Preik og praksis

NORSKE NIÅRINGAR

veg over tre kilo meir i dag enn på 1970-talet, fortel Dagbladet.

Dessutan: Ein av fem nordmenn slit med muskel- og skjelettplager, noko som er ei av hovudårsakene til høgt sjukefråvær.

Årsakene til helseplagene er mange. Men det er sikker kunnskap at eit viktig verkemiddel i kampen mot livsstilsjukdomar er meir fysisk aktivitet. Dette handlar også om å hindre nye klasseskilje basert på helse og livsstil.

Dagblad-kjelder i regjeringskvartalet hevdar at tiltak er på gang. Sanninga er at styresmaktene har vore altfor passive. Det har rett nok ikkje mangla på verbal satsing. Det såg vi då folkehelsemeldinga Resept for et sunnere liv blei lagt fram i 2003. Historia om folkehelsemeldinga og innstillinga frå Kvalitetsutvalet viser kor lågt prioritert førebygging er.

Kvalitetsutvalet skulle vurdere innhaldet i grunnskule og vidaregåande opplæring. Her blei det understreka kor nødvendig det var å styrke skulen si rolle for å innarbeide gode vanar for fysisk aktivitet og helse. Det blei framheva som heilt nødvendig å satse, og det blei foreslått minst ein times fysisk aktivitet pr dag. Dette fekk stor støtte i høyringsrunden. Så gjekk vegen vidare til Utdanningsdepartementet og ei Stortingsmelding. Her blei dei heilt nødvendige tiltaka reduserte til forslag om at «det bør legges til rette for» økt fysisk aktivitet. Og etter behandlinga i Stortinget sit ein att med ei vag oppfordring om fysisk aktivitet «innenfor gjeldende rammer», men utan bindande vedtak eller nye ressursar.

SAMTIDIG MED DETTE

mageplasket sit altså Helsedepartementet og snikrar på ein handlingsplan for «Økt fysisk aktivitet i befolkningen.» Det er ikkje nye brosjyrar og gode ønske som trengst.

Skal vi snu tendensen, endre ei samfunnsutvikling, må det satsast i skulen. Men det må gjerast offensivt.

Det er langt frå preik til praksis.