Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Paragrafopprøraren

Spenstige dikt i møtet mellom maktspråk og eit ordboblande opprør.

BOK: «Du har nok rett, men det er jeg som tar feil.» Uttrykket stammer frå Freddy Fjellheim, og eg kom til å tenkja på det under lesinga av Cathrine Grøndahl si nye diktsamling «Lovsang».

Desse dikta vert til frå ein posisjon der poesien ved sin leik med orda og sin kunstnarlege autoritet kan utfordra jussen sitt maktspråk.

Poeten og forsvarsadvokaten snakkar på ein måte begge for den som ikkje kan snakka for seg sjølv. Boka er eit relativt gjennomført løp bygd på ein idé om eit møte mellom juss og poesi, og har då også nokre av veikskapane som kan råka all konseptkunst, nemleg at ein tværar ut temaet, og at ein tek med noko som elles ikkje ville kome med, fordi det «passer inn».

Satire

Men ser ein bort frå eit par meir studentikose innslag, så er her mange uvanlege, samtidsnære og satiriske dikt!

Orderud og Baneheia står her side om side med den fiktive Peder Ås, som alle rettslærestudentar har møtt.

Nokre av dei finaste dikta er dei som kan stå seg også utanfor samanhengen, som «Forutberegneligheten» og «Ingen lovsang». Her er også suverene og morosame linjer som kan gå inn i språket til alle som har lese dei: «En ulykke kommer sjelden alene / To skritt bak går en advokat.»

Norges lover

Sjølv om halen på sjøhestane svingar andre vegen enn på paragrafteiknet, så forfører Grøndahl oss med på eit vilt ritt på sjøhestar og paragrafar.

Eit av dei visuelle inntrykka ho utnyttar maksimalt og med styrke, er den store tjukke røde boka Norges lover.

Lovsamlinga vert presentert som ein rød låve, knytt til brannbil og flammar, og i diktet «Dommeren» vert lovsamlinga ein rød verktøykasse som «vaktmeisteren» har med seg. I det heile er det ofte gestaltinga av Loven som gjer dette til spennande lesing. Cathrine Grøndahl stå fram som ein langt meir disiplinert poet enn i debutboka, men styrken hennar ligg i det å blanda disiplinen med dei ville ritta ut i uventa ordlandskap, og ikkje minst i den spenninga ho skapar mellom maktspråk og eit opprør der boblar av lått får den alvorlege og klisjéfylte overflata til å sprekke.

I sprekkene kjem dei underliggjande alvorlege tema til syne.

I dei aller beste dikta kjem det også inn ein eksistensiell sårbarheit som viser fram poeten sin utsette stilling:

«Jeg synger, altså kan jeg miste alt.»

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media