På næringslivet sine premissar

GRUNNLOV Når det første steget skal tas mot ny grunnlov for Noreg, er folket effektivisert bort.

Då bonden Ole Olsen Amundrød frå Larvik grevskap sat klemt saman med 111 andre representantar i rikssalen på Eidsvoll i 1814, sa han ikkje noko, denneS bonden i møte med så mykje fintfolk. Han var likevel til stades, og stemma hans talte då Grunnlova blei skipa. Ein tredel av riksforsamlinga sine menn var bønder, stemt inn av kyrkjelyd og valmenn, og deira deltaking verkar sjokkerande radikal i møte med programmet til Grunnlovskonferansen i Bergen i haust. Ei ny grunnlov i landet, er målet, og konferansen er «i prinsippet åpen for alle» (Pål W. Lorentzen, høyesterettsadvokat, styreformann i Sparebanken Vest og en av initiativtagerne til konferansen, kronikk i Bergens Tidende, fredag 28. oktober 2005.) Nokre prinsippar vart likevel lagt på hylla då invitasjonane vart sendt ut. Til å diskuterat grunnlova og kva slag demokrati vi skal ha, har dei invitert sjølve aristokratiet i norsk tenking. Professorar, rikspolitikarar, direktørar og redaktørar er det som set seg rundt konferanseborda i november. Platons utopi om ekspertveldet har vorte røyndom.

GRUNNLOVA MÅ reformerast, den samsvarer ikkje med «de grunnleggende verdiene» i norsk samfunn, prega av utfordringar som klimaspørsmål, spesialisering, internasjonalisme og immigrasjon. Mellom anna skal professorane Eivind Smith og Janne Haaland Matlary føredra om overnasjonalitet. Rikspolitikarane Jagland, Hagen, Halvorsen og Lønning skal tala. Partisekretær Martin Kolberg føredreg, og det gjer óg Gerd Liv Valla og Finn Bergesen jr.. Politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle vil så konkludera med spørsmålet «Hvem tar ansvaret for det norske demokratiet».Eit svar på det får ein om går til kjelda for konferansen, Sparebanken Vest. Siden 2003 har sparebanken arrangert seks Vestlandskonferansar, og er blitt ein viktig politisk aktør på Vestlandet. Det er statlig detaljstyring som har framprovosert konferansane, og deira mål er regionalt sjølvstyre og meir lokaldemokrati. Slik har Vestlandskonferansane vore eit energisk svar på lokalpolitikken sine tronge kår, ein situasjon som óg vart dokumentert i Maktutgreiinga si sluttbok.I maktutgreiinga sitt demokratiomrep er det likevel nokre moment som ikkje har vore langt framme i Vestlandskonferansane. Medan det er folkevalde organ som er Maktutgreiinga sin demokratiske kjerne, ser konferansane ut til å ha byrja i ein annan ende. I staden for fokus på folk og styring, er det næringslivet sine rammevilkår i nasjonalstaten som ser ut til å vera det endelege utspringet til den viktige Grunnlovskonferansa i Grieghallen.

SPAREBANKEN VEST ønskte å skapa ei plattform for den regionale debatten på Vestlandet. Dei ønska å invitera kunnskapsrike og kreative menneske, for i samråd å tenka høgt og fordomsfritt. Visjonane var klåre då manifestet «Det kraftfulle Vestlandet» vart lagt fram på bankens tredje konferanse i 2003. Gulatinget skulle vekkjast til live. Eit sjølvstyrt Vestland skulle sikra nærleiken mellom politikarar, innbyggjarar, kultur - og næringsliv. Ein strategiplan vart lagt for overtaking av statleg makt innafor kultur, næring og samferdsle, sjølvstendig innteksgrunnlag, og ein grunnlovskonferanse i 2005. Som eit siste punkt proklamerast det óg at målet er å skapa ei folkerørsle i regionaliseringas teneste. Vestlandskonferansen inviterer kreative menneske til å tenka fordomsfritt. Dei svara ein får, er likevel ofte gitt gjennom dei kjeldene ein vél å spørja. Når Sparebanken Vest inviterer til debatt, går dei fleste av spørsmåla ut til næringslivet. Å invitera næringslivet for å få opp i dagen kva utfordringar det står overfor er sjølvsagt både viktig og interessant for utviklinga av regionane, men det har ei viss tyding at det er desse som set dagsorden.

SPAREBANKEN SPURDE Norges Handelshøyskole, og fekk svaret i rapporten «Verdiskapning på Vestlandet» som etablerer nokre «fakta», som det heiter - om vilkåra for lokal verdiskapning. Dinest vart det skipa ei tenkegruppe, «bredt samansatt» av to stortingsrepresentantar, fem næringslivstoppar, to næringslivsforskarar forutan dei fem representantane frå Sparebanken Vest sjølv Ved ei slik samansetjing er det ikkje til å undrast at dei politiske målsettjingane om lokaldemokrati smuldra bort i visjonar om å gjera næringslivet på Vestlandet konkurransedyktig. Den politiske retorikken handla no om å redusera næringslivets høge kostnadsnivå. Under konferansen i 2004 kom professor Per Selle med ei påminning om at regionstankegongen må handle om politisk makt som må støtta seg til folkeleg engasjement. I staden ekspanderar prosjektet i eit så medrivande tempo at det allereie har bragt inn dei nasjonale strategane til hastemøte i Grieghallen. Det gjenstår å sjå om denne voldsomme ekspansjonsstrategien er kledeleg for eit lokaldemokratisk prosjekt. Ein konferanse er noko heilt anna enn ei riksforsamling, det er så, men når spørsmåla rører ved oss alle, skulle ikkje bonden Ole Olsen Amundrøds frender óg ha hatt ein plass her?

ARISTOTELES HEVDA at det viktigaste demokratiske kjenneteiknet er når borgarane får direkte tilgang til å påverka den politiske dagsorden. Kan hende kan ein ikkje krevja at folk skal bli halt inn i konferansens dagsorden frå næraste Seven-eleven-kø, men er dei i det heile representerte her? Om miljøspørsmålet er ei av vår tid sine største utfordringar, kor er Natur og ungdom? Kor er representantar for minoritetane når temaet er immigrasjon? Båe temaer presenterast som grunngjevingar for at Grunnlova ikkje svarar til røyndommen i dag. Å skapa begeistring og folkeleg oppslutning er tydeleg ikkje målet for Grunnlovskonferansen heller, men skal kanskje regisserast på eit seinare tidspunkt. Om borgarane har gått lei i mellomtida gjenstår å sjå, men om Sparebanken Vest skal lukkast i det storstilte prosjektet sitt, vil det vera naudsynt at den tek opp att noko av den demokratiske retorikken som blei presentert i Vestlandsmanifestet, der nærleik mellom politikarar, innbyggjarar og kultur- og næringsliv tok større plass. Bonden Amundrød sa ikkje mykje på Eidsvoll, men han var til stades. Han høyrde debattane, ikkje berre vedtaksforslaga. For Aristoteles var dette eit naudsynt teikn på demokrati. Ein kan vera vera usamd i dette, men Grunnlovskonferansens aristokrati reiser likevel visse spørsmål om teknokrati, offentligheit, makt og demokrati. Og kor blei det av Gulatinget oppi det heile? Staden der bøndene møttes for å diskutera politikk og skipa lovar? Ein lengre versjon av artikkelen er publisert i Syn og Segn, og kan lesast på www.synogsegn.no