Pablo Neruda skreiv om eple og løk

Å skriva ein kort leksjon om livsverket til Neruda, kjennes elles som å laga ein haikuversjon av «Halvbroren».

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Pablo Neruda! For oss som har lese poesi ei stund er det ei eiga kraft i dette namnet. Dette er mannen bak eit av dei poetiske hovudverka i førre hundreåret, «Canto General», eller «Den store sangen», som boka heiter på norsk i Halvor Roll si framifrå gjendikting.

Men heldigvis kan eg visa den interesserte lesaren til fleire særs gode gjendiktingar. I tillegg til Roll, er det først og fremst Kjartan Fløgstad som har omsett dikt.

Desse finn du i «Pablo Neruda. Dikt i utval» (Lyrikklubben, 1973), og i «Dikt og spelemannsmusikk», (Gyldendal, 1993), samt i den nyleg utkomne «Kapteinens vers» 2003, (Solum). Elles har Kjell Risvik omsett sjølvbiografien til Neruda, «Jeg tilstår at jeg har levet» (Gyldendal i 1974). Til «Den store sangen» har Terje Johanssen skrive eit leseverdig etterord.

Eigentleg heitte han Ricardo Eliecer Neftalí Reyes, og vart fødd i Parral i Chile den 12 juni 1904. Til neste år er det altså eit hundreårsjubileum. Han fekk prenta det første diktet sitt alt som trettenåring. Då han var tjue tok han til å bruka forfattarnamnet Pablo Neruda. Pablo tydar på hebraisk «han som seier vakre ting», og Neruda hadde han plukka opp frå den tsjekkoslovakiske poeten Jan Neruda.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer