Polarisert spansk val

At utanrikspolitikk ofte er basert på innanrikspolitiske vurderingar, det er Spania anno 2008 eit godt døme på. Når dette landet ikkje vil godkjenna Kosovo som sjølvstendig stat, skuldast det at ein er redd smitteeffekten det kan ha spesielt for Baskarland, der separatistrørsla ETA kjempar for lausriving. For ein del månader sidan helte det høgreorienterte baskiske nasjonalistpartiet (PNV) eld på bålet då det gjorde framlegg om folkerøysting over tilhøvet mellom Baskarland og den spanske staten.

Spansk politikk har vore prega av sterk polarisering heilt sidan ETA den 30. desember 2006 plasserte ei bombe som tok livet av to personar på Barajas-flyplassen i Madrid. Sidan den dagen har det konservative PP klaga det regjerande sosialistpartiet, PSOE, for å vera «nyttige idiotar» for ETA.

Polariseringa ein er vitne til i dag, må ein attende til tida like før den spanske borgarkrigen tok til i 1936 for å finna maken til. Ikkje eingong då overgangen frå diktatur til demokrati tok til etter diktatoren Francos død i 1975, gjekk dei politiske bølgjene så høgt som i dag. Den gongen, spesielt i perioden 1975-1982, var høgresida oppteken av å unngå eit politisk oppgjer med Franco-tida, medan venstresida prioriterte ei inkluderande demokratibygging som skulle gjera Spania til ein likeverdig partnar i det europeiske fellesskapet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då PSOE tok over regjeringsansvaret i 1982, var i realiteten demokratiet konsolidert i Spania. I åra etter klarte ein òg å realisera noko som hadde vore eit mål for Spania heilt sidan 1800-talet: å stabilisera eit demokratisk styresett gjennom eit reelt topartisystem, der andre parti ikkje hadde nok tyngd til å kasta landet ut i politisk krise. Likevel har ikkje dei mindre partia vore heilt utan innverknad på den politiske prosessen, og spesielt gjeld dette dei viktigaste regionale partia i Catalonia og Baskarland. På 1990-talet måtte først PSOE, sidan også PP, stø seg til det høgre-sentrumsorienterte katalanske CiU for å få parlamentarisk fleirtal for sine framlegg, noko som gjorde sitt til at politikken generelt sett blei dregen innover mot sentrum. I dag kan det henda at venstrekoalisjonen IU kan støtta ei regjering frå PSOE viss dette partiet dreier politikken mot venstre.

I 1989 blei partiet PP (Partido Popular) oppretta, som ei «modernisering» av det postfrankistiske høgre i AP (Alianza Popular) og andre mindre grupper til høgre for sentrum. På 1990-talet såg det ut til at PP skulle bli eit «sivilisert høgre», som det heitte. Dei to store i spansk politikk hadde plassert seg ikkje så alt for langt frå kvarandre på kvar si side av det politiske sentrum. Men dette tok slutt då PP fekk absolutt fleirtal ved valet i 2000. Frå då av polerte regjeringssjefen, José María Aznar, ein høgreprofil med sterke islett av ultrakatolske element. Og kan henda det mest illevarslande av alt i Spania: Regjeringssjefen fekk sterke autoritære drag som førte tankane attende til tida før demokratiet fekk feste.

For mange spanjolar er demokrati i første rekkje forbunde med desentralisering, å avstå makt til regionane. På same måte som forløparen AP, har PP markert seg som ein sterk motstandar av den nye territoriale strukturen som blei utarbeidd for Spania og sett ut i livet i åra 1979-1983. Som eit markant sentralistisk parti har PP til vanleg ført sine valkampar med brodd mot regionane og vann sine valsigrar i 1996 og 2000 mellom anna med lovnadene om å nytta sterkt skyts mot ETA. I den første valperioden sin (1996-2000) var PP likevel så pass avhengige av regionale stemmer i parlamentet at Aznar-regjeringa tok initiativet til dialog med ETA i 1998-1999. ETA blei tilmed omtala som «den nasjonale baskiske frigjeringsrørsla».

Med reint fleirtal i parlamentet fekk pipa ein annan lyd i 2000. Då braut PP tvert med dialoglina andsynes ETA. I dag legg PP an ein særs aggressiv tone, noko som ironisk nok kan føra til større oppslutnad om PSOE og regionale parti. Det er faktisk noko uforståeleg at PP ikkje lærte av presidentvalet i mars 2004 då ein aggressiv, autoritær stil førte til valnederlag etter at partiet blei tatt i løgn, manipulasjonar og desinformasjon i sak etter sak. Spesielt fekk PP betala dyrt for manipulasjon av etterforskinga etter terrorattentata 11. mars 2004, som partiet feilaktig hevda at ETA, og ikkje ekstremistiske islamistar, stod bak.

I 2004 sa det spanske folket klart frå om at det framom alt ville ha eit demokratisk og dialogerande Spania med respekt for regionale identitetar. Og då ETA i mars 2006 sa at dei skulle leggja ned våpna for godt og gjekk i dialog med regjeringa til José Luis Rodríguez Zapatero, blei det tent eit håp om at terroren i Baskarland var over. Ni månader seinare synte det seg at så ikkje var tilfellet då bombene small på flyplassen i Madrid.

I Spania har ein dei seinaste åra vore inne i ein prosess der dei ulike autonomistatutta frå 1979-1983 er blitt reforhandla. Bølgjene gjekk ekstra høge då katalanarane diskuterte om dei skulle ha med i statutta sine at Catalonia er ein nasjon. Høgresida i spansk politikk såg på framlegget som ein provokasjon og ein invitt til katalansk separatisme, noko den i utgangspunktet ikkje var meint som, for katalanarane har ein hundreår lang tradisjon for å nytta termar som «nasjon» og «nasjonalitet» utan plent å forbinda dei med full politisk suverenitet.

Spania var lenge eit sentralisert samfunn med sterke indre rivingar og misnøye spesielt i Baskarland og Catalonia fordi sentralstyresmaktene i Madrid ikkje tok omsyn til det heterogene og dei mange ulike identitetane i landet. Grunnlova av 1978 og autonomistatutta til dei 17 autonome regionane la grunnlaget for eit Spania som mange politiske kommentatorar i dag meiner er mellom dei aller mest desentraliserte landa i Europa. Tradisjonelt sett har venstresida vore meir positiv enn høgresida til desentralisering og føderalisme, men begge sidene har hatt problem med å forholda seg til dei regionale partia i Catalonia og Baskarland, som har spelt ei dominerande rolle i desse regionane sidan Franco døydde i 1975.

Det er såleis ikkje overraskande at vi dei i dag har eit høgt konfliktnivå i spansk politikk. Striden har mellom anna stått om somme politiske grupper i Baskarland skal kunna stilla lister ved lokalvala. Dei konservative i PP har vilja forby desse politiske gruppene, medan regjeringspartiet PSOE har overlate til domstolane å avgjera saka. Elles står familien, religionen og problema for dei unge på bustadmarknaden høgt oppe på den politiske agendaen. I tillegg til den historiske minnelova, som set forbod mot symbol og minnesmerke etter Franco. Kjem PP til makta, har presidentkandidat Mariano Rajoy sagt at han vil reversera denne lova.

Og sjølv om PSOE leier med eit par prosentpoeng på meiningsmålingane føre valet 9. mars, er ingen ting avgjort, for det finst, spesielt på venstresida, mange desillusjonerte som unnlèt å nytta røysteretta.