DEBATT

Debatt: Fiskekvoter

Per Sandberg på krigsstien

Når Per Sandberg har ein dårleg sak, så svarer han ofte med store ord og skuldingar om at andre ikkje har forstått saka.

FISKEKVOTER: Per Sandberg har gjennom eit vedtak om dispensasjon (Klo-saka) opna for at fiskeindustrien kan ha fiskekvoter. Dette har fleirtalet på Stortinget sagt tydeleg at ein ikkje ynskjer, skriv artikkelforfattaren. Foto: Nina Hansen / Dagbladet
FISKEKVOTER: Per Sandberg har gjennom eit vedtak om dispensasjon (Klo-saka) opna for at fiskeindustrien kan ha fiskekvoter. Dette har fleirtalet på Stortinget sagt tydeleg at ein ikkje ynskjer, skriv artikkelforfattaren. Foto: Nina Hansen / Dagbladet Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Slik er det også i saka om kven som skal kunne drive fiske i Norge og korleis me skal sikre fiskeriressursane på norske hender. Sandberg har gjennom eit vedtak om dispensasjon (Klo-saka) opna for at fiskeindustrien kan ha fiskekvoter. Dette har fleirtalet på Stortinget sagt tydeleg at ein ikkje ynskjer.

Geir Pollestad
Geir Pollestad Vis mer

Sandberg er på byråkratisk vis oppteken av at det er eit skille mellom nasjonalitetskrav og aktivitetskrav. Det kan han ha rett i om ein ser på rettssituasjonen i dag. Senterpartiet er ikkje opptekne av å drive byråkratisk argumentasjon i dag, slik Sandberg og Frp gjer. Me er opptekne av å sikre norsk eigarskap til fisken for framtida. Aktivitetskravet og nasjonalitetskravet er på kvar sin måte to ulike vern for norsk eigarskap.

Skal me lukkast med å sikre norsk eigarskap til fisken kan me ikkje ta nokre sjanser no. Om me slår ring om at berre aktive fiskarar kan ha kvoter, så vil det gje ein ekstra tryggleik for at fisken vert på norske hender. Opnar me for at industrien kan eige kvoter kan eigarskap fort bli utvatna og vanskelege å halde oversyn med. Sandberg driv eit farleg spel med den norske fisken.

Eg lever godt med skuldingane frå Sandberg, men skilnaden er at der Senterpartiet let tvilen koma «det norske folk sitt eigarskap til fisken» til gode, så er Sandberg på «kapitalen og venturefonda» si side. Så enkelt er det: Politikk handler om å velja, ikkje om å dela ut politiske ørefiker.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer