DEBATT

Debatt: Politireform

Politireformen - Kallmyrs hengemyr

Å leggje ned 122 lensmannskontor var ikkje eit grep for meir nærpoliti, og heller ikkje eit nødvendig grep for at politiet skulle kunne møte dei nye kriminalitetsformene.

MÅ LYTTE: Ein stor del av årsaka til at politireforma har vorte ei politisk hengemyr er mangel på evne og vilje frå regjeringa si side til å lytte til kritiske røyster og konstruktive innspel, skriv innsendaren. Her er Jøran Kallmyr ved det nye politihelikopteret på Gardermoen i juni. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
MÅ LYTTE: Ein stor del av årsaka til at politireforma har vorte ei politisk hengemyr er mangel på evne og vilje frå regjeringa si side til å lytte til kritiske røyster og konstruktive innspel, skriv innsendaren. Her er Jøran Kallmyr ved det nye politihelikopteret på Gardermoen i juni. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Det er truleg ikkje lett å vera den førebels siste i rekka av fem justisministrar frå Frp i regjeringa sidan 2013 (sju viss ein tek med vikarane). Det største problemet til Jøran Kallmyr er likevel ikkje mange skiftande forgjengarar og kort fartstid, det er nok heller innhaldet i politireforma og den manglande oppslutninga reforma har blant politifolk oginnbyggjarar.

Gjentatte analysar og rapportar har gjort det tydeleg at den såkalla «nærpolitireforma», trass i det sympatiske namnet, faktisk er ei gedigen sentraliseringsreform. Det har kome klart fram i fleire spørjeundersøkingar blant tilsette i politiet at mange av desse har ei heilt anna verkelegheitsforståing enn regjeringa sjølv har. Mellom anna meiner ein stor del av politifolka at det ikkje blir betre beredskap, førebygging av kriminalitet eller kontakt med folk etter politireforma.

No har justisminister Kallmyr varsla ei stortingsmelding der regjeringa skal leggje fram «justeringar» av politireforma. Det er noko befriande og betryggande i at det endeleg kjem ei innrømming frå regjeringshald om at ikkje alt er på stell med politireforma. Dessverre er det nok enno for tidleg å puste letta ut. Det er avgjerande at regjeringa unngår å gjenta same feilgrep som tidlegare.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer