ParLAEmentarismen

Det var eit historisk framsteg da såkalla parlamentarisk styresett vart innført på slutten av 1800-talet. Stortingsrepresentantane – som den gongen vart vald av og blant den mannlege befolkninga – styrka stillinga si i forhold til Kongen og embetsmennene.

Innføringa av «kommunal parlamentarisme» i Oslo snautt 100 år seinare, verka heilt motsett. Byrådsordninga førte til at nokre få heiltidspolitikarar og det øvste byråkratsjiktet styrka makta si, mens dei folkevalde i bystyret vart plassert på sidelinja i enda større grad enn før.

Dei siste åra har byrådsleiar Erling Lae (H) utvikla systemet vidare. Styresettet i Oslo har fått udemokratiske særtrekkk som er utenkjelege på statsplan. Vi kan med rette snakke om ein kommunal parLae-mentarisme.

Dei sju personane i «byregjeringa» (byrådet) styrer kvar si byrådsavdeling. Ein kommunaldirektør er øvste administrative sjef i kvar byrådsavdeling, slik som departementsråden er øvste embetsmann i eit departement.

For at ein folkevald politikar som blir byråd, skal kunne utøve ei sjølvstendig politisk makt, må ho eller han både vere overordna og uavhengig av dei byråkratane som skal setje politikken ut i livet. Dei må ha ryggrad og mot til å setje ut i livet den politikken dei står for. Den britiske «Javel, statsråd. En ministers dagbok» som vart TV-serie, viste at dette ikkje er så lett. Det blir gjerne slik at embetsmennene styrer politikarane. Da er vi tilbake til ordninga før parlamentarismen vart innført.

Erling Lae har vidareutvikla systemet slik at kvar byråd har ein personleg rett til å instruere bydelsdirektørane og etatsjefane om kva dei skal gjere. I byrådsreglementet står det at «byrådenes instruksjonsmyndighet overfor underliggende virksomheter utøves gjennom vedkommende byrådsavdeling». Det betyr at dersom byråd Peter N. Myhre (FrP) skal instruere direktøren i Samferdselsetaten om drosjepolitikken i Oslo, så må han gjere dette gjennom kommunaldirektør Jo Frisch. Viss finansbyråd André Støylen (H) skal instruere Kemnerkontoret eller ein av dei andre etatane sine, så må han gjere det gjennom kommunaldirektør Merete Johnson. Om kulturbyråd Anette Wiig Bryn (FrP) skal fortelje Kultur- og idrettsetaten eller Gravferdsetaten kor skapet skal stå, så må ho gjere dette gjennom konstituert kommunaldirektør Gro Balas.

Med tilsetjinga av desse tre kommunaldirektørane viska byrådsleiar Erling Lae ut skiljet mellom byråd og byråkrati. Alle dei tre toppbyråkratane har nemleg vore byrådar tidlegare. Både Jo Frisch (H) og Merete Johnson (H) har vore byrådar på sektoren der dei no er kommunaldirektørar. Konstituert kommunaldirektør Gro Balas (A) har hatt tre ulike byrådsverv.

Dette er jamgodt med at statsminister Jens Stoltenberg utnemnte tidlegare samferdselsminister Kjell Opseth (Ap) til å være departementsråd under statsråd Navarsete (Sp) og Sigbjørn Johnsen (Ap) til å vere departementsråd under finansminister Kristin Halvorsen (SV). Og for at ingen skulle kritisere han for berre å hjelpe fram gamle partifeller, så kunne han krydre det heile med å la den tidlegare H-statsråden Victor Normann bli departementsråd i Administrasjons- og fornyingsdepartementet.

På statsplanet er dette utenkjeleg. Men i det H/Frp-styrte Oslo er dette den nye trenden. Tidlegare byrådar er no kommunaldirektørar i tre av av dei sju byrådsavdelingane.

Byrådsleiar Erling Lae (H) har på dette viset vevd venne-sjiktet av heiltidspolitikarar og kommunaldirektørar enda tettare inn i kvarandre. Ingen ser kor den politiske makta sluttar og kor den administrative makta startar.

Tilfellet med byråd Peter N. Myhre (Frp), kommunaldirektør Jo Frisch og drosjepolitikken kan bli ståande som eit negativt eksempel å ta lærdom av. Jo Frisch har i mange år vori gift med ein annan tidlegare Høgrepolitikar. Ho starta som drosjeeigar og bystyremedlem og avanserte til å bli administrerande direktør i CenCom AS, som er selskapet som leverer taxameter og anna teknisk utstyrtil Oslo Taxi. Oslo Taxi eig 93 % av aksjane i CenCom AS. Kommunaldirektør Frisch har derfor i årevis vore inhabil, men han har ikkje brydd seg med å seie i frå om det. Han har bryti forvaltningslova. Byrådsleiar Lae ser ut til å ha vore uvitande. Dette er uheldig, uavhengig av at taxameter-kvaliteten har vore eit stridstema i utkanten av det rekneskapsjukset som ein del drosjeeigarar no er tiltalt for.

For å seie det enkelt: Innføringa av byrådssystemet i Oslo for snart 20 år sia konsentrerte makta på toppen i Rådhuset og reduserte demokratiet. Høgre og Frp har gjort systemet verre ved å perfeksjonere ei ordning der dei utnemner tidlegare byrådar og politikarvener til nøkkelstillingane som kommunaldirektørar.

Den særeigne parLae-mentarismen må avviklast. Bystyret skal snart behandle eit forslag frå RV om at tidlegare heildagspolitikarar ikkje kan vere kommunaldirektørar i Oslo kommune. Blir det vedtatt, er det eit lite steg i riktig retning.