TUNGETALE: Jens Stoltenberg har vore på støtte-ekspedisjon til Ukrainas Willy Wonka, sjokolade-oligarken Petro Porosjenko. Foto: STR/NurPhoto/NTB Scanpix
TUNGETALE: Jens Stoltenberg har vore på støtte-ekspedisjon til Ukrainas Willy Wonka, sjokolade-oligarken Petro Porosjenko. Foto: STR/NurPhoto/NTB ScanpixVis mer

Politisk tungetale

Vågal praksis frå gransking til stilling.

Kommentar

DENNE VEKA har ufredens sekretær Geir Lundestad og Thorbjørn Jagland, generalsekretær av ein høgare europeisk orden, kjempa med anekdotisk slarv om mistenkeliggjøringens pris for tapt ære. Så langt har Lundestads skive hamna med smørsida og syltetøyet ned.

NATO-SJEFEN Jens Stoltenberg har vore på støtte-ekspedisjon til president Willy Wonka i Ukraina. For ein månad sidan var han på kandidat-besøk og praktiserte politisk tungetale i Georgia. Med NATO-sjefanes animerte framføring av «We Are The World» i friskt minne, er det ikkje til å undrast over at sjokolade-oligarken Petro Porosjenko og andre anti-putinske potentatar i tidligare Sovjet-republikkar høyrer Leonard Cohen i bakgrunnen: «First we take Abkhasia, then we take Krim».

ORDFØRARAR i Bergen må rimeligvis vera nokke for seg sjøl, akkurat som byen. Kristelig Folkepartis kandidat, Marita Moltu, har direkte linje til høgare makter og taler derfor i tunger. Trude Drevland heldt seg også med eigen taleskrivar.

LENSMANNSBETJENT Kjersti Monland har vore NAV-direktør i midlertidig stilling sidan Robert Eriksson ga Joakim Lystad sparken. Arbeidsministeren fann ikkje att A-en etter at statens forbruksforskningsdirektør Sigrun Vågeng hadde granska NAV. Nå er granskaren sjøl, med eit halvt års erfaring som arbeidslaus, blitt ny direktør for armeen som skal frelsa dei som er utan arbeid og har problem med å stå opp om mårran.

Artikkelen fortsetter under annonsen

SIGRUN VÅGENG gjekk for eit par år sidan av som KS-direktør fordi ho gjorde den politisk valde leiaren, Gunn Marit Helgesen, usynlig. Då klaga Vågeng over å ha fått tildelt for små sko. Nå har ho eit betre utgangspunkt, for ho har sjøl granska fram dei nye NAV-skoa. Og statsråd Eriksson har neppe noe mot å bli mindre synlig nå som arbeidsløysa stig for folk flest.

UTNEMNINGA av Vågeng er ein forbigåelse av grovaste slag. Den perfekte kandidaten er Helge Lund, tidligare rådgjevar for Høgres stortingsgruppe og direktør i Statoil. Han er snart ferdig med korttidsjobben i BP og blir arbeidsledig. Det blir dyrt å ha ein slik mann gåande på arbeidsavklaringspengar og trygd, han som sopa inn 393 millionar, pluss reisepengar, på eit knapt års arbeid.

STATSRÅD VILLVEI starta den kulturelle frihetsrevolusjonen med å sitera kloke ord av den franske diktaren Victor Hugo, men bomma på den kjelkete uttalen [ygå]. Nå har den ultimate kulturministeren kræsja med komponisten Maja Rattkjelke. Om Erna Solberg vil forbarma seg over henne, kan ho snart venda tilbake til det hennar hug står til og som ho beherskar best: Godt honorerte styreverv i energiske og meir eller mindre suspekte selskap i næringslivet.

FØR HO SLEPP FRI, har Thorild Widvey utpeika sin korttidsengasjerte koffertberar Knut Olav Åmås til leiar for mediemangfoldsutvalget og det frie ord. Etter regjeringas vågale praksis er det strake vegen til jobben som Kringkastingssjef: frå gransking til stilling.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook