På hovudet i Sofienbergparken

ALI FARAH-SAKEN: Det var ikkje berre Ali Farah som vart sendt i bakken i Sofienbergparken. Det vart òg den omvende bevisbyrda.

Tenk deg etterspelet av Sofienbergparken-saka som ei rettsak: Høyrt om vitnet som ville styra tolkinga av saksopplysningane? Tiltalte som måtte slåst for å få lov å forsvara seg? Offeret som lét vera å opna munnen fram til tiltalte byrja å forsvara seg? Og pårørande som hamna i ei sakførarrolle for offeret? Kvifor er det så mykje rot i denne saka? Skal me skulda på dei som tilfeldigvis er impliserte?

8. oktober har vitnet Ragnhild Storstein Spilker ein reaksjon på at Schjenken kom til orde i A-magasinet. Spilker vil at me skal tru at det Schjenken har sagt «er ren løgn». Men Spilkers tolkingar er langt ifrå så innlysande som ho sjølv synest å tru. Eitt døme av fleire: Ho og ein annan uniformslaus sjukepleiar vart møtte «med forakt» då dei ville hjelpa sjåførane. Forakt er hennar ord: Det er faktisk lett å skjøna at det kunne verta gnisningar.

Spilker fortel at det gjev betre helse å stå opp mot diskrimeringa. Ja. Men dette må ikkje blandast saman den helsa det gjev å ha ein syndebukk. «Sjukehusdirektøren verka umogeleg å rikka. Men sjåførane, dei skal me ta!»

Ironien er at måten denne saka er løyst på har gjort at fleire av dei som var i parken har medverka til at Schjenken no er det offeret dei ikkje ville at han skulle vera. Då må det vel ha vore noko gale med prosessen?

Det galne er dette: Diskrimineringsombodet slo fast at «bevisbyrden går derfor over på ambulansepersonellet». Men eit forum der sjåførane kunne «sannsynliggjøre at det var andre årsaker» fekk dei ikkje.

At Schjenken klagar er difor greitt. Men Farah, har han det noko lettare?

Så kva med ein eigen domstol/forliksråd i staden for omvend bevisbyrd? Då hadde tilfeldige offer, pårørande og vitne sloppe å måtta ta på seg roller og andsvar dei ikkje er kompetente til, men som dagens mangel på eit tenleg organ inviterer til.

Då hadde me òg truleg sloppe mykje av det uverdige og sjølvøydeleggjande spelet i denne saka - slik som applausen for ordet «rasisme» og andre ting som ikkje var eigna til å styrkja saka til offeret. Dessutan hadde det gjeve dei som fekk slike skuldingar imot seg høve til eit forsvar - utan å hamna i uynskte offerroller.