Overtydande debut

Sanddraumar og ordbok av fingrar.

BOK: Kristin Berget debuterer med ei bok som ikkje glir glatt inn mellom debutbøker og bare er gjenkjenneleg og bra. Ho stiller med ein bokbunad som gjev motstand. I biletkunsten gjev mange kunstnarar utstillingane sine engelske namn i dag, nett som butikkane på gateplan. Det er ei ukritisk absorbering av ein generell trend der ein kunne forventa kritisk motstand. Når denne norske diktsamlinga har engelske dikt på omslaget og første sida, opplever eg det på same vis. Det kjennest litt slapt når boka elles er så full av spørsmål og motstand.

Sympatisk uferdig

Boksidene ser ut som ark som er dregne ut av ein gammaldags skrivemaskinen. Bokstavane er litt utydelege, som om dei har blese gjennom tid og ørkenar. Ja, nokre av dei er det teikna strekar på, strekar som bind ord og ordblokkar saman. Som om poeten vil kommunisera på fleire ulike plan. Det kan verka maniert, men eg opplever det som noko sympatisk uferdig; som om nokon leikar med teksten; kva om vi knyter desse linjene øvst og nedst og på midten saman? Kva får me då?

Det finst ei historie i diktsamlinga: Ei historie om eit forhold mellom to kvinner, mellom c. og louise. Og ei bilreise. Ørken og trekkspill. Ei sapfisk historie utspelar seg med mjuke og naive kjærleiksdikt og frekke harde linjer. Her er innimellom sterke dramatiske effektar med kniv og blod og vasking av ein blodig kropp så vatnet vert mørkeraudt. Av og til vert kjærleikserklæringane på grensa til det private og uinteressante, men oftast finst det ein inderleg tone som løfter dei. Mange små poetiske avsnitt fangar inn vakre stemningar og lar dei bare stå der: «har malt veggene hvite/over alle som har bodd her/og nå er jeg helt tom».

Legg lista høgt

Dikta fungerer gjennom det inderleg spørjande og ei overtydande språkføring. Det er ein sterk debut dette. Ein kan ønska seg strammare, skarpare språk her og der, men det er nettopp fordi poeten sjølv legg lista høgt, slik at ein merker når det ikkje heilt ber. Kjærleik og tap vert ført fram til eit språkleg nivå som er enkelt og opplysande: «hun og hun er ikke det samme som/hun og han», «en ordbok skal oppstå/ av fingre over ansikt hofter i rytme». Dikta ber bod om ein vilje til å forfølgja visse spørsmål utan å vika attende for det som dukkar opp som moglege svar.