Populistisk raptus

Fremskrittspartiet er ei høgrepopulistisk rørsle for folk flest i verdas rikaste oljeland. Men populisme på norsk begynte som ein ideologisk prøvepakke til venstre.

RETNINGSLØS: Da populismebegrepet kom tilbake i norsk politikk rundt valget i 1989, var det ikke bare Frps Carl I. Hagen det ble brukt om, skriver artikkelforfatteren. Foto: Odd Wentzel.
RETNINGSLØS: Da populismebegrepet kom tilbake i norsk politikk rundt valget i 1989, var det ikke bare Frps Carl I. Hagen det ble brukt om, skriver artikkelforfatteren. Foto: Odd Wentzel.Vis mer

SØNDAGSKOMMENTAREN: Populisme kom inn i norsk politikk og debatt på slutten av 1960-talet som systemkritisk opposisjon mot det vekstorienterte, ekspertdominerte, sentrumsbaserte og sentraliserande etablissementet. Det blei utvikla ei ganske original blanding som trekte dei lange linene bakover til bondeopprør i norsk historie og utover i verda til økologiske samtidsideologar. Kjernebegrepa var folkelig fornuft, grasrotperspektiv, motekspertise, sentrum/periferi, desentralisering, utanomparlamentarisk aktivitet og direkte aksjonar. Fienden var prognosemakeri, vaneframsteg og den konvensjonelle visdoms ukritiske tru på utviklingas uavvendelige nødvendighet.

Ottar Brox introduserte populisme-begrepet i 1966 i boka «Hva skjer i Nord-Norge?» Der brukte han populistisk som motsats til ei teknokratisk tenkt og styrt samfunnsutvikling. Han såg samfunnet som ein sum av hushald og lokalsamfunn, ikkje som enkeltståande aktørar og ei samling av bedrifter, bransjar og sektorar.

Den svensk-amerikanske professoren Georg Borgström var norsk populismes andre guru. Han leverte ein stri straum av bøker, artiklar og radioforedrag som mante fram dommedagstrugsmål dersom det ikkje blei gjort noe drastisk for å møta dei akutte, globale problema med befolkningseksplosjon, ressursmangel og hungerkrise. Klokka var alt fem over tolv, og det måtte få konsekvensar for den rike verdas økonomi, levemåte og matvareproduksjon.

Hartvig Sætras «Populismen i norsk sosialisme» (1971) var eit biologisk fagtungt og sterkt polemisk bidrag som blei ein slags huspostill for populistane. Sætra kombinerte Borgström og Brox ved å setta den økologisk baserte vekstkritikken inn ein norsk historisk samanheng med vekt på motsetnaden mellom sentrum og periferi. Han brukte Arbeiderpartiets gamle slagord «By og land — hand i hand» mot etterkrigs-DNA som hadde forveksla klasselinja og den urbane linja og ikkje lenger representerte «arbeidsfolket i populistisk forstand». Sætra var sosialist og døypte den andre utgåva av boka til «Den økopolitiske sosialismen», men han var meget kritisk til marxismens teknologiske optimisme og manglande sans for begrensa naturressursar.

Den populistiske rørsla var laus og vid. Rundt EF-striden i 1972 trekte ho til seg anti-kapitalistiske og mørkegrøne element i SF og sentrumspartia sine ungdomsorganisasjonar til politiske teori-verkstader, ideologisk gerilja og utanomparlamentarisk aksjonisme. Tyngdepunktet var Populistiske arbeidsgrupper (PAG) i Bergen med kristensosialisten Audgunn Oltedal som gudmor og den nåtidige Senterparti-ideologen Nils Aarsæther i Tromsø som uthaldande organisator. Filosofane Jon Hellesnes, Gunnar Skirbekk og Sigmund Kvaløy var mellom premissleverandørane. På Stortinget sat Arne Kielland for Arbeiderpartiet og var populist, mens Bjørn Unneberg frå Senterpartiet kalla sin variant «grønn sosialisme for utkantproletarer».

Den verdikonservative Tore Lindbekk var ikkje med på laget, men han meinte i bokform at det var nødvendig å ta opp «den populistiske utfordring». Han roste Hartvig Sætra som politisk tenker og meinte at populistane hadde fornya debatten om ressursar, lokalsamfunn og distriktspolitikk: «Deres budskap er sympatisk, men virkelighetsfjernt». Stalinistane i Rød Front var meir avvisande: «Sætra er en moderne maskinstormer. Populismen er og blir småborgerlig. De fører fram en politikk som monopolkapitalen gnir seg i hendene over». Per Kleppe på Arbeiderpartiets tenkeloft såg seg også beføya til å skriva ein artikkel i Syn og Segn om korfor han ikkje var populist, men han ville likevel ha ein bit av kaka: «Som politisk meiningsretning synest populismen å bli ei konservativ blindgate, medan mange av dei populistiske ideane held fram med å utviklast innanfor andre politiske idéretningar».

Per Kleppe fekk rett. Noen element frå den populistiske raptusen gjekk over i den grøne bølgen og forsvann inn i allment faglig og politisk tankegods. Andre deler av det populistiske røyndomsbildet fordufta då den oljefinansierte velferdsutbygginga omforma norske utkantdistrikt utover på 70-talet. Den norske populismen var ein ideologisk prøvepakke som gjekk i oppløysning som alternativ før den blei pakka ferdig. Då Hartvig Sætra i 1990 oppdaterte ideane sine i boka «Jamvektsamfunnet», hadde han gitt opp populisme-begrepet fordi det «er sterkt forkludra i moderne tid». Då hadde det flytta frå venstre til høgre på den politiske skalaen.

Då Anders Lange trylla fram sitt Sagaparti i 1973, var altså merkelappen «populisme» opptatt. Den kom rekande tilbake i norsk politisk debatt på ei internasjonal fjøl rundt Stortingsvalet i 1989. Då blei det brukt som felles skjellsord om SV-leiaren Erik Solheims og Carl I. Hagens medievennlige og høgprofilerte sakspolitikk. Populisme sto i offentlig polemikk for det lettvinte motstykket til ansvarlig politikk, som simpelt folkefrieri, som destillering og foredling av folkedjupets kjelder til ein politisk kvakksalvardrikk som lova rask lindring av alle plager. Etter kvart blei det ein karakteristikk av summen av hagensk retorikk, hedstrømsk innvandringspolitikk, alvheimsk helsepolitikk, sandbergsk kriminalpolitikk, hoksrudsk bompolitikk og jensensk budsjettpolitikk. Pluss snik-Frp-iserte trekk ved andre partis politikk.

Fremskrittspartiet har aldri brukt «populisme» som merkelapp på seg sjøl. Men mange i partiet har tatt det som eit heidersord for direkte formidla protest frå folk flest, som motstykke til kontorstyre, elitekultur og statspaternalisme, men også til den kjølige og dogmatiske liberalismen som ville bevega verden med Ayn Rand som profet, og ho var så visst ingen populist.

Innvandring var fram til 1987 inga sentral sak for Fremskrittspartiet. Sjøl om det pipla fram framandfrykt i revnene, har partiet aldri vore rasistisk — slik grunnleggaren og apartheid-vennen Anders Lange hadde hang til. Men Carl I. Hagen var så dyktig til å dobbelkommunisera at alle som hyste slike kjensler, visste at dei kunne stola på Fremskrittspartiet.

Ein fransk journalist som intervjua partieigaren ved årtusenskiftet, trudde ho ville finna ein norsk variant av den høgre-radikale Le Pens temmelig utilslørte rasisme og østerrikske Haiders brunskimmer. Ho blei svært overraska, for då ho møtte Europas mest seigliva og vellykka populistiske politikar, var han etter kontinental målestokk ein slags mainstream sentrumspolitikar, ein avart av nordisk sosialdemokrati med anstrøk av etatistisk gaullisme.

Fremskrittspartiet er høgrepopulisme på norsk oljegrunn. Nå mobiliserer dei UD og Erna Solberg til nasjonalt forsvar mot utanlandske medier, med Frank Aarebrot som linjemann. På same grunnlag som då den partikularistiske lokalavisa i Flekkefjord skreiv om noen rufsete innflyttarar: «De er riktig nok hippier, men de er våre hippier».

Den politiske avstanden er stor i sak mellom den grøne venstrepopulismen frå tidlig 70-tall og dagens framskrittspopulisme. Men det er også klare konvergenspunkt mellom populistiske straumdrag til høgre og venstre, i trua på den folkelige fornuften og mistrua til elite, byråkrati og sentrale styresmakter. Den politiske skalaen har ofte form av ein sirkel som omringar det ansvarlige, litt blasse og konsensussøkande sentrum.