DAG SOLSTAD: Det blir for mye bomull og duun. Foto: Agnete Brun
DAG SOLSTAD: Det blir for mye bomull og duun. Foto: Agnete BrunVis mer

Perler for svin

Innstrammingsdugnad mellom løglege skruvar og anna folk.

Kommentar

Denne veka har Stortinget vore ein politisk Playstation 4 for krypterte meldingar. Dei to partia innanfor og dei to like utanfor har gått mange omgangar for å henga saman, slik at dei ikkje blir hengde ut kvar for seg. I det spelet kunne dei hatt bruk for hjelp frå den dristige Per-Mathias Høgmo i jakta på mellomromskompetanse og komplementære utviklingsmuligheter.

Øyrekviskrarar, spindoktorar og andre politiske strategar har eit grunnleggande råd: Du skal aldri sløsa bort ei god krise. Den midlertidige bevæpninga er midlertidig forlenga, og det er forlik om ein innstrammingsdugnad med meir overvaking, meir internering, fleire matkupongar og fleire avviste asylsøkarar. Det er bare Fremskrittspartiet som har fri bevegelighet over aller grenser.

For eit tiår sidan heiste Staten vimplane for ein nasjonal dugnad og pusja på oss folkeaksjar i Telenor. Det ramma både meg og Odd Omland, min sambygding på Stortinget. Nå har Telenor som takk sendt meg eit pent lite beløp i utbytte. Det kan vel ikkje kallast korrupsjon, men eg tar eit hint og innser at eg heretter bare bør skriva pent om Telenor og det dei har å baksa med. Det er i mi materielle interesse at dei falske bachelorane i Telenor får leika fritt med oligarkane i Langtvekkistan.

Komikarveldet har overtatt det åndelige hegemoniet som folketribunal over Medmenneske her i landet i vår Samtid. Fremst mellom Menneske og Maktene er Harald og Tre venner. Dei står I Stormen og pirkar i Det gode samvite. Av og til skjer det I blinda, men dei finn likevel Vegar og villstig, mens Gud smiler.

Poetokratiet har tapt. Utan genanse og verdighet er åndslivet ramma av litterær foreldelse i forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige. Det blir for mye bomull og duun. Bare den episke Dag Solstad klarer seg i Straumen og evja, nå som I ungdommen. Då var han kinesar I eventyre, og på sofaen i Rathkes gate grov han fram ideologi frå Gamal jord. Solstad liker å gå Paa tvert, så han har funne sin plass mellom Løgelege skruvar og anna folk. Det er nok ei stund til Siste leveåre (fødd16.07.41), men han jobbar iherdig med sitt Ettermæle. Og Solstadfolket jublar som var dei med i Storbrylloppet, kvar gong profeten dukkar fram frå sitt perforerte eksil som sit-down komikar.

Svingstol var tittelen på Dag Solstads andre bok. Samlinga av prosatekstar blei rimelig godt mottatt, men diktaren sjølv var så misnøgd at han rykka inn ei «Kunngjøring» i Dagbladet lørdag 8. juni 1968. Der bad han alle som hadde boka, gripa til kulepennen, stryka ut ordet SVINGSTOL på forsida og tittelbladet og erstatta det med PERLER FOR SVIN. Og for det motta forfattarens takk. Takk i lige måde.

Det er sett og hørt at Dagbladet skal slankast og vera med på innstrammingsdugnaden i Aller Media. 110 millionar skal sparast. Det er jo bare ei pølse i slaktetida: Om lag 10 prosent av det dei tidligare eigarane i Berner Gruppen, med styreleiar h.v. Jens P. Heyerdahl d.y. i spissen, har tatt ut som ekstraordinært utbytte etter at dei selde Dagbladet til Aller og Dagblad-gården i Akersgata til KLP. Sådan er papir-kapitalismen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.