Pårørande blei gløymde

Når det i framtida blir mangel på både arbeidsfolk og frivillige som skal ta hand om stadig fleire eldre, er det på tide å få ein pårørandepolitikk som kan løysa opp i tidsklemma mange står i.

FRÅVERANDE: «I dei fire åra pappa levde etter slaget, slo det meg kor fråverande familieomsorga er i eldreomsorgsdebatten», skriv Noralv Pedersen. Foto: Heiko Junge / NTB SCANPIX
FRÅVERANDE: «I dei fire åra pappa levde etter slaget, slo det meg kor fråverande familieomsorga er i eldreomsorgsdebatten», skriv Noralv Pedersen. Foto: Heiko Junge / NTB SCANPIXVis mer
Debattinnlegg

Helseminister Jonas Gahr Støre bedyra i valkampen å snakka om pårørande si krevjande og avgjerande rolle i eldreomsorga. Det gjorde han ikkje. Vil den nye borgarlege regjeringa tora å dreia skuta?

Eldreomsorg frå pårørande har vore nærast fråverande i norsk velferdsdebatt. Gratisarbeidet frå familie, vener og naboar er knapt blitt registrert i sakshandsaming, statistikk eller utgreiingar sjølv om det er rekna ut til å utgjera heile 100 000 årsverk. Til samanlikning blei det i dei kommunale pleie- og omsorgstenestene gjort arbeid som svarar til 129 000 årsverk i 2011. Pårørande legg med andre ord ned ein formidabel innsats, men dette har politikarane unnlate å snakka om i femti år.

Sjølv blei eg pårørande då far min fekk hjerneslag i 2009. I dei fire år pappa levde etter slaget, slo det meg kor fråverande familieomsorga er i eldreomsorgsdebatten. Blant dei tre store partia i landet - Ap, Høgre og Frp - finst det knapt politikarar som offentleg drøftar tiltak som kan letta dei dilemmaa mange pårørande opplever, tiltak som kan gjera det enklare for - i mitt tilfelle - ein son å hjelpa far sin, og avlasta mor si, meir og tidlegare enn det eg fekk til.

Tilstrekkeleg med sjukeheimsplassar er viktig, men eg skulle gjerne høyrt folkevalde som - i tillegg til å telja sjukeheimsplassar - drøfta betre omsorgslønsordningar og grep som kunne gjera det lettare å kombinera arbeid og omsorg. I dag går omsorgsplikter ut over arbeidet for mange - og omvendt, og nokre opplever å svikta både på jobb, på heimebane og som pårørande.

Når det i framtida blir mangel på både arbeidsfolk og frivillige som skal ta hand om stadig fleire eldre, er det på høg tid å få ein pårørandepolitikk som kan løysa opp i den tidsklemma mange står i. Eit meir fleksibelt arbeidslivet kan gjera det lettare for ein arbeidstakar å hjelpa ein forelder som treng det.

I juni utfordra eg partileiarane i Ap, Høgre og FrP til å løfta pårørandeperspektivet inn i den føreståande valkampen. Dette skal me snakka om, svara helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Men det gjorde verken han, Jens, Erna eller Siv. I endå ein valkamp gav dei veljarane eit inntrykk av at meir pengar, betre etterutdanning, bemanningsnormer og lovfesta rett til sjukeheimsplass er løysinga på den såkalla «omsorgskrisa». Når dei veit at det i 2040 vil vera dobbelt så mange nordmenn over 70 år som i dag, og at det er usannsynleg - og uønskt - å auka talet på omsorgsarbeidarar tilsvarande, er det ei unnlatingssynd å ikkje drøfta korleis Norge skal takka dei mange pårørande som gir omsorg - og utfordra dei som kunne ha ytt meir.

Når dei ikkje-sosialistiske partia no prøver å bli samde om ei politisk plattform for ei ny borgarleg regjering, håpar eg at dei gjer to ting: Målber ein pårørandepolitikk som verdset den store innsatsen mange pårørande legg ned, gjennom synleggjering, likestilling, fleksibilitet, rettleiing og avlasting, men òg i form av rausare økonomiske ordningar, og ikkje slik Stoltenberg-regjeringa har gjort, nemleg sendt ei ny omsorgslønsordning ut på endå ei ny ørkenvandring av utgreiing.

Det andre er å halda opp med å lata som om den institusjonelle eldreomsorga er svaret åleine. Ei altomfattande offentleg omsorgsteneste kan ikkje løfta alle børene frå skuldrene våre. Nordmenn yter mindre familieomsorg enn før, viser forsking, og mi erfaring er at pårørande ikkje stiller opp så mykje som dei kan: Eg kunne ha gjort meir, men lenge var eg ikkje villig til å forsaka fridommane i mitt eige liv. Nettopp denne norske sjølvrealiseringsnorma gjer det ømtolig å be pårørande yta meir. Men politikk er å vilja: Finst det politikarar i ei ny borgarleg regjering som torer dreia skuta?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.