Poetisk villskap

Fragment av ei uhandterleg verd

BOK: Når ein går inn i dette «Soldatmarkedet» til Monica Aasprong, er det som å sjå ut på ein marknadsplass gjennom eit nøkkelhol. Som å lytta til brokkar av samtalar frå ei mengd ulike folk som fér forbi der ute. Lesaren vert overlaten til sjølv å skape meining mellom brot og brokkar, og ein kjenner seg til tider ikkje bare utfordra, men utmatta og kanskje også irritert. Ein forstår ikkje kva som er intensjonen, ein forstår ikkje kva ein les. Men så kan det brått dukke opp ting som ein maktar å lage samanheng i og som fungerer linje for linje, før denne kjensla igjen må gje tapt for kaos og virvar: «lytt le tvil/det hele». Når ein grip etter meining og får tak i noko, vert det spennande, leitande, investerande: sitt fang armder hit settdeg der ved bodkasselirmen koster det noedet koster nok noe Men i denne boka kjem ein etterkvart igjen og igjen tilbake til tekststadar der språket løysar seg totalt opp ut gjaller i ekko langs all verdens ekvakkek senlenskals ia bettsi tritle todsab Leseprosessen kan minne om det som vert kalla erfaringssyklusen i den delen av psykologien som legg vekt på den personlege konstruksjon av omverda og livsopplevinga, og for så vidt også om liknande syklusar hjå Piaget. Først er alt bare kaotiske brokkar av informasjon som det er umogeleg å få meining, samanheng og heilskap i. Så lagar ein seg ei ramme som ein kan forstå delar av informasjonen ut frå, men så bryt denne ramma saman igjen, ved at ny informasjon kjem fram og ikkje høver inn. Nokre stadar anar ein anagram og omstokking og kjenner korleis ein famlar etter meining. koster det noekoster du myenoe koster jeg nok ja Det lesaren kan enda opp med i høve til slike prosjekt som dette, er ei vurdering av om den kostnaden det er å utsetja seg for Aasprong sine kaotiske og ville, viltre, villeiande ordspel, ordspell, ordsprell, gjev nok att for strevet. For denne lesaren er det lett å finna eit alvor innimellom og sjølvsagt ein schwittersk glede ved ordas klanglege sprett og sprø sprang. Men der er eit omfattande verk og det krev nok i meste laget i forhold til det eg får igjen. Når ein har lese ein tjuefem sider, byrjar det uventa som fascinerte ein, å verta venta, og det held fram. Vakkert, gjennomført, men eigentleg ikkje det heller noko nytt, eller noko som gjev eller speglar resten på ein måte som aukar opplevingspotensialet.