Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

POT og «mappebarna»

Kor mange nyfødte barn fekk - instruksstridig - eigne dokument i overvakingspolitiet sine glansdagar?

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

3. september 1980 var ein av dei store dagane i mitt liv. Då vart det første barnet vårt født. I pur glede rykka vi inn ein notis i Dagbladets «Født»-spalte: - Ei stor, lita jente! Underteikna dei stolte foreldra.

Åra går og unga veks, og jenta har vorte 21 år og student. Då dukka kopi av Dagbladets notis uventa opp. Eg har fått «mappa mi», der notisen er bokført som «dokument nr. 16».

Barnefaren, står det maskinskrive på dokumentet, «er identisk med Alf Skjeseth, journ. i Klassekampen». Personnummeret er med, og navnet på kona mi, fødselsdatoen hennar og adressa vår - rett nok med galt postnummer.

Ein treng fantasi for å sjå for seg korleis tenestemennene i overvakingspolitiet jobba når slike avisnotiser vart lagt inn i register. Hadde dei eigne tilsette som sat og sjekka fødselsspalter i landets aviser mot sine register over skumle personar, og kryssa av med håse gledesrop før dei gjekk til lunsj og fortalte arbeidskameratane kor mange «mappebarn» dei hadde funne på føremiddagen?

Kva skulle slik informasjon nyttast til? Kven hadde bestemt at slik informasjon skulle registrerast, og med kva slags grunngjeving? Var det vanleg praksis i etaten å opne nye register på avkom etter personane som var under overvaking? Kor mange nyfødte barn fekk eigne dokument i POT sine glansdagar?

Det heile er så sprøtt at ein kan ikkje anna enn flire av det i dag. Men vi merkar i familien at fliren er litt stiv i munnvikene. «Kafka» har vorte eit uttrykk for noko ugjennomtrengeleg og vanvittig. Dette dokumentet i mappa kjennest temmeleg Kafka.

Tre år seinare fekk jenta ein veslebror, som også vart feira i Dagbladet. Men noko skjedde tidleg på 1980-talet. Hans fødsel fekk - så vidt vi veit - passere utan at det vart registrert på politihuset.

Men det er anna av interesse i mappa, som tidsbilete frå ein etat som gjennom etterkrigstida og fram til Lund-kommisjonen må ha mista all kontakt med den verkelege verda og også med sine føresette - styresmaktene.

Dette er ein rapport frå ein av dei mange småfiskane i POT-garnet, som ikkje har fått livet øydelagt. Som ikkje vil søke erstatning. Som er i ein heilt annan klasse enn overgrepa Knut Løfsnes og familien hans og ein del NKP-veteranar har vore utsette for. Som ikkje kan måle seg med mappene til ein Reidar T. Larsen eller Johan Galtung, eller for den saks skuld Pål Steigan - som ikkje har fått sjå eit einaste dokument etter 1977 (!).

Fødselsnotisen var nest siste dokument i brevet frå innsynsutvalet, som etter søknad sende til saman 17 dokument frå overvakingspolitiets arkiv i tidsrommet 1975- 1980. Det siste var frå ei fullstendig oversikt frå oktober 1980 over kven som var redaksjonelle medarbeidarar i Klassekampen det året, og kva dei arbeidde med.

Sjøl hadde eg fordrive tida med «All round reportasjer (Alta, rep. utlandet etc.), vaktleder i redaksjonen», står det. Og då stemmer det nok. Alle andre namn er fjerna, men det går fram at POT «over en lengre periode» hadde registrert 26 namn som «faste reportere» i Klassekampen, og at det totalt var meir enn 40 medarbeidarar. Hadde det endå vore så vel.

Det er på bakgrunn av slike funn og Lund-kommisjonens dokumentasjon ei gåte for meg at Klassekampen som bedrift ikkje skulle ha rett til samla innsyn i den ulovlege overvakinga av avisa gjennom fleire år.

Vi må hugse kva slags instruks styresmaktene hadde pålagt kommunist- og spionjegarane å arbeide etter. Det skjedde eit tidsskille i den politiske overvakinga 25. november 1977. Då vart det instruksfesta «at det ikke kunne innhentes og registreres opplysninger alene på grunnlag av medlemskap i politisk organisasjon eller virksomhet», som det heiter i innsynsutvalets følgebrev.

Denne instruksen kom på eit tidspunkt då ml-rørsla var på sitt mest aktivistiske, noko som utløyste sterke spenningar i fagrørsla, på lærestadene, i kulturlivet og ymse organisasjonar. Den kom etter meir enn 40 år med systematisk overvaking av NKP, og etterkvart også av dei mest radikale kreftene i SF og SV.

I mappa mi er det 8 dokument frå før 25. november 1977, og 9 dokument registrert etter denne datoen. Om desse heiter det i innsynsutvalets brev at dei er registrert i overvakingspolitiets arkiv og register «uten at registreringen av opplysningene hadde hjemmel i gjeldende instruks».

Det betyr at registreringa av jentungens fødsel, kartlegginga av Klassekampens redaksjon og fleire dokumenterte døme på avlytting av mi journalistiske verksemd var instruksstridig. Det er alltids noko.

Men samstundes må ein forstå innsynsutvalget slik at dei 8 dokumenta før 25.11.1977 hadde dekning i instruks og regelverk. Det var altså heilt i sin orden å registrere heile min militærnektarkorrespondanse, og før ein viss dato var det altså greit at politiet avlytta og overvaka Klassekampens redaksjon og registrerte dei mest banale saker i sitt arkiv.

Og det var tydelegvis i tråd med instruksen at Overvåkingssentralen i november 1975, då eg var 23 år, oppretta eit eige dokument for å registrere adressa på eit kollektiv eg tidlegare hadde budd i på Ski. «Dette var et aktivt venstreekstremt miljø», heiter det - og som dokumentasjon blir det nemnt at eg var medlem av Vennskapssambandet Norge- Kina, aktiv i Studentmållaget og fast abonnent på Klassekampen!

Eg og fleire mappesøkjarar med meg kjenner ei blanding av krenking over Sipos invasjon i våre liv - og undring over kor talentlaust og halvhjerta jobben faktisk vart gjort.

I notatet frå hausten 1975 står det om Skjeseth at han er «journalist, antakelig i Dagbladet». Dette vitnar om eit skarpsyn av dei sjeldne, ettersom eg på den tida hadde vore fast kvelds- og sommarvikar i Dagbladet i nesten tre år og hadde skrive hundrevis av signerte saker.

Dei to organisasjonane som skulle dokumentere det venstreekstreme miljøet i kollektivet, var berre ein brøkdel av mitt organiserte engasjement på dei tider. Eg har spesiell glede av at Studentmållaget vart framheva som bevismateriale for venstreekstremismen. Og adressa til det fråflytta kollektivet på Ski vart altså notert i november - fleire månader etter at nett dei same ekstremistane hadde flytta saman i nytt kollektiv i tjukkaste Groruddalen.

Fram til slutten av 1970-talet nytta vi dekknamn i Klassekampens redaksjon. Mappa mi stadfestar det gamle ord om at også dei paranoide kan vera forfølgde.

Det framgår at POT hadde eit svare strev med å identifisere ein viss «Ivar Gjerde» som huserte i redaksjonen midt på 1970-talet. I fleire dokument frå 1977 meiner POT å vite at eg var identisk med kamerat Gjerde, og det gjekk ein livleg korrespondanse i etaten om dette mysterium.

For å gje POT eit problem mindre å bale med, kan eg no - etter nesten 24 år - avsløre at Ivar Gjerde ikkje var nokon person. Det var adressaten for dei store mengder opprørske aviser og tidsskrift som kom til redaksjonen fra alle verdas kantar, og som vår internasjonale redaksjon og Tron Øgrim fråtsa i.

Det er neppe tilfeldig at siste dokumentet i mappa er frå hausten 1980. På desse tider tok POT i seinaste laget til å interessere seg for høgreekstremistiske miljø, som i motsetning til venstresida faktisk nytta brutal vald ved ei rekke høve. Hadelands-drapa vinteren 1981 vart eit vendepunkt, og vi til venstre kunne snakke i telefonen, få ungar og møte kompisar på byen utan å få det registrert av overvakingspolitiet.

Dei som i etterkrigstida har vore mest massivt overvaka og trakassert av politiet for sine meiningars skuld, har krav på erstatning og oppreisning. For tusenvis av oss andre ville det - som Johan Galtung har sagt - hjelpt med ei orsaking. Frå ein etat som presterte å tolke nederlaget i Stein Viksveen-saka som ein siger, er det neppe noko godt i vente. Men kva seier justisminister Odd Einar Dørum?

Hele Norges coronakart