Politi i våpenkappløp

DAGBLADET SKRIV

på leiarplass onsdag 14. april at eg er med i eit våpenkappløp når eg vil at politiet må få betre utstyr for å kjempe mot kriminelle av det kaliber me såg i Stavanger for snaue to veker sida.

Politiets Fellesforbund har eit langt meir nyansert syn på væpning av norsk politi. For å klargjera vår haldning: Politiets Fellesforbund går ikkje inn for at norske politifolk skal bera våpen i det daglege arbeidet. Me har altså aldri stilt krav «om å væpne patruljerende politi med maskinpistoler», slik Dagbladet skriv.

Den norske politirolla har tradisjonelt vore prega av ein mjuk stil, der politiet prøvar å løyse konfliktar ved å bruke minst mogleg fysisk makt. Me ynskjer å utvikla den rolla vidare. Det aller viktigaste for å lukkast med ei slik utvikling er at det heile tida er tilstrekkeleg med politifolk til stades der folk bur, ute i distrikta eller i byane. Då kan dei ansvarlege heile tida sende ut nok folk for å løyse dei ulike oppdraga. Politiet veit godt at dersom dei går inn i ein situasjon med færre personar enn det situasjonen krev, aukar fara for bruk av fysisk makt og fara for skade på både kriminelle og politifolk. Nok politifolk på jobb gjer det også mogleg, i mykje større grad enn i dag, å skreddersy grupper ut i frå kva slags type oppdrag det er snakk om.

Problemet

er at det kostar pengar å ha nok politifolk til stades heile tida. Samstundes som me ynskjer å vidareutvikla den mjuke politirolla, er me ikkje blinde for realitetane. Kriminaliteten har vorte tøffare dei siste åra. Politiet er den yrkesgruppa som skal skape tryggleik i eit demokratisk samfunn som vårt. Det må difor også vera spesialgrupper i politiet som kan takla slike situasjonar som me såg i Stavanger. Men dei må vera trena for det og dei må vera utstyrt for å takla det. Og i motsetnad til kva Dagbladet har oppfatta, definerer Politiets Fellesforbund utstyr som langt meir enn våpen. Me snakkar blant anna om skotsikkert glas i bilar, lettpansra køyretøy og godt nok personleg verneutstyr. Me snakkar også om at politiet må kunne bruka metodar som gjer det mogleg å avsløra dei kriminelle allereie i planlegginga. Til sist snakkar me om lettare tilgang på gode nok våpen.

MEN I KONKLUSJONEN

er me heilt einige med Dagbladet. «Vi trenger debatten om etterforskningsmetoder, mottiltak og våpenbruk i forebygging og bekjempelse av hensynsløs, organisert kriminalitet, men den må ha som mål å bevare vårt sivile samfunn sivilt, samtidig som vi bekjemper organisert kriminalitet.»