UKLART BUDSKAP: De to kronikkforfatterne mener APs budskap har vært for utydelig. Nestleder Trond Giske i Arbeiderpartiet utenfor partikontorene på Youngstorget i Oslo. Foto: Tore Meek / NTB scanpix
UKLART BUDSKAP: De to kronikkforfatterne mener APs budskap har vært for utydelig. Nestleder Trond Giske i Arbeiderpartiet utenfor partikontorene på Youngstorget i Oslo. Foto: Tore Meek / NTB scanpixVis mer

Valg 2017:

Partiet vårt gjekk til val på eit verkemiddel – ikkje eit mål

Mange i arbeidarbevegelsen og befolkninga har alt spurt seg om vi har gløymt røtene våre.

Meninger

Arbeidarpartiet gjorde sitt dårlegaste val som opposisjonsparti på over 90 år på måndag. Dette er oppsiktsvekkande og i etterkant av nederlaget blir det sjølvsagd snakka om kva som gjekk gale – og kvifor.

Jonas Bugtene Boulifa
Jonas Bugtene Boulifa Vis mer

I etterklokskapens lys er alt lett å sette fingaren på seiast det. Utfordringa med denne forklaringa er at fleire av momenta som no kjem fram er signal som ein på grasrota har sett og varsla om i over eit år, men som ein på Youngstorget ikkje har tatt alvorleg nok. Utan at vi skal påberope oss rolla som distriktsalibi, så kan det vere fristande å stikke eit hol i Oslo-bobla som fleire i partiapparatet sentralt har levd i. Mange i arbeidarbevegelsen og befolkninga har alt spurt seg om vi har gløymt røtene våre.

Erik Kursetgjerde
Erik Kursetgjerde Vis mer

Rundt i fylka har dei frivillige stått på som aldri før, men i møtet med mange av veljarane har ein fått tilbakemelding om at dei meiner at Arbeidarpartiet og vår bodskap har vore altfor uklar. Noko kan forklarast med medias fokus – men mykje kan også forklarast i partiets evne til å kommunisere ut til folket kva ein meiner i einskilde saker.

Å gå til val på 15 milliardar i skatteauke var ambisiøst, men viste og at Arbeidarpartiet er eit statsberande parti ved at ein var oppteken av dei store linjene - til tross for at fallhøgda var stor. Diverre greidde ikkje partiet å svare på kvifor og kva ein skulle gjere med desse midlane på ein tilstrekkeleg måte.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Partiet gjekk til val på eit verkemiddel – ikkje eit mål. Resultatet var at partiet måtte forsvare seg, som om ein sjølv hadde vore i regjering dei fire siste åra. Konsekvensen av dette var at ein ikkje greidde å komme i posisjon til å sette dagsorden for det offentlege ordskiftet. Den offensive strategien som blei brukt under valkampen knytt til landets tilstand var nok meir relevant når arbeidsløysa var høgare – og stempelet som Arbeidarpartiet har forsøkt å sette på Framstegspartiet som eit negativt og «sutrete» parti fekk ein slengt rett i fleisen, med svar om at ein var svartmalande og krisemaksimerande.

Når ein endeleg innsåg at hovudkritikken mot regjeringa enkelt kunne avfeiast som svartmaling valde ein å kaste seg inn i en verdikamp, som til tross for si viktigheit ikkje hadde den mobiliserande effekt einskilde trudde den skulle ha. Som ein del av grasrota ser vi at ein ikkje har klart å bryte igjennom støyet i det offentlege ordskiftet med konkrete løysingar på dei utfordringane folk opplever i kvardagen. I staden for endte ein opp i ein identitetspolitisk debatt som har resultert i at grupper i samfunnet som i utgangspunktet har samanfallande interesser har blitt satt opp mot kvarandre.

I kjølvatnet av valnederlaget vil det etter vårt syn vere ei stor tabbe å redusere orsaksforklaringane til spørsmål om kommunikasjonssvikt åleine, sjølv om dette var og er ein stor del av problemet. Problemet er i høgste grad også politisk. For det første så må ein spørje seg om partiet har forstått si rolle som opposisjonsparti dei fire siste åra.

Sjølvsagd skal ein ikkje konsekvent vere imot alle forslag ei borgarleg regjering kjem med, men det er liten tvil om at ein ikkje har nytta moglegheita til å fronte eit alternativt og heilskapleg samfunnsprosjekt frå opposisjonsrolla i Stortinget. Vidare så synes det tydeleg at frykta for konflikt internt har resultert i at partiet har inntatt vage og utydelege standpunkt i viktige saker som oljeutvinning i nord, behandlinga av einslege mindreårige asylsøkjarar og profitt i velferda. Resultatet er at ein har plassert seg i eitt politisk ingenmannsland der ein taper veljarar til begge sider. Uavhengig av om ein står på den eine eller andre sida i disse spørsmåla, må ein evne å forstå at slike mellomløysingar neppe overtyder idealistar på venstresida eller pragmatikarar som soknar mot sentrum.

Det haster å skrinlegge den såkalla "flytveljarteorien". Arbeidarpartiet treng ei reform og eit samfunnsprosjekt om partiet skal returnere til gamle høgder. Først må ein igjennom ei hard sjølvkritisk evaluering, ikkje for å få vite det ein allereie veit, men kva ein skal gjere vidare. Denne evalueringa må starte hos lokallaga og dei som møter vanlege folk med vanlege utfordringar kvar einaste dag. Det er dei som veit kvar skoen trykkjar – og kva retning ein må gå for at folk skal føle seg sett og høyrt.

Arbeiderpartiet er det partiet som alltid sterkast har peikt veg for demokratiet, velferdsstaten og vanlege folks rettar i Noreg. Det er det fortsatt, men ein må vere tydelegare på det.

Arbeidarpartiet treng til neste val eit sterkare prosjekt forankra i ein sterkare organisasjon. Ein del av løysinga må vere å igjen bli ein folkebevegelse, som fangar opp dei motkreftene som rører seg i samfunnet. Ein må ta eit oppgjer med dei aukande forskjellane i makt og rikdom, og iverksette kraftfulle tiltak for å motverke dei. Frustrasjonen blant folket grunnar kanskje nettopp i ei kjensle av maktesløyse. Difor har Arbeidarpartiet med rette åtvara mot eit samfunn prega av meir splitting og moglege parallellsamfunn.

Sjølv om diagnosen er rett må ein også finne riktig medisin. Dagens unge er dei som for alvor vil merke konsekvensane av handlingslamma politikarar, og kva slags svar vi kjem opp med vil avgjere om vi klarer å engasjere folket utover dei eldsjelene som allereie har brukt store deler av sitt liv i det partipolitiske Noreg.

Ingen av oss påstår å sitte med ein fasit på korleis det bør gjerast, men det er naudsynt at partiet legg ein målretta strategi som har til hensikt å inkludere fleire i den politiske prosessen i tida framover.

Erik Kursetgjerde har for tida permisjon frå sine verv grunna trainee-opphold ved den norske ambassaden i Tallinn.