NY OUTSIDERROLLE:  Tidligare har outsiderne vorte rekna som tragiske konsekvensar av korleis sosiale strukturar og relasjonar fungerer. Tilfellene Lanza og Breivik antyder noko heilt anna: det sosiale har som sådan blitt borte. Dei lider ikkje blant menneska, skriv Thorvald Sirnes. Lanza er nummer tre fra høyre. Foto: AP / NTB Scanpix
NY OUTSIDERROLLE: Tidligare har outsiderne vorte rekna som tragiske konsekvensar av korleis sosiale strukturar og relasjonar fungerer. Tilfellene Lanza og Breivik antyder noko heilt anna: det sosiale har som sådan blitt borte. Dei lider ikkje blant menneska, skriv Thorvald Sirnes. Lanza er nummer tre fra høyre. Foto: AP / NTB ScanpixVis mer

Outsiderne slår tilbake?

Kanskje er Breivik og Lanza indikatorar på noko som skjer med den almene sosialiteten.

Fotografiet som er spreidd i media av massemordaren Adam Lanza samen med medelever i ein skoleklubb, er foruroligande. Kroppen hans er tynnare enn dei andre sine. Adam krympar seg på ein unaturleg måte. Det er noko spøkelsesaktig ved skikkelsen, som om han er i ferd med å forsvinna.Det er klart at han ikkje hører til der samen med dei andre. Han er berre plassert i elevklubben. Åpenbart feilplassert. Men det virkar eigentleg ikkje som om han kunne ha vore plassert nokon stad som helst. Ikkje berre faller Adam utanfor den sosiale konteksten på bildet. Det er verre enn som så. Adams skikkelse uttrykker at det sosiale som sådan ikkje eksisterer for han. Derfor er det heller ingen håp om å få han inn i det. Dette blir understreka av dei vidt opp-sperra augene som dominerer dei hule kinnene. Det liknar på ein kontinuerleg sjokktilstand. Men ansiktet har stivna til noko robotaktig, og augene er heilt tomme. Adam liknar på ein alien som er heilt framand for menneska.

Det har blitt antyda at Adam Lanza hadde Asperger. Den same mistanken blei retta mot Breivik. Han fortapte seg i middelalderske riddarordenar, distinksjonar, faner, flagg og uniformar. Alt dette blei utlagt i minste, nitide detalj i manifestet. Samtidig er beskrivelsane til Breivik totalt sterile. Det er ingen kjensler involvert, og det er ingen «sturm und drang»-dragning mot æreskodeksar og maskulin storhet. Teksten er tørr og sakleg. Det blir klart at det ikkje er mennesker han beskriver, men flate papp-figurar. Sjølv om Tempelriddarane til Breivik er absurde som ein dårleg fantasy-roman, er det noko anna som blir mest påtrengande. Dei har ingenting sosialt ved seg, men er byråkratiske roller, som åpenbart betydde mykje meir for han enn menneskeliv. Og ansiktet til Breivik, slik me så det under rettssaka, var like robotaktig som Lanzas.

Breivik ønska å møta i rettssaka i ein av dei teatralske gallauniformene sine. For andre virkar det latterleg og grotesk, men først og framst hinsides. Kva for betydning kunne dette overhodet ha, etter alt han hadde gjort ? Men innanfor Breiviks univers kan uniformen ha gitt meining. Plagget med distinksjonane kunne ha vist kva heile situasjonen - både i rettssalen og samfunnet - gjekk ut på. Det handla ikkje berre om at formålet var viktigare enn enkeltmennesker, men noko meir ytterleggåande: Rollene og ordenane var det einaste som eksisterte. Emosjonar, lidelse og skjebner var sterilisert bort, og i beste fall ein svak reminisens, som han kunne bruka anabole steroider for å kvitta seg med.

Kva betyr dette? Det har vore mykje fokus på mobbing, og at enkelte blir hakkekyllingar som må lida under konstante angrep fra plagarar med psykopatiske trekk. Det har også vore snakk om femininiserte skolar og klasserom, kor guttar ikkje får spilla ut dei maskuline kroppane og psykologiane sine. Eller at den standardiserte skolen ikkje gir rom for individuelle behov, evner og ambisjonar. Men alt dette dreier seg om tragiske konsekvensar av korleis sosiale strukturar og relasjonar fungerer.

Tilfellene Lanza og Breivik antyder noko heilt anna: det sosiale har som sådan blitt borte. Dei lider ikkje blant menneska. Om dei lider, så er det fordi dei ikkje er blant mennesker, men pappfigurar, roller og robotar, som i tillegg (eller nettopp derfor) tenderer mot å vera uforståelege og uhåndterlege. Dette er mykje meir radikalt enn den gammaldagse outsider-skjebnen, som gjerne ramma dei aller mest sensitive.

Dei aller fleste med Asperger er snille og fredelege, og lever i den mekaniske verda si utan å skada nokon. Og mange historiske massemordarar - som Goebbels, Hitler, Stalin og Bin Laden - var vel heller prega av ein ekstrem sosial intelligens og voldsomme kjensler. Det er ingen nødvendige samenhengar, og alt har ei dag- og nattside. Men dei ekstraordinære handlingane til Lanza og Breivik kan fungera som grelle prismer for noko som er i ferd med å bli altfor ordinært. Det handlar ikkje berre om vekst av forekomstar i autismespekteret. Disse er berre indikatorar på noko som skjer med den almene sosialiteten, og korleis denne blir uthola. Psykiske tilfeller og diagnostiske tilstandar har alltid ein relasjon til samfunnstypen, sjølv om denne ikkje er enkel. Men det er nødt til å få konsekvensar at ungdommar forsvinner inn i data- og nettspill store delar av døgnet, og nærmast lever gjennom disse - og at barn blir institusjonaliserte fra eitt års alderen og stor sett møter voksne som utøver profesjonaliserte yrkesroller mens dei er våkne, for å nevna noko av det mest åpenbare. Kanskje er folk med Asperger ein av dei nye idealtypane slik sosiologen Max Weber definerte det: fortetta utgaver av noko vanleg.

Følg oss på Twitter

Psykologien og psykiatrien tenderer mot å gi opp Asperger, og berre tilby ytre «tilpasningar». Forklaringar om arvelighet blir ei sovepute. Men me veit at bak det metalliske skallet finst det emosjonar som blir desto meir brennande av å ikkje vera kobla til det sosiale. Det er nesten som om motsetningane potenserer kvarandre. Når noko ikkje slipper til, får det ei reinare og meir intens form. Det vakraste og grellaste er naboar. Det handlar også om sylskarpe intuisjonar, som leser mennesker på eit meir grunnleggande plan, men som ikkje får influera det sosiale samværet. Downs syndrom og Asperger holder på mange måtar til i motsatte ender av ein skala: dei første lever utan filter for emosjonane, mens dei siste har eit altfor dominerande, nesten tyrannisk filter, i tillegg til at dei ofte har svært høg intelligens. Men begge blir uhåndterlege for samfunnet, og må finna sine «lommer». Og leksjonane dei gir oss om korleis det sosiale utviklar seg, er ubehagelege.

Både populærkulturen og vitskapen er fulle av visjonar om det teknologiserte mennesket: genetiske manipuleringar som styrer både biologien og psyken, nanorobotar som vandrar rundt i blodårer i heile kroppen inkludert hjernen og avleverer strategiske signal, intervenering i hjernestrukturane for å omdanna den opplevde verda til mennesket, cyborgarar som flyter samen med teknologiane både rundt og inni kroppen slik at det ikkje lengre finst grenser, Arnold Schwarzenegger som er halvt menneske og halvt maskin osb. Sjølv om noko er harde realitetar, er det aller meste luftige drømmar, kor det utopiske og dystopiske nærer kvarandre.

Men sosiale og kulturelle fantasiar er alltid på sporet av noko, sjølv om me ofte misforstår kva dei vil fortella. Dei har både noko opplagt og ugjennomtrengeleg ved seg. Kanskje me har sett i feil retning og tolka det heile for bokstaveleg? Kanskje dei i staden varslar om nye psykososiale typer og tilstandar, som ikkje nødvendigvis trenger teknologi, men er teknifiserte på eit anna nivå ?

Thorvald Sirnes, førsteamanuensis, Senter for vitskapsteori, UiN
Thorvald Sirnes, førsteamanuensis, Senter for vitskapsteori, UiN Vis mer