Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Poetisk disseksjon

Kunnskapsrik debutant med medvitne språkspel.

BOK: Ei relevant opplysning på baksida av Jon Ståle Ritland si debutsamling er at han er medisinar. Alt tittelen «Kroppsvisitasjonar» slår an det gjennomgåande fokuset i denne tematisk sett samanhengjande diktsamlinga.

Og at omslaget er måla «med den døde hånden i Finland» av Viskum, kling med i heilskapen. Ritland tek først utgangspunkt i bokstavteikna til basane som utgjer kodane som DNA er samansett av: adenin, guanin, cytosin og thymin.

Kroppsleg forfall

Dikteren lar, med sans for det dramatiske, G stå for det avskorne øyra til van Gogh og viser poetisk observasjonsevne når C står for avtrykket ein får på leppene av Coca-Cola-flaska som «fyller deg med drømmestoff før solformørkelsen».

Det er ikkje unaturleg å sjå attende til ein annan medisinar som var kjend poet, nemleg Gottfried Benn (1886- 1956). Han skreiv sterke dikt om kroppsleg forfall og banaliteten i den menneskelege eksistens, mellom anna med inspirasjon frå disseksjonssalen. Heller ikkje Ritland er redd for å gå tett inn på kroppslege situasjonar og unngår på ingen måte døden som tema.

Hallusinasjonar

Her finst eit dikt som heiter «Hallusinasjoner fra en disseksjonssal». Men han fokuser sterkt på det språklege, lar ord spela på kvarandre. Sjølv om det heile tida dreier det seg om kropp, har han veldige perspektiv i tekstane.

Men flinkskap når det gjeld allitterasjon og ordspel («tennenes torader», «fontanellene i spedbarnets hodeskalle/møter verden med et åpen sinn») kan ta noko av alvoret bort frå temaet, og der det fungerer best kan ein likevel verta meir imponert enn rørt.

Friskt

Men imponerande er det ofte! Den største veikskapen med samlinga vert medvitet som styrer dikta så strengt. Dette skaper konstruksjonar, gjerne friskt eksperimenterande, der alt heng saman, men ein saknar det svarte suget som dialogen med undermedvitet kan få fram. Her er likevel dikt som gjev løfte for framtida. I tillegg til det nemnde opningsdiktet har «Mens vi ikke snakker om døden» ei sterk avslutning, og i «Livets halve saltomortale» står det blant anna: «nå står du oppreiset / midtveis i livets halve saltomortale / vel vitende om at du vil vende jorden ryggen / når åndedrettet vugges i søvn // med mørkets langsomhet / tar ryggraden din form av en parentes // i et forsøk på å slutte / en sirkel.»

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media