FABIAN STANG: Må ut i krigen for å behalda ordførarkjeda i Oslo — i allianse med dei to små tullepartia og Frp. Foto: NTB Scanpix
FABIAN STANG: Må ut i krigen for å behalda ordførarkjeda i Oslo — i allianse med dei to små tullepartia og Frp. Foto: NTB ScanpixVis mer

Politiske familiedrama

Ta deg heller ein runk med Fabian Stang.

Kommentar

DENNE VEKA tapte den bleikrøde og velutdanna Ed Miliband valet i England fordi han har eit smil så stivt at det er hogge i stein, og fordi han er så velståande at han har to kjøkken i heimen. David Cameron som vann, er så vel oppdratt at han i valkampen åt grillpølse med kniv og gaffel. Der er det neppe noe å ta lærdom av for det norske grilldresspartiet, for her i landet er vi så egalitære i matvegen at det blir servert pølse i brød som nattmat også når det er fest på det kongelige slott. Med løfte frå den listige Sylvi Listhaug om at pølsene skal bli endå billigare når ho får tatt meir frå dei fattige bøndene og gitt til dei rike.

MEIR UTANRIKS i kortform: Jean-Marie Le Pen er ekskludert frå partiet Nasjonal Front som han grunnla og oppdrog i si ånd. Eksekutør er arvedottera, Marine Le Pen, som er så politisk avlusa at ho ikkje lenger vil heidra faren for at han meiner og seier det han alltid har meint og sagt.

SÅ ILLE går det neppe med Carl I. Hagen og hans politiske adoptivdotter Siv Jensen. Sjøl om den tidligare partieigaren, som nå kallar seg talsmann for grasrota i partiet, sender stadige giftpilar mot den dumme handlingsregelen og mye anna ho har bunde seg til. Han sym i grumsete vatn saman med dei andre gjeddene i sivet. Det er bare å ønska Per Sandberg, som stadig har ankerfeste i partitoppen, «good journey» på den farlige sjøreisa — med det tørre og billige flyktningslagordet «27 for the price of one».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å HANDLA på søndagar er ifølge Erna Solberg ein sentral del av regjeringas store frihetsreform som skal tvingast på kjøpmann, prest og uvillige folk flest. Dette er Fremskrittspartiets og Kristelig Folkepartis beste kampsak — til gjensidig indre oppbyggelse. På landsmøtet kan dei kristelige gjera dette vedtaket: «Kom i hug at du held kviledagen heilag. Det vil seia: Vi skal ottast og elska Gud, så vi held Herrens dag heilag, og gjerne høyrer og lærer Guds ord.»

DEN KJENDE handbakbrytaren Knut Arild Hareide deltar ikkje på landsmøtets stadfesting av det tredje bodet. Han snur det fjerde bodet på hodet og blir heime for å æra sitt nyfødde barn. For då skal det gå han vel, og han får leva lenge i landet.

FREDS- OG FRIGJERINGSDAGEN 8. mai er kuppa som veterandag. I ny-militaristisk rus betyr det medaljar til dei som var med på ekstra skarpe oppdrag i Afghanistan eller sat i bombefly høgt over Libya og bomba mest og best, slik at staten gjekk i oppløysing. Og i framtida til dei som skal sendast inn i borgarkrigen i Irak der alle deltakarane er ulike sjatteringar av 50 shades of grey.

TIL RUSS på fest, med helsing frå veteranen Fabian Stang, som nå skal ut i krigen for å behalda ordførarkjeda i Oslo — i allianse med dei to små tullepartia, og med Fremskrittspartiet og Carl I. Hagen på vippen: «Ta deg en runk i stedet. En kjærlighetsakt i en slik setting blir bare kjipt!»

Lik Dagbladet Meninger på Facebook