Poesien for dei små ting

Stor poesi handlar ofte om små ting. Ved å retta merksemda mot dei små byggjesteinane i livet, kan diktinga få lesaren til å koma inn i eit nærare forhold til sin eigen kvardag.

Ein meister i å rette merksemda mot slikt hadde me i Rolf Jacobsen. Det han gjorde var å vise den klare samanhengen mellom dei ørsmå tinga og dei heilt store. I det følgjande er verktøyet «gjentaking», som eg skreiv om i den aller første leksjonen, nytta på ulike måtar for å understreka det diktaren vil få fram. I det første diktet viser han korleis ein ved å gjenta eit ord etter at mykje anna er innført i diktet, kan gje ordet ein annan dimensjon.

SNUTEBILLER, STANKELBEIN

Mye rart under stenene.
Dyr som minner om papirklipp,
strikkede strømper, stumper
av ståltråd eller av garn.

Som Gud satt og gjorde i ventetiden her,
for å få århundrene til å gå
-bukseknapper, hyssing og
smuler av gammelt brød.

Men fuglene fikk han til. Sangen.
Vingeslagene
som fikk hjertene til å slå.

Nå sitter han og vikler stjernetåker.
Som ligner mye på sneglehus,
brennmaneter og rester av gammelt garn.

Rolf Jacobsen hadde eit skarpt blikk for desse små tinga, og det er noko av dette som gjer at dikta hans fester seg så lett hjå oss. Dei er fulle av bitte små knaggar som sansane våre hektar seg fast i. Som avismann var også Jacobsen passe metta og kritisk når det gjaldt dei store orda, dei sensasjonelle utropa og påstandane. I heile hans produksjon er det lagt ut små dikt om små ting, om det som er under, på baksida, imellom og nesten ikkje. Byrjinga på det følgjande diktet får det til å høyrast ut som om han er i ferd med å laga eit veldig kartotek over dei små tinga:

De små berøringar må med.
Humlen som setter seg fast i håret ditt.
Snefnugget ytterst på nesen
og tusenbenet som vil opp på hånden,
forsiktig
som kjærtegnet til en sky pike.

Rolf Jacobsen gjekk langt inn og langt ut. Han opplevde at ved å gå til dei små tinga, vart perspektivet større, og han erfarte at han kunne nærme seg noko som var bakom det konkrete:

Lydløsheten i alt som hender.
Det stummes tyngde. Lyset
som faller på et ansikt
som forandringar, ikke som fred.

Noen står der og vet ikke at de er til.

Slik skriv han i eit avsnitt av diktet «Uten en lyd», og her ser me kor viktig det konkrete, sanselege likevel er, når ein skal nærme seg ord om innsikt og oppleving. Utan «lyset som faller på et ansikt», og «noen (som) står der» ville dette blitt altfor abstrakt og utydeleg.

Eit viktig og gjennomgåande trekk ved desse dikta, er den sterke formidlinga av samanheng mellom alle ting som Jacobsen frå fram. Stikk i strid med den aksepterte påstanden om at modernismen skal vera prega av splitting og framandkjensle, har denne poeten strødd ut nokre småsteinar av dikt som fortel oss at mennesket står i ein stor samanheng, og at det kanskje er gjennom dei bitte små tinga me lettast kan forstå kva som er heilagt. At det er dette som kan løfta oss ut og inn i kvardagens mysterium.

Fra spurv og kråke er vi kommet, fra regn og vær, myr og skogkant, armodslige plasser, svarte hus, fra halm og høystrå er vi kommet, fra fiskeslo og havbrak, fjøs og stalltrev, tordensomre, sne i skogen er vi kommet…..

Også her ser me korleis han utnytter dette med gjentaking, og korleis han oppnår ein suggererande rytme som maner fram bilete etter bilete som byggjer opp menneska si soge. Ved å trekkja fram dei heilt små tinga, får Jacobsen fram «stillheten etterpå» og fortel oss om ei veldig ro og ei annleis rørsle som finst i det rommet me er omgitt av. Om sneglen heiter det til dømes:

Hjemløs, tidløs,
liten venn i gresset, han som vandrer
på et kyss.

Igjen og igjen viser poeten at han kan gå ut av den stressa avismannens verden og oppdage desse stille rørslene som få merker, og ingen høyrer, men som pågår.

Mosen kommer ut av jorden.
Lydløst som nattens flaggermus
Setter den sig på stenene og venter,
Eller nede i gresset
Med sine askegrå vingar.

Rusten går fra nagle til nagle
Og fra jernplate til jernplate i mørket
Og undersøker nøiaktig
Om tiden er inne.

Typisk er det at dette diktet sluttar med å samanfatte eit slikt lite bilete av møll, med det store perspektivet, og med den kjensla av at ting henger saman, men at mange menneske lever sine liv utan å leggja merke til dette:

Stjernenes hvite møll
sitter i klaser på himmelens mørke glassruter
og stirrer
og stirrer på byens lys.

Rolf Jacobsen har på denne måten skrive nokre sterke økologiske dikt, som på sitt svært stillferdige vis retter ein åtvarande finger mot hovmodet til menneska som trur dei kan isolera seg og kontrollera verda ved samstundes å stilla seg utanfor samanhengane. Døme på dette er dikt som «Landskap med gravemaskiner», «Myrstrå vipper» og «Tømmer». Men aller vakrast er det kanskje gjort i eit av dei mest stillferdige dikta han skreiv, der han igjen demonstrerer kor effektiv gjentaking er:

Hyss sier havet.
Hyss sier den lille bølgen ved stranden - hyss
ikke så voldsomme, ikke så
så stolte ikke
så bemerkelsesverdige.
Hyss
sier bølgekammene som
flokker seg om forbergene
strandbrenningene. Hyss
sier de til menneskene
det er vår jord
vår evighet.

DE SMÅ TINGENES POET: Rolf Jacobsen. Les Helge Torvunds marsleksjon i Diktkammeret.