Paradiseffekten

Med stor spennvidde slår Wardenær ut sine komplekse språkfangarar.

BOK: Alt tittelen «Paradiseffekten» viser oss vesentlege ting ved Torild Wardenærs prosjekt. Ho er god til å skapa nye ord, og til å få gamle ord til å gje frå seg nye verknader. Men det er ofte mangetydig det ho peikar på.

Her får me ein peikepinn i retning av det utopiske. Kva verknad har det at me føresteller oss eit paradis? Og tittelen som heilskap gjev assosiasjonar i retning av sommerfugleffekten, og eit oppgjer med den naturvitskapelege årsak-verknad tenkinga.

Burlesk glede

Det er ikkje utypisk at Wardenær blandar saman mytiske eller litt pompøse ord frå ekstatiske område med begrep frå tørre vitskapelege analysespråk. Effekten er ofte auka spenning og ei burlesk glede over språklege mulegheiter.

Som i den førre samlinga, «Titanporten», møter me eit språk fylt opp av alle moglege informasjonsområde og nivå. Og dette kan vel også kallast ein trend i norsk lyrikk, med andre representantar som Espen Stueland og Inger Elisabeth Hansen. Postmodernistisk er alle område av menneskeleg erfaring sidestilte som tema og material for kunsten. Og der ein ser på sidestillinga som ein interessant sjokkverknad og overraskingseffekt i seg sjølv. Problemet er at diktet kan verta overlessa og truga med å bryta saman under vekta av sine mange sprikande bilete. Desse poetane ser ikkje ut til å vera skræmde av det ein litt flåsete kunne kalla Vindtorn-syndromet. Sjølv ikkje det pompøse ryggjer Wardenær tilbake for, og kvifor skulle ho det?

Frittflytende

Ho skriv forførande vakkert og står fram med omfattande kunnskap som fell naturleg inn i den forundrande og forvirrande diktveven. Men der andre som blandar saman mange områder, som dei siste diktsamlingane til Georg Johannesen og Robert Bly, har eit stramt grep om den ytre forma, er Wardenær frittflytande og frodig. Problemet er at teksten i så stor grad kan verta verande språk, og tråden til det den peikar på, vert klipt av: «Jeg opererer mitt eget hjerte etter plansjene i de gamle anatomibøkene. Det blir et søl som ventet.» Sjølv med Emily Dickinson i minne, vert dette ein leik for leikens skyld, og det kan ein trøytna av etter ei stund.

Men Wardenær balanserer oftast det lettvinte med medrivande linjer fylte av underliggjande alvor, og skapar då tekstar som det er ein lyst å lesa samstundes som det mørke underlaget slår gjennom og fargar veven.