Poetiske grunnstoff

Aamodt utnyttar det han er så god til og skapar store dikt om dei minste ting.

Bjørn Aamodt har før skrive gode diktsamlingar med gjennomgåande tema, om alfabetet i «ABC» (1994) og om hamnar og tid i den meir forteljande «Anchorage» (1997). Han har også fått fortent merksemd, prisar og nominasjon til Nordisk Råds litteraturpris.

«Med ulveskinnspels på vei / inn i urankjernen, klar for enda en overvintring i / det usagte» skreiv han om bokstaven U i ABC-boka si. Det kan stå som ein overgang til årets «Atom», som er ei ny rar samling originale dikt frå hans penn. Ord for ord er dikta bygde opp ikring grunnstoffa. Orda blir molekyl i eit stoff som utgjer diktsamlinga. Her er som før skiftingar mellom konkrete sansingar og overraskande bilete som famnar abstraksjonar og generaliseringar. Eksistensielle innsikter er formulert i ein annan samanheng, der svarte hol, kvark og alfapartiklar inngår som like naturlege ord som striesekk og grytehandtak, slik at dei vert så nye som dei må vera om dei skal skapa erkjenning. Han tek oss frå titan til hundemøkk på eit par linjer.

Dikta handlar vanlegvis ikkje om grunnstoffa, slik at ein kan forventa å finna opplysningar om at litium også er eit antidepressiva, eller at beryllium vert nytta i golfkøller og i militært utstyr og gjev dei som arbeidar med det, dødelege lungesjukdommar.

Aamodt nærmar seg stoffa frå sin eigen synsvinkel og skapar sin heilt private serie med poetisk grunnstoff. Aamodt krev ikkje at me veit all verda om dette frå før, men han set i gang trongen til å få vita meir. Det er noko smålåte og leksikalt over tonen i ein del av dikta som gjer at ein vert mest oppteken av innhaldet. I nokre tilfelle vert verkemidla likevel påfallande; ein merker seg at han utan synleg grunn nyttar same rimpar i dei to første rima dikta. Diktet «Bismuth» høyrer avgjort ikkje til høgdepunkta, der klisjear som «ild og vann» rimar på «land og strand». Men i dei beste dikta skapar han igjen sterke bilete.

«I jern. Raslingen fra et knippe bokstaver som prøver å låse opp et rektangel.»

Det er ei merkeleg verd han låser oss inn til. Stoffet promethium er oppkalla etter Promethevs, som stal eld frå himmelen. Grunnstoffet har ein ikkje vore i stand til å finna på jorda, men det er identifisert i stjerna HR465 i Andromedatåka. Bjørn Aamodt skriv:

Når alle forestillingene om å hakkes i stykker og heles
faller til jorda med en metallisk klang,
skal tunga få være den hudløse bunnen
av en vrengt pose med skinnet inn. Bjørneskinn.

Då han skreiv boka «ABC», våga Aamodt å utfordra lesaren til å samanlikna med Inger Christensen si bok «alfabet». Denne gongen har han skrive dikt som har same titlar som dikt av Rolf Jacobsen, som «Bly» og «Kobolt». Det betyr bare at han ikkje oppfattar dikting som ein konkurranse, men som det å nærma seg ei ny dør til verda med eit knippe bokstavar i handa. Og han utnyttar det han er best til: forteljande dikt med overraskande overgangar, nyord, som i «Sølv. Øredobbelt.», og med utgangspunkt i grunnstoffa stiller han spørsmål som rører ved sjølve vår eksistens på jorda: Hvorfor går plogfurene tusenvis av år tilbake i tid?

ARBEID: - Jeg er ingen selskapsløve. Jeg har surret nok. Beste måten å være sammen med folk på er gjennom en felles oppgave som skal løses, sier Bjørn Aamodt, som er kommet med ny diktsamling.