Politiske personangrep

DAGFINN HØYBRÅTEN (KRF) hevdar at SV-leiar Kristin Halvorsen går til angrep på hans person samt at ho «fremmer politikerforakt, og ødelegger for det politiske samarbeidsklima» (Dagbladet 12. august). Men det er jo som politisk person Høybråten dagen før får kritikk av Halvorsen som meiner at han gjev uttrykk for ein meir brutal intoleranse enn forgjengarane. Kristin Halvorsen går ikkje til åtak på Høybråten som privatperson, på humoren hans eller frisyren til dømes. Stundom kan jamvel ein viss type personangrep vere påkravd. For personlege veremåtar kan ha relevans for dei politiske prosessane, til dømes når politikarar bruker hersketeknikkar i debattar. Skulle politikarar la vere å arrestere bruk av hersketeknikkar fordi det kunne oppfattast som personkritikk? Det ville jo vere konsekvensen om ein alltid skulle skilje person frå aktør i politikken. Difor er det rimelegare å skilje mellom legitime og illegitime politiske personangrep enn å hevda at alle slike er uønskte.

DET HALVORSEN faktisk gjer i Dagbladintervjuet, er å gje den jamne lesar innblikk i korleis det politiske spelet på topplan vert opplevd. Difor vert ikkje omtalen av Halvorsens eigne kjensler i intervjuet ei intimitetstyrannisk blottlegging. I den siste boka til Princeton-professor i politisk filosofi Michael Walzer, «Politics and Passion», er temaet nettopp tilhøvet mellom politikk og kjensler. Det generelle poenget hans er at det er skilnad på akademisk diskurs og politisk debatt. I politikken verkar kjensler og høg temperatur mobiliserande. At politiske motstandarars synsmåtar vert feilaktig gjengjeve, er i røynda eit større problem i debattar enn politiske personangrep og kjenslemessig engasjement. Såleis er kommentarane til Lars Sponheim og Henrik Syse om Halvorsen-intervjuet (Dagbladet 12. august) eit symptom på eit reelt problem i motsetnad til Kristin Halvorsens oppgjer med antiliberalisme i norsk politikk.