FORLAG OG IDEOLOGI: I sumarens forlagsdebatt har Tine Kjær i Piratforlaget gjentekne gongar freista å redusera eit viktig spørsmål – bør norske forlag vilja noko meir med bøkene sine, utover å tena pengar? – til bakstreverske draumar om 1970-talet. I sitt siste innlegg held ho fram denne strategien, og hevdar at Forlaget Manifest si avvising av det apolitiske forleggeri inneber at vi vil at norske forlag skal «markere (parti)politisk ståsted» (Dagbladet 31. juli).
På same måte som Kjær har vanskar med å tenkja at «ideologi» kan vera noko anna enn «1970-tal» verkar det uråd for ho å tenkja at politikk er noko meir enn partipolitikk. Men å innta ein politisk ståstad kan også bety dette: Å føla eit moralsk krav om å kopla si forståing av samfunnet med eit syn på kva som er den (politisk) beste vegen å gå. Å knyta erkjenning til handling, altså. Er ikkje litteraturen, og boka som medium, særleg eigna til dette?
Vi skulle, tilliks med Dagbladets Unn Conradi Andersen, gjerne sett fleire norske forlag som torde å vera politiske i denne tydinga. Her tykkjer vi Kjær og Piratforlaget er alt for dogmatiske i si tru på at forlag berre bør ha éin ideologi: ”ingen ideologi overhodet”. Resultatet av denne tenkinga ser vi i norsk bokbransje i dag: Ein skal kunne gje ut «alt», berre tekstane har høg nok ”kvalitet”. Dei fleste norske bøker kunne i prinsippet ha vore gjeve ut på kva som helst anna norsk forlag. Vi trur vi ville fått spanande litteratur, viktigare debattbøker og meir mangfald i norsk bokbransje dersom fleire forlag hadde vore kritiske til denne ”forleggerismen”, og heller tona eige litteratursyn, eigen agenda.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger