Overlevelseskunst


KNUT HAAVIK i Kulturrådet har talt : «-Det er mange halvstuderte røvere som påstår at de er kunstnere, men det hjelper jo ikke hvis ikke folk vil bruke kunsten deres. Det viktigste er å lage kunst som blir etterspurt.» Ein må spørje: Kva gjer ein med tankar og følelser?Frå bibelen dansa dei rundt ein gullkalv. Det er ei gamal og slitt historie, men dog gjeldande enda fram til i dag, vel å merke at det ikkje eit gudebilete som driv folket i dansen. Verdi og gull er ikkje einsbetydande, så enkel er den likninga, og likevel så vanskeleg å forstå. Skal vi ende opp med eit samfunn der marknadsetterspørselen også bestem korleis kva vi skal utdanne oss? Vi valde å utdanne oss som biletkunstnar, av den grunn at vi finn det meiningsberande. Det å ta ansvar for å utdanne seg til eit meiningsberande arbeid, er ein del av det å sjølv sørge for at ein får eit godt liv. Vi har skreve ei historie om to marknadsretta og nyttige kunstnare, Rosetta og Rosita:

VI SAT PÅ steinen vår, og skua utover landskapet. Bak oss langsmed riksvegen stoppa ein flott bil, ut av den steig ein vaksen kar med eit fotografiapparat. Han ville ta bilete av oss, og vi skulle få svært god betaling om vi poserte slik han hadde ynskje om. Etter instruksjon frå han inntok vi stillingar som var veldig forskjellige frå dei vi er kjente med frå anatomistudiane våre. Det var litt vanskelig og ubekvemt i starten, men den kjensla gjekk fort over. Det er mange hyggelege menn med allsidig kompetanse frå næringslivet som ynskjer å investere i kunst. Nå er vi i stallen til en rik mann som fungerer som manager og mesen. Han kjenner til marknaden og veit kva vanlige folk vil ha. Vi blir utlegde til private arrangement der vi utfører performancer som kunden har komponert.

KNUT HAAVIK jobba sjølv i eit seriøst blad som gjev folk det dei vil ha. Det er difor det er det mest selde ukebladet i Noreg. Prinsippa for ukeblad og kunst er det same: du må skape eit innhald som er interessant for kunden. Når kjendisane og NRK-stjernene stiller opp og fortel om bryllaupa, skilsmissene, utruskapen og syner fram kosthaldet, sjukdomane, kjolane og familiane sine - da gjev bladet kunden ein respons på eit menneskeleg behov. Dette må kunstnarane anerkjenne og godta. Berre tenk på kor lite utbreidd og anerkjent ei bok som Bibelen hadde vore blant vanlege folk dersom ikkje investorane hadde fanga den opp og distribuert den til alle verdas hjørner. Manageren vår seier at vi har klart å skape ei konkret og brukarvenleg ny form for isme, som vanlege folk set pris på. Rosita til dømes, har spesialisert seg på bibelske tolkningar. Dette har medført at ho blir leid inn i religiøse samanheng. Det er mange sekter som vil oppleve og delta i framsyningane der Rosita fungerer som eit fastbunde fysisk legeme. Rosita har blitt vidkjent over heile USA.Rosetta arbeider mest innan private arrangement og lukka losjer med toppane innan næringslivet der finansen står høgt i kurs. Høgt må også Rosetta gape, medan ho held pusten og utfører ein fransk form for mimekunst. Dei dresskledde mennene får eit mildt drag over andleta sine, blir mjuke som smør og lippene deira skjelv som om dei var ospelauv i vinden. Ei vakker form for nyromantisme legg seg skjørt over lokalene der Rosetta opptrer.

VI HÅPAR sentrale personar i Kulturrådet ser på dette som ei inkludering av næringslivet i kunsten, og difor også eit trygt prosjekt å investere startkapital i. Vi, Rosetta og Rosita, vil takke Haavik for dei modige tankane han har, og oppfordrar alle dei som kallar seg kunstnare til å akseptere at det å ha eit yrke som ikkje eksisterer, det er litt på kanten.