Porno-frislepp eller pr-stunt

I ein artikkel

torsdag 25. mars ymtar Dagbladet, med god hjelp frå tidlegare direktør i Statens filmtilsyn Tom Løland, om at eg eller departementet har instruert Filmtilsynet til å omgjera sitt «vedtak» om frislepp av alle tidlegare forbodne filmar.

Først og fremst: korkje eg eller andre i den politiske leiinga har hatt noko møte med den tidlegare direktøren eller har instruert Filmtilsynet i å justera sensurpraksisen sin. At den franske filmen «Baise-moi» er blitt tillaten for framsyning på kino, og at dette vedtaket er blitt ståande, bør vera det beste beviset på dette. Eg har tiltru til at tilsynet gjer den jobben dei er sette til å gjera med utgangspunkt i gjeldande reglar og brei fagkompetanse på området.

Bakgrunnen for oppslaget i Dagbladet er ei pressemelding som Statens filmtilsyn etter eige utsegn har utarbeidd for å gje ei naudsynt avklaring etter mykje forvirra presseomtale av det såkalla «frisleppet» av forbodne filmar. Dagbladet kallar denne oppklarande meldinga for eit «omgjeringsvedtak», noko som i seg sjølv er temmeleg meiningslaust.

Det såkalla «frisleppet» var eit PR-stunt i samband med Filmtilsynets 90-årsjubileum i fjor haust. Noko reell oppheving av tidlegare forbodsvedtak var dette aldri. I høgda kunne det sjåast som ei slags programerklæring frå Filmtilsynet om at på grunn av samfunnsutviklinga vil tidlegare forbodsvedtak normalt ikkje bli opprettheldt ved ei eventuell ny vurdering av filmane. Dersom det hadde vore meint som eit opphevingsvedtak, ville det truleg vore i strid med både alminneleg forvaltningsrett og med den filmlova som tilsynet er sett til å forvalte. Lova slår fast at «Statens filmtilsyn må ikkje godkjenne for framsyning i næring bilete som tilsynet meiner krenkjer sømd eller strir mot straffelova § 382». I dette ligg at tilsynet faktisk må foreta ei ny vurdering av desse filmane, noko det ikkje har gjort.

Skal eg vera

forsiktig, kan eg kalla dette for ein storm i eit vannglas. Dagbladet er truleg nøgd så lenge dei kan publisera ein artikkel over to sider med bilete av meg og ordet «porno» i overskrifta. Her får dei ein ny sjanse.