Poesi om pengar og kjærleik

Dikt som utan mykje show viser at også telling fungerer.

BOK: «Sjå på meg nå!» -   i kontrasten mellom dette velkjente egosentriske ropet om merksemd frå eit barn som dristar seg ut på ein rutsjebane, og det gombrowitczke medvitet om å bare vera den eine over brøkstreken når det er seksmilliardar under, spenner Geir Gulliksen ut sine nye, velformulerte dikt.

I ein nøktern og forteljande tone, som ein litt avpoetisert Sonnevi, legg Gulliksen fram sine betrakningar om å korleis ein kan oppfatta seg sjølv som noko eineståande, som eit individ, når ein også skal sjå seg i forhold til milliardar andre. Blir det nok individualitet til alle?

Ein metode er å vera «helt vanlig». Gulliksen skriv om det å vera far når eit barn er sjukt. Om å følgja førsteklassingen på skulen. Og i diktet som ligg tettast opp til å vera eit titteldikt, «se på deg nå/du prøver å være/så liten du kan/ én blant seks/milliarder» ender han likevel opp med eit poundsk metrodikt-aktig image til slutt: «som om ansiktet ditt/ var en slags lysømfintlig blomst» .

Dobbelt medvit

For det er denne ambivalensen, eller meir; dette doble medvitet, som er så gjenkjenneleg for lesaren; det unike ved det eine menneske og det individuelle som vert borte i det storefellesskapet, i massen og den kollektive lagnad. I det å vera ein av så mange, overletne til dei same eksistensielle grunnvilkåra: «det er jo helt vanlig å dø» .

Om pengar

Gulliksen fører lesaren inn i dikta ved å nytta vanlege og gjenkjennelege situasjonar; «Senere på kvelden går jeg tilbake mot leiligheten/med tre tunge bæreposer i hendene» , eller han tar et kvardagsleg språkleg uttrykk, som «å gi hverandre hånden» , og i begge tilfelle dreg han umerkeleg i det vanlege til det byrjar å visa noko anna, noko som ligg under eller bak.

Det kan verta komisk og absurd, «en annen/hadde allerede løftet hånden din til ansiktet og sagt:/ denne skal du heller la meg disponere» , eller bare nærme seg meir og meir poesiens kjernekraft: «Det er kanskje sant at vi bærer/mer og mer eksistens inn i verden» .

Essay Nokre fascinerande dikt har Gulliksen kalla «Essay; «Et essay om alle», «Et essay om penger» og «Et essay om brød». Det som er tema for alle desse, er det å finnast eller ikkje finnast. På kva måte kan ein seia at pengar finst?

Det er få diktarar som klarer å halda fokus tvers gjennom ei heil samling dikt. For denne lesaren verkar diktet «Vinden kom» for lett, skrive fram på ein idé meir enn erfaring. Men dette er unntaket! Her er dei fleste dikta vesentlege og enkle, med ei raffinert og gjennomarbeidd form som gjer det heile til god litteratur. Om pengar, om død. Men og som her, om kjærleik:

Pengene eksisterer ikke.

Akkurat som Gud

er de usynlige, og virker gjennom

stedfortreder

Han som har mer penger i dag enn han hadde

i går er mer verdt idag enn han

var i går

Da har en annen blitt mindre verdt

Som kjent tyder ordet essay «forsøk», og Gulliksen har ei herleg oppsummering av sine essay i det vesle diktet som heiter (Første forsøk). Der det mellom anna står

For en verden: her kan du leve et liv

uten å forstå verken deg selv

eller den

Holder fokus

Det er få diktarar som klarer å halda fokus tvers gjennom ei heil samling dikt. For denne lesaren verkar diktet «Vinden kom» for lett, skrive fram på ein idé meir enn erfaring. Men det er unntaket! Her er dei fleste dikta vesentlege og enkle, med ei raffinert og gjennomarbeidd form som gjer det heile til god litteratur. Om penger, om død. Men og som her, om kjærleik:

Kjærlighet finnes ikke

eller er usynlig og trenger levende

   vesener som deg og meg

for å komme til syne

eller: kjærlighet er en praksis

en sky musikk den kan ikke
  
alltid høres