Politisk kamp mot byråkratiet

Byråkratiet skal vera eit verkemiddel og må ikkje blir eit mål i seg sjølv, men utan byråkratiet er politikarar hjelpelause.

DRISTIGE:«Er det ikkje då dristig av dei å utøva byråkratforakt, som kan slå tilbake på dei sjølve?», spør artikkelforfattaren.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix
DRISTIGE:«Er det ikkje då dristig av dei å utøva byråkratforakt, som kan slå tilbake på dei sjølve?», spør artikkelforfattaren. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB ScanpixVis mer
Debattinnlegg

I Debatten på NRK1, førre veke, langar både Siv Jensen (Frp) og Trine Skeie Grande (V), ut mot byråkratiet i Noreg. Eit forsøk på å fortelja at dei ikkje treng byråkratar for å gjennomføra sin politikk? Ein bodskap partistrategane truleg har godkjent, men som veljarar som tenkjer seg om, skjønar er tull. Politikarar utan byråkratar, er som generalar utan soldatar! Ein kvar rett og ei kvar lovfesting, krev byråkrati. Eit apparat som lagar forskrifter og fører tilsyn med at rettar og plikter blir etterlevd. Politi og rettsvesen er ein viktig del av dette. Lovfesta rettar utan naudsynt byråkrati, er verdilause.

Både Høgre og Frp likar å kalla seg «lov og orden parti», og ropar stadig på meir politi. Altså meir byråkrati til å passa på at politiske vedtak, som lovene våre er, blir etterlevd.Når Erna og Siv skal ut og kjøpa private tenester, skal dei neppe gjera dette personleg. Til det treng dei ikkje minst hjelp av juristar som kan lesa og skriva både store og små bokstavar. Veljarar flest veit at juristar verken byggjer vegar eller gjer folk friske, men tek seg betalt! Private løysingar er på ingen måte utan eigne byråkratiske kostnader.Parti med ulikt fokus vil sjølvsagt disponera byråkratiet ulikt, men har vi fått konkrete signal om kva rettar og tilhøyrande byråkrati, som skal fjernast etter ein blå valsiger til hausten? Torer dei ikkje snakka høgt om kva som skal bort, av redsle for at veljarane ikkje vil lika det?

Mange lækjarar, lærarar, politi med meir, er i dag frustrerte over at dei brukar store delar av arbeidstida på skjema og dokumentasjon, i staden for på faget sitt. Det er lett å skjøna frustrasjonen, men er det truleg at det blir mindre av dette under blått styre? Ser ein seg tilbake - er ikkje mykje av skjemaveldet pressa fram av opposisjon og media, som har peika på og raljert over svake sider og manglande kontroll i system basert på tillit? Har dei blå, andre svar på dette, enn meir dokumentasjon, kontroll og byråkrati?

Dei borgarlege partia, er opptekne av at folk skal kunna velja mellom ulike skular, sjukehus med meir. Skal ikkje desse vala mellom anna byggja på informasjon som fagpersonar er tvinga til å bruka tida si på å skaffa til vege? Fleire rettar og valfridom, medfører meir byråkrati. Byråkratiet skal vera eit verkemiddel og må ikkje blir eit mål i seg sjølv, noko som er ei utfordring same kven som styrer, men utan byråkratiet er politikarar hjelpelause. Er det ikkje då dristig av dei å utøva byråkraftforakt, som kan slå tilbake på dei sjølve og deira eigne politiske løysingar?

Gunnar Løkkebø, Dokka

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.