådes tid.

Dersom det vert sagt ope korleis tinga er, kan det likevel ikkje vere noko gale i å jubilere for eit vegkryss og ei mogeleg trekyrkje. Men sikkert er, at det er utan samanlikning sterkare grunnar for å halde eit verkeleg 1000-årsjubileum i 2050. Så målet må vere at då står «Nordens Pompeii» istandsett slik den burde.