MØLJE: Statsminister Erna Solberg (H) og Sylvi Listhaug (Frp, t.v.) etter et ekstraordinært statsråd på Slottet onsdag morgen. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB Scanpix
MØLJE: Statsminister Erna Solberg (H) og Sylvi Listhaug (Frp, t.v.) etter et ekstraordinært statsråd på Slottet onsdag morgen. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB Scanpix Vis mer

Politisk mølje

Full mobilisering i krigen mot godhetstyranniet.

Kommentar

DENNE VEKA har Erna Solberg inkludert dei ekskluderande ved å integrera dei i regjeringsprosjektet sitt. Fru Ingvil Smines Tybring-Gjedde som statssekretær er eit fiffig grep. Men å tru at det er mulig å assimilera Per Sandberg med ein hertuginnenes omfavnelse og forma han til ei biljardkule som seier «ingen kommentar», er nok like fånyttes som å kultivera Sylvi Listhaug. Partiprinsessa som ingen kunne målbinda, møter hver seier, hvert nederlag, med det samme usårlige smil. Ho angrar ingenting, men må nok læra seg mindre skrik og meir lojal ull. Eit godt betalt og krevande oppdrag for First House.

ASYLVI LISTAUG var Solbergs first choice i kampen med spade og møkkagreip mot bispar og resten av godhetstyranniet. Ho debuterte lovande som inkluderande utvisings- og integreringsminister med å henga eit stort kristenkors rundt halsen. Kanskje tok ho seg også ein sigarett som ho gjer i store stunder, sjøl om ho egentlig slutta for sju år sida. Favorittmerket er Lucky Strike.

I TILLEGG TIL Sylvi Listhaug som skar ned støtta til bøndene, har regjeringa to fagutdanna kjøttskjerarar: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og Solveig Horne i det krympa Bittelilledepartementet. Det skal skjerast inn til beinet i asylpolitikken.

MILJØVERNMINISTER Tine Sundtoft skal ha gått av frivillig etter klimasuksessen i Paris. Det vil nok skapa betre klima i regjeringa når ho blir erstatta med den nøytrale og usynlige Vidar Helgesen. For som Sylvi Listhaug har plassert dette tøvet med at menneskelige CO?-utslepp fører til klimaendringar: «Det er først og fremst en unnskyldning for å innføre mer skatter og avgifter».

Artikkelen fortsetter under annonsen

KULTURMINISTER Thorhild Widvey forsvann ut av regjeringa på rattkjelke. Ein kan seia kva ein vil om den nye vinen, Linda Cathrine Hofstad Helleland, men ho har i alle fall dobbelt så mange namn, snakkar dobbelt så fort og er solid, parlamentarisk gift.

BREIFLABBEN i regjeringa er Elisabeth Aspaker. Då ho var med i Nytt På Nytt, seksualiserte ho storparten av fiskestammen og fekk laks, rognkjeks og brosme til å høyrast ut som kjønnsorgan. Kollega Monica Mæland rødma og rekna med å bli kalla inn på teppet hos Erna Solberg for å vera med i eit slikt møljeselskap med korrekt kvinneandel. Aspaker må læra seg nye grovisar når ho flyttar frå fiskefeltet til Brussel for å snu alle steinar.

FOR ØVRIG ER DET mi meining at det er ein konstitusjonell uting at stortingsrepresentantar og amtmenn lar seg degradera til statssekretær, slik fylkesmann Christl Kvam i Oppland har gjort. Sigbjørn Johnsen i Hedmark let seg ikkje lokka av mindre enn reprise som finansminister. Mens den komande fylkeskvinna i Troms har ventestilling som EU-praktikant i UD.

GOD JUL til Per Sandberg. Nyt ein dobbel og uparlamentarisk akevitt til lutefisken. I håp om at det ikkje blir svart hav, men kvitfisk når du pesar med juksa på stampen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook