ALL MAKT I DENNE SAL?: Regjeringa med tilbudsideparlamentarisme i Stortinget. Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix
ALL MAKT I DENNE SAL?: Regjeringa med tilbudsideparlamentarisme i Stortinget. Foto: Terje Pedersen / NTB ScanpixVis mer

Parlamentarisme er eit tøyelig prinsipp

Regjeringas underliggande fagetatar er den reelle opposisjon.

Kommentar

DENNE VEKA tar spalta ein pause frå vanlig mobbing av personar og saker som suger. Møkkagreipet er bytta ut med finare reiskap for politisk-arkeologisk utgraving i regjeringa Solbergs endring av vår heimeavla konstitusjonelle praksis.

PARLAMENTARISME er tøyelig, men det konstitusjonelle prinsippet er enkelt: Regjeringa må ha tillit, eller i alle fall ikkje uttrykt mistillit, frå fleirtalet i Stortinget. «All makt i denne sal», sa Venstre-høvdingen Johan Sverdrup før 1884. Han var ikkje like klar då han utvandra frå Stortinget og fekk opphald som statsminister. Med politiske flyktningar og stadige avskallingar frå Venstre var den sverdrupske parlamentarismen i praksis: Regjeringa sit så lenge ho har fleirtal i regjeringa.

DEN HØNSVALDSKE parlamentarismen hadde dette mottoet: Det er ingen politisk situasjon, for Arbeiderpartiet har fleirtal. Parlamentarisk førar Nils Hønsvald formulerte det slik i 1959 då det blei reist mistillitsforslag mot statsråden fordi Norge hadde selt ammunisjon til Cuba mens Batista-regimet var i borgarkrig med Castro og Che Guevara: «Det vil neppe noen gang hende at noen representant for Arbeiderpartiet stemmer for et borgerlig mistillitsforslag rettet mot sitt eget partis regjering. Hvis Arbeiderpartiet av en eller annen grunn ønsker regjeringsskifte eller endring i Regjeringens sammensetning, fremmes dette ønske på annen måte enn ved åpent mistillitsvotum i Stortinget». Statsrådar i Einar Gerhardsens regjeringar sat så lenge dei hadde tillit hos landsfaderen og fleirtal i Partiets stortingsgruppe. Å bli flytta til eit anna departement eller bli fylkesmann, var alternative opsjonar.

DEN ELEGANTE, spisse og perfide historikaren Jens Arup Seip formulerte det slik i foredraget «Fra embedsmannsstat til ettpartistat»: «Stortinget har vært i politisk eksil mellom Elverum og Kings Bay.»

MINDRETALSREGJERINGAR bautar seg fram med skiftande fleirtal så lenge dei andre ikkje samlar seg for å overta. Gudmund Hernes formulerte den harlem-brundtlandske parlamentarismen slik: Regjeringen sitter så lenge det er flertall i regjeringen for å bli sittende.

SEGWAY-REGJERINGA, som med støttehjul har ein umoralsk majoritet, har vore freda etter Storskog. Gjennom høyringsrunden var regjeringas underliggande fagetatar den einaste reelle opposisjon. Asylvi Listhaug blei innvilga varig opphald - i tråd med nytalen i Nydalen - varianten av den hønsvaldske parlamentarismen. Den retoriske innstrammings- og utvisningsministeren er ikkje Trine Skei Grandes statsråd, så Sverdrups gamle parti protesterer for all verda, men følgjer med på ferda.

DEN SOLBERGSKE parlamentarismen er basert på markedsmekanisme: Regjeringa er på tilbodsida og åpnar for å justera forlika om etterspørselen skiftar. Altså tilbudsideparlamentarisme. Då er det betryggande at Carl I. Hagen har meldt seg som konstitusjonell lovseiemann - i den utgaven av Aftenposten der dei publiserte alle debattinnlegg dei fekk tilbod om i løpet av eit døgn.