Politiske vêrhanar

OL: Spørsmålet om boikott av opningsseremonien til OL i Beijing har fått fram nye populistiske sider ved høgrepartia våre. Det er urovekkjande at to politikarar som ønskjer å bli statsminister står fram som politiske vêrhanar i eit slikt betent utanrikspolitisk spørsmål.

Høgre-leiar Erna Solberg sa til Dagsavisen 25. mars at ho ikkje vil utelukka OL-boikott i framtida, men seier at ho ikkje er tilhengjar av boikott no. Hennar eigen nestleiar, Jan Tore Sanner, åtvarar i Bergens Tidende 26. mars mot å bruka idretten som politisk verkemiddel, «handelssamkvem og kontakt ellers er mye mer effektivt enn boikott».

Samtidig gjekk Høgres kulturpolitiske talsmann, Olemic Thomassen, inn for boikott av OL-opninga. Og 4. april held Høgre-leiaren fram runddansen med å seia til NTB 4. april at «- Vi må holde døren åpen for politiske markeringer i forbindelse med åpningssermonien, dersom ikke Kina gjør noe med sin politikk overfor menneskerettigheter.»

Endå verre er det i Framstegspartiet. Formannen i partiet, Siv Jensen, sa til Bergens Tidende 26. mars: «- Dette er et verdensomspennede idrettsarrangement, og det er etter mitt skjønn en uting å blande idrett sammen med politikk! Utbasunerer Siv Jensen. Istedenfor boikott ønsker hun at Norge skal satse på dialog og samtidig legge diplomatisk press på Kina. – Frp er i hvert fall av den oppfatning at vi overfor denne type regimer oppnår mest gjennom åpenhet og dialog, sier hun.»

Nokre dagar seinare snur Siv Jensen 180 grader: «- Det foregår ting i Kina og i Tibet som er helt uholdbare. Og selvsagt må et arrangement som OL brukes som en mulighet til å utøve press.» (5. april NTB)

At den kritikkverdige menneskerettssituasjonen i Kina generelt, og i Tibet spesielt, har blitt politisk løfta både internasjonalt og nasjonalt er bra. Men eg meinar at ein einsidig boikott av opningsseremonien i OL ikkje vil vera eit godt verkemiddel for å styrkja menneskerettane i landet.

Dalai Lama, tibetanarane sin åndelege leiar, har uttrykt motstand mot boikott. Me registrer òg at Ina Tin, nestleiar i Amnesty Noreg, i Klassekampen 8. april meiner at «debatten om OL-boikott eller ikke er en avsporing i arbeidet for å fremme menneskerettigheter i Kina.» At ikkje alle politikarar har like sterk tru på systematisk press gjennom dialog, er ikkje overraskande. Men det er svært overraskande at dei fremste leiarane for opposisjonen står fram som vêrhanar i ei så sentral utanrikspolitisk sak.