Poda poesi

Debutant med Björling i ryggsekken, på veg mot sitt eige språk.

Når eg les det første diktet i Yngve Pedersen si debutsamling:

Vide egn, der elvestrøm er under all egn. Som blodfrø. Og sødme.

Og avling. Der ut fra springer, springer den åre i det hele. Og synt

kan man se, det hele i det hele. Og samfunn, du samfunn, kryper

så stille i den jord.

Du jord!

Så er min første reaksjon: Dette var ein dyktig gjennomført parafrase over stilen til Gunnar Björling, den store finske poeten som debuterte med diktsamlinga «Du jord du dag».

«O frambrudd!»

Det skal bli artig å sjå om han gjer dette med andre store poetar også. Men også det neste diktet minner sterkt om Björling, og her tek han til overmål i bruk uttrykksforma «O frambrudd!», som er så typisk. Björling skapte ein særeigen versekunst, og Poul Borum kalla han ein av den moderne poesiens store innovatørar. Mest kvar linje er eit vitnesbyrd om alvoret og tyngda i hans engasjement i prosodi, i det å kunna våga å seia tinga ved sitt namn, enkelt og kraftfullt.

Når nå Yngve Pedersen debuterer med ei bok så full av direkte gjenklangar av Björling, vert det eit problem. For her blir det «o forsoning», «O levning!» og «o evighets lengsel».

Mangler balanse

Eit av Björlings grep var å gje småorda nye syntaktiske funksjonar, som her: «att dag, himmel / är / är vart löv mig / luft är», ført i pennen med ein ekstrem sans for balanse.

Når Pedersen nå gjer mykje av dei same tinga, hender det at han demonstrerer mangelen på denne balansen, og overdrivingane vert då lett komiske: «Men såkorn, du såkorn, er såkorn.»

Og av og til blir det påfallande sære i språkføringa ein barriere for lesinga: «Et plagg av selvløshet, er som hektet.» eller «En nekrose vokser, som ut».

Men når det er sagt som måtte seiast, så finst det att ein Yngve Pedersen som skriv seg inn i dette på ein måte som gjer at mange av desse tekstane får sitt eige liv.

Han er ofte konsentrert og treffsikker og har ein inderleg nervøsitet. Gjennom bruk av gamle og heilt nye ord, skapar han ein merkeleg tone som inneheld eit språk eg kjenner meg overtydd om at han vil utvikla vidare til sitt eige. «Men fremdeles sender stunder rolige pust, igjennom all den vevre vekst.»