Politiet? Kven er det?

I HELGENE

nattestider er Oslo sentrum prega av fyll, uro og kriminalitet, hevdar Knut Olav Åmås i Dagbladet (19.7.). Stoda i Oslo skal vere mykje verre enn i andre hovudstadar. No er eg ikkje så reisevan, men ein skal ikkje ha reist mykje før ein ser at han har rett: Oslo sentrum natt til fredag eller laurdag er ikkje ein stad for vare sjeler.

Teorien til Åmås om kvifor det er så ille i landets hovudstad, er enkel og truleg mykje rett: Nordmenn manglar ein bykultur: I botnen av kvar norsk byborgar bur ein harry bygdis - som ikkje kan te seg, om vi skal strekke analysen vel langt.

Det er så. Men det har ikkje vore mange bygdisar mellom dei som i Oslos gater i det siste - på høfleg engelsk - har tilbode meg narkotika. Det er heller ikkje slik at det er norske bygdejenter som har stått i spissen for invasjonen av prostituerte på sjekkestadene for litt «eldre» ungdom. Og det var heller ikkje harry norske bygdisar som i ein sein nattetime for ei tid attende uøvde grov vald mot ei uniformert ung politikvinne i Rosenkrantz' gate. Oslo sentrum er vel så mykje prega av det internasjonale som det nasjonale.

MEN POLITISTYRESMAKTENE

ber òg sin del av skulda for utviklinga. Det er ikkje mange år sidan det på Sentrum politistasjon var rundt 35 politifolk på vakt natt til søndag. Etter reformer, «profesjonalisering» og såkalla «betra» økonomistyring har det i dei siste månadane ikkje ofte vore over 15 politifolk på vakt. Ikkje sjeldan har det vore ned i ni-ti. I dei mest brukte patruljebilane i Oslo sentrum - dei såkalla «maja-ene» - er det av tryggingsomsyn meir enn to politifolk med. Er det færre, risikerer dei å verte banka opp av mobb. Kvar einaste helg har personalet i desse bilane som ei av sine hovudoppgåver å plukke opp psykotiske pasientar, få desse til Legevakta og vidare til sjukehus. Slike jobbar tek som regel mellom ein og to timar. Desse tre-fire politifolka er vekke frå gata når desse heilt naudsynte oppdraga vert gjennomførde. Når stoda er slik, må naturleg nok det meste vente til kontortid måndag.

FOR EIT PAR

år sidan vart eg ein sein kveldstime rett før julehelga sparka ned av ein rotnorsk bygdis utanfor ein kjend Oslo-restaurant: Eg miste medvitet eit par sekund, fekk brillene knust og blødde litt. Elles var eg i bra form. Nokre vitne hjelpte meg opp og peikte på ein mann som sprang raskt bort frå staden. Eg kom meg heim att og ringte politiet. Ein mann spurte om eg var sterkt skadd. Eg sa nei, og han bad meg kome til stasjonen over julehelga. Eg spurte om det var noko meining i det. Han svarte som sikkert sant var, at det var tvilsamt om dei hadde kapasitet til å etterforske saka, men det var kjekt for statistikken om eg melde mannen.

-  Det vil vere bra for framtidige løyvingar frå politisk hald, som han sa. Eg forstod han godt. Likevel møtte eg ikkje på stasjonen over julehelga. Eg fann det meiningslaust. Ein kan undrast på om ikkje er slike som eg er årsak til nedgangen i talet på melde saker.

SÅ SPØRST DET

om det i den store samanhengen gjer så mykje at situasjonen har kome ut av kontroll i Oslo sentrum. Ein del vil truleg svare nei. Folk tilpassar seg. Forskansa bak alarmar kan vi vaksne drikke raudvinen heime i forstadene. Og norsk byungdom har godt av å lære at verda er ein farleg stad å bu. Det er neppe heller mange røyster å hente for politikarane i det å setje inn dramatisk auka ressursar i Oslo sentrum. Det vere seg til opprydding eller politi. Dei fleste røysteføre bur andre stader, stader som er nær heilt utan valdskriminalitet. Sagt på ein annan måte: Korkje den norske rettsstaten eller den norske samfunnsformasjonen er truga av utviklinga i Oslo sentrum - enn så lenge.

DET VERKAR SOM

om politiet langt på veg har den same symbolske rolla som Odd Einar Dørum vil få når årets ferie er over: Då vil justisministeren for n'te gong sitte med stram overleppe og stire strengt inn i TV2-kameraet - og seie det vanlege: -  Regjeringen vil ikke sitte stille og se på at denne utviklingen fortsetter.

Etterpå vil ingenting hende.

I forteljinga om forfallet i Oslo sentrum er det berre nokre få heltar: Mellom dei er dei unge politikvinnene og -mennene som arbeider på Sentrum politistasjon i Oslo. Måtte dei verte fleire.