På rett side av lova

«POLITIVIRUSET»: Dagbladet har den siste tida hatt fleire innlegg som går hardt ut mot Politiets Fellesforbund sin kamp om betre løns- og arbeidsvilkår. Svein Tuastad frå Universitetet i Stavanger stilte forrige tysdag spørsmålet om vi må «finne oss i at samfunnet blir tatt som gissel?» av et aksjonerande politi. Forrige onsdag er Åse Thomassen frå Høgskolen i Hedmark oppteken av at mykje kan verta betre med ei anna organisering av politiet og at det trengs meir forsking. Begge skriv også at Politiets Fellesforbund driv ulovlege aksjonar.

For det fyRste: Politiets Fellesforbund brukar ikkje ulovlege midlar for å få høgare løn. Som alle har sett så har ikkje staten stevna oss for arbeidsretten.

For det andre: Hovudtariffavtalen regulerar lønsforhandlingene i staten. Den legg opp til eit tariffoppgjer kvar vår. I tillegg inneheld avtaleverket ein rekke forhandlingsbestemmelsar som kan nyttast i perioden mellom dei årlege forhandlingane. Det er mange døme på at dei har vore nytta for små og store grupper for å løysa spesielle utfordringar, tilsvarande dei som politiet har no.

For det tredje: Medlemmane i Politiets Fellesforbund har gjennom mange år tatt ansvar for polititenesta i landet. Berre i år har politiet brote arbeidsmiljølova ca 20 000 gonger på 10 månader for å dekka samfunnet sitt behov for polititeneste. Me tykker det er interessant å sjå at mange debattantar er opptekne av at politiet må halda seg på rett side av lova. Men det gjeld tydelegvis ikkje arbeidsmiljølova.

Det er utruleg at ikkje fleire debattantar tenker litt lenger fram og stiller spørsmål ved om samfunnet er tent med eit slitent og overarbeidd politi som rykker ut med våpen og driv med utrykkingskøyring etter å ha jobba 20-40 timar samanhengande.

For det fjerde: Det vert forska på politiet. Men me er einige i at det er god grunn til å forska meir. Når Politiets Fellesforbund har fått gjennomført forsking, har me nettopp vore opptekne av at den kunnskapen forskinga gir, skal vera vitskapeleg haldbar. Difor engasjerte me forskarar frå Arbeidsforskningsinstituttet og Universitetet i Oslo når med tidlegare i år ynskja å få fram det særeigne med politirolla.

For det femte: Politiets Fellesforbund beklagar den situasjonen som no er i politidistrikta og me beklagar ikkje minst at det går ut over publikum. Både forbundet og medlemmane våre ynskjer ein meir normal arbeidskvardag i politiet. Difor ser me fram til dialogen med justisminister Knut Storberget, som han har teke initiativet til. Så kan me saman finne ei løysing, til beste for våre medlemmar, politikarane sjølve og ikkje minst publikum.