Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Pakkis

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Velkomskveld. Ha! Kva skulle det ha for seg? Velkomstkveld. Eit dumt ord for barnehagar. Dette var ei oljeplattform. Ei oljeplattform med velkomstkveld!! Ho dustete dama hadde stått der oppe, med eit digert smil, for å forebygge valden. Pøh. Ho fortalte kva han skulle gjere. Han -- sjefen. Og så kunne ei smilande dame sette alt på hovudet. Fordi nokon usle pakkisar skulle føle seg heime ein plass der dei ikkje skulle vere! Hersens pakkisar! Vald. Pøh. Sette alt på hovudet overalt fordi nokon folk kanskje har fått en støvel i munnen. Vi er no så mange på denne jorda uansett. Nokre pakkisar frå eller til gjer ikkje noko. Og så kjem dei ut hit. Til Tussa. Største, tøffaste oljeplattforma i heile Noreg. Og så hadde den VELKOMSTKVELD! Jonas sank tilbake i stolen og stirra hatsk på Janna som stod og smilte til pakistanerane som nettopp hadde kome til Tussa. Ein liten, radmager og forskremt mann satt og såg på ho med eit forskremt blikk. Innhole kinn bevra, som av frykt, kvar gong han forsiktig trakk pusten. Sånne folk - æsj! Jonas spytta. Nokon såg kanskje på han. Ha! Han var sjefen, han kunne spytte kor han ville. Den deilige følelsen av makt strømma gjennom årene. Jonas gliste, reiste seg opp og gjekk med tunge steg mot pakistaneren. Hersens pakkis! Han såg han opp og ned. Det var som om pakkisen kunne føle blikket hans. Han skalv. Blikket vandra opp og ned etter han. Han kunne nok føle det. Jonas smilte igjen. Så vridde han smilet til ein sur gjeip og spytta pakistaneren midt mellom auga.

- Bullseye, kviskra han, og gjekk.

Den sørens pakkisen hadde ei dotter. Eit avkom. Kva søren var vitsen med å lage nye sånne? Æsj. Og så kom ho rekandes her. Den ekle tøyta, kom rekandes her, på Tussa. Hans område! Han følte seg som eit rasandes dyr. Eit vilt dyr. Ein tiger kanskje. Hadde han vore ein, skulle han ha reve over strupa på henne. Det var det han ville. Legge dei store nevane over den spinkle halsen med den ekle, brune fargen. Klemme til så dei avskyleige mørke auga tagg han om å stoppe. Så stoppe. Og så sparke. Ja, knuse det ekle insektet av eit menneske. Knuse henne - halvt. Og så la henne ligge og skjemmest over å vere pakistaner. Skjemmest - og så dø! Han gliste. Alt dette kunne han gjort uten problemer. Men ein måtte halde eit image. Det hadde fått fem av dei ekle pakkisane til Tussa. Men han heldt ut. Det skulle han. Han glodde på henne. Dei ekle auga og den avskyelige hudfargen. Den kvalme holdninga og den frastøtende, mørke munnen. Yuk. Han spytta igjen.

Mayla heitte ho. Blankskallane syntest det var eit avskyelig namn. Den ekle skapningen, som våga seg inn til deira by. Derfor jaga dei henne. Dei kunne sjå store tårer trille nedover dei ekle, brune kinna hennar. Øydelegg henne! Han lo ein ondskapsfull latter. Han hadde gjengen i hælane. Han hadde makta. Og no skulle han bruke den!

- Ta henne. Mumla han. Gjengen lo, og kasta seg over den hikstande skapningen. MISFOSTER! Dei heldt henne nede, og lo over det panikkslagne fjeset. Det var ein deilig følelse at det var dei som fekk ho til å sjå sånn ut. Yess. Han spytta på henne.

- Du er ikkje verdt meir. Han kviskra det, men visste at ho fekk det med seg. Visste at det såra ho berre meir, og fekk henne til å vere endå reddare. Han satte ein fot på magen hennar, men drog den fort vekk igjen. Aldri om han skulle ha den lukta over seg. Pakkislukt! Han sparka henne. I ansiktet. Leppa revna, og blodet rann, som eit bevis på at han var sterkast. Han sparka henne i magen. I fjeset. Han drog ho i håret. Ho låg hikstande og blødande og såg på han. Dådyrauge som ville dåre han. Han tegna merket i fjeset hennes. Merket hans. Med raude render. Av kniven. Ho hylte. Ein avskyelig lyd frå eit avskyelig vesen. Han sparka nokre siste gongar. Og let ho vere att for å dø.

- Sjekk TV'n! Typane hylte til Jonas. Uforskamma vesen, dei òg. Inga respekt. Han nærma seg. Han hadde alt sinnet i seg. Sinnet som dei forferdelege pakkisane gav han. Alt var oppspart. No kunne vel denne mannen få det! Det var spart så lenge, og denne fyren var vel ikkje verdt så masse likevel.

- Hey, du. Typen snudde seg. Han så eit redselsslagent fjes stirre på den løfta flaska. -- Lønstillegg. Så slo han den i fjeset hans. Eit høgt hyl. Ein ekkel lyd. Ikkje ein pakkislyd, men like fullt ekkel. Han smilte ved synet av blodet, og mannen som vreid seg i smerte. Det skulle vore eit brunt fjes i det raude. Det mangla. Men det skulle vore eit brunt fjes i det raude, når han fekk tid. No skulle han ringe politiet og fortelle om den grusomme valdsepisoden. Kven kunne ha gjort dette? Slå ein mann i fjeset med ei flaske? På oljeplattforma hans. Fælt. Han lo. Først måtte han kaste flaska. Han var jo trass alt eit augevitne! Han kasta eit likegyldig blikk på TV'n. Der lå det eit brunt fjes i det raude blodet. Bada i sitt eige blod. Eit merke var teikna i fjeset. Med kniv. Rundt den ekle jenta stod det like ekle pakkisar og sippa. Det var visst ho ekle jenta som hadde reka på Tussa. Godt å bli kvitt ho. Ein brå bevegelse på skjermen. Den ekle pakkisfaren var daud. Han skaut seg sjølv. I full offentlighet, på TV. Bra show! En sekser. To brune fjes i det raude. Skikkelig bra. Tre personar mindre på jorda. Dei var uansett ubetydelege. Kva betyr nokon frå eller til?

- Oljeprisane har sunke med femtito prosent. Ei stiv dame gav beskjeden på TV'n.

- Søren! Livet er så urettferdig!